søndag 30. september 2012

Joda............:=)

En av tre tror de har fyllekjørt. Jaha?? Er det slik det fungerer? At ein ikkje veit om ein har fyllekøyrt eller ikkje?
Eg vil tru at dersom ein har køyrt i fylla og ikkje hugser det, må ein ha vore stupfull!!
Samtidig kan ein ikkje gå rundt å lure på om ein har køyrt bil kvelden før, kvar gong ein har vore berusa.
Ein av tre........... Det var eit høgt tal!! Rart at ikkje fleire har skada seg då.
Ei rar verd vi lev i når så mange TRUR at dei har fyllekøyrt. (Hmmmm.......lurar på om eg er ein av dei tre??) :=)

Barberer jeg håret, er jeg i dyp trøbbel. Ben Adams har djup utringing når han danser i "Skal vi danse". Dei fleste andre menna som har dansa tidlegare, har alle sørga for å få barbert brystkassa si før dei entrar scenen foran heile Noreg.
Ben Adamns gjer ikkje det!!

Så spørs det kva trøbbel det er han snakkar om........ Det er berre hans eiga ego som får seg ein knekk. Eg vil tru han syns det vil bli for femi!! Eg veit ikkje...... Eg såg biletet av overkroppen hans frå laurdagens show. Kanskje han ikkje skal klamre seg så hardt til det maskuline.......... Han har jo ein flott kropp, så ei hårfri brystkasse blir ikkje så femi i og med at han har flotte musklar.
(Eg er IKKJE imot hår på brystet, berre så det er sagt!! Det er berre det at skal du danse i klede som har djup utringing, er det ikkje så flott med så kjempemasse hår som i løpet av dansen blir supersveitt og slepp ifrå seg svære dråpar med veske...)

Advarsel til kåte damer. Eg opna linken og får opp ein heil masse om B-vitamin. Om at ein ikkje blir noko meir vakker om ein tar B-vitamin og at dei aller fleste ikkje treng å ta dette tilskotet. Svarten også!!! Eg som held på å ete meg i hel på B-vitamin av di eg trudde eg kom til å bli så vakker!!!! .........Hahahahaha............

Etter å ha lese det meste som stod der, kan eg ikkje hugse at det stod noko advarsel om til dei kvinnfolka som er gra. Så her står verkeleg overskrifta til teksten! Bra!!! Jau, jau......... Eg er spent på kva eg får opp når eg trykker på saka rett under denne. Berre sjekk overskrifta......

Gladnyhet til menn med liten penis!! Tja, viss det er like god journalistikk som det rett over her, så vil eg påstå at eg er spent kva som eigentleg står der.

Berre jåss heile greia!! Beklager, men om et var nokre håpefulle menn som no venta i spaning på kva "svar" som skulle dukke opp, så må eg diverre skuffe. Det er inga hjelp å få her.
Litt teit at det ikkje er filtrering for kva ein kan leggje ut på nett eller ikkje.  Jaja......

Nei, jomfru Knutsen skal løfte den late ræva si ut av sofaen, i alle fall sånn nesten no. Det er vel ikkje så sunt for kropp og sjel..........
Forhåpentleg vis vil visarane gå litt raskare etter kvart. Det er berre akkurat no at dei også er litt sirompa!! (For det er det eg føler med som no....... Må definitivt gjere noko med det!)

Ellers så har eg fått eit aldeles flott kort hos sonen min der han avsluttar det heile med "Klem fra hjertet ditt." Sukk.......... Trur han kan gjere mykje ugagn i dag for det kortet. Eit mamma-hjarte smelta i alle høve. Verdas skjønnaste!!.......<3 p="p">
Ha ein fortsatt fin sundag!! Det kan knapt kallast kveld enno, så det er enno mange timar å ta av.

Hasta luego!! :=)

IWALY!!.......


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar