lørdag 22. september 2012

Har butler for kvelden..........:=)

Jomfru Knutsen har ein liten tendens til å skal leike husmor på dei raraste tidspunkta. Vel, rar og rar......
Då eg var student, vaska eg alltid alle rom kvar torsdag. Eg hadde ei formeining om at eg ikkje klarte å ta helg dersom eg visste at det var ting som måtte gjerast "heime". Ergo kunne eg slappe av og ta helg rett etter skuletid kvar fredag og akkurat det føltes veldig godt!!
Med andre ord betyr det eigentleg at eg ikkje syns at ein skal bruke helgene til slikt. Helg skal vere kos.

No er det no eingong slik at eg trur på nissen, så eg kunne ikkje i min villaste fantasi sjå at dette nokon gong skulle kome til å endre seg. Eg såg då vel vitterleg ikkje for meg at eg i framtida skulle gjere nett det.
Eg rota aldri sjølv så det var liksom ikkje noko problem å bruke helgene til å berre gjere ting ein hadde lyst til.
Så når eg skriv "dei raraste tidspunkta", så er det i mitt hovud det same som ein laurdagskveld (til dømes).

No har ikkje eg brukt heile ettermiddagen og kvelden på å vaske. Neida........ Men eg kjeda meg og då må ein jo finne på noko. Det er farleg å kjede seg for mykje!! Så då heiv eg meg i bakinga. Ein kan aldri få nok brød, så det var jo sånn sett ein god idè. Hadde det no berre stoppa med det. Plutseleg fekk ein så lyst på heimlaga kjøttkaker og vips så låg der hundre kjøttkaker og smilte så fint foran meg.
I og med at ein først var i gong med å "spolere" siste halvdelen av laurdagen, var det berre å fortsette. Slikt blir det kaker av i tillegg til at ein ikkje må gløyme å fore dei andre opp så dei ikkje blir i dårleg humør av mangel på proteiner, karbohydrater, fett osv osv........ :=)
Slikt blir det rot utav!!!!

Då eg var ferdig med lystene mine for i dag , freista det veldig å spørre om ikkje det var nokon andre som kunne tenke seg til å rydde opp etter meg. Nokon andre...... Hahahahaha....... Som om det var så mange å velge mellom?!
Nei, eg stakk nok ikkje ifrå rotet. :=) 
Så no syns eg at eg har vore riktig så flink på ein laurdag og det betyr rett og slett at resten av kvelden skal rompa mi ha fast tilhaldsstad i sofaen. Med ein kropp i ca 170 graders vinkel og masse starinslys tent, ligg det vel til rette for nokre herlege og avslappande timar før kvelden er over. Deileg!!!!! Eg trur nok eg skal unne meg litt av kvart og gjett kva........... Eg har ikkje tenkt å hente ein einaste ting! Eg skal berre liggje her henslengt på sofaen og "kommandere". Motvillig eller ikkje. Eg skal sørge for at buttleren haldes i drift heile kvelden. Ingen kjære mor, her i garden!!! Thihihi.......
Det er jo trass alt laurdag. :=)

Eg trur vi kvinnfolk blir litt lettare å ha med å gjere om vi får viljen vår, så om eg ikkje får viljen min heile kvelden, skal eg berre spele sur og tverr. Hahahaha..... Det heile handlar om å vere utspekulert!!
For all del............ Ikkje røp det for den macho halvdelen av innbyggjarane, for då kan det hende vi får att med same mynt.
Eg trur eg skal byrje akkurat no........ Er jo tørst! :=)

Pakistansk minister lover dusør til den som tar livet av filmskaperen. Jeeeezes.......og ein minister av alle ting. At enkelte folk i denne verda ikkje er riktig klok, er no greit. Det er ikkje akkurat noko nytt. Likevel, at ein av desse til og med kan kallast for minister??! Det er jo galskap!!
Ikkje kan eg skjønne at ein offentleg person som oppfordrar til drap kan få fortsette i stillinga si.
Eg støttar religionsfridom. Alle har rett til å tru det dei sjølv vil, men no må verkeleg visse religiøse retningar ta inn over seg at om dei ikkje sluttar med å ty til vald kvar gong nokon ikkje oppfører seg akkurat slik dei ønsker, så vil det ende med krig og forderving. Skrekk og gru!!
Skal det bli slik at dei skal presse religionen sin ned over heile verda som den einaste rette religion?? Det virker for meg som om at det er det dei prøver på. Alt anna betyr nada.......
Jaja....... Ein skulle likevel tru at ein minister var såpass smart at han skjønna forskjell på rett og galt?!

Snakk om å vere desperat!! Hellas....... Eit land i krise! Statskassa er tom og sånn eigentleg er det litt "risky" å reise dit no. Greit nok at turistnæringa er meir skjerma frå ting enn andre, men plutseleg kan det vere slik at du har kjøpt katta i sekken om du bestiller deg reise dit framover.
Dei fleste har vore kjempeheldige, til no. Likvel, krisa der nede ligg rett rundt hjørnet og lurar.
Situasjonen er faktisk så ille at dei har tatt i bruk desperate metodar for å få inn pengar.
I og med at statskassa er tom, har dei satt ned ein komitè som skal granske historien ned til punkt og prikke. Kva dei skal finne?? Tja, det er nok å nemne Hitler!!
Komitèen skal gjere det beste dei kan for å finne ut om det fins ein sjanse i havet for at Hitler gjorde noko med Hellas under andre verdskrig som dei no kan kreve erstatning for.
Her har dei liksom levd i fred og fordragelegheit i all denne tida. No skal dei byrje å grave i skit og gamal historie for å berge seg sjølv.
Det er ikkje dagens Tyskland som er skuld i at det går så dårleg med Hellas. Eg skjønner dei treng pengar, men metodane er vel ikkje akkurat av dei beste.
Har dei noko uoppgjort med Tyskland, burde dei ha tatt tak i det tidlegare eller på bakgrunn av at ting dei før ikkje har visst om plutseleg har sett dagens lys, utan at dei i desperasjonen har gjort sitt ytterste for å finne noko.
Milliardar frå Tyskland vil sikkert hjelpe på, men eg vil tru at "vennskapet" mellomdei to landa vil bli meir ampert om dei fortset med det dei gjer.
Jaja............

Denne raketten holdes feil vei..... AU!!!! Treng eg å seie kor raketten er plassert Ja, du tippar nok heilt rett!! Rett foran "pesseluren", MED flammene i enden lengst unna. Ergo............denne raketten vil gjere vondt for ein viss kar!! Hahahahahahaha............... :=)  Kanskje han var ein pessknyting??
(Sorry.........Ikkje noko å flire av, men eg klarar rett og slett ikkje å la vere).

Jomfru Knutsen har no fått servert jordbærdram og popcorn i tillegg til at ho "hutsitutsi" plutseleg troppa opp på døra. Slikt blir det fliring av. Jordbærdram i kvar sin ende av sofaen. Stakkars mann som blir nøydd til å sitje å høyre på oss!! Viss han ikkje rømmer huset då... :=)

Så ha ein fortsatt fin laurdagskveld!!

Hasta mañana!!

IWALY!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar