mandag 1. oktober 2012

Knutsen må lære seg meir om bil.

Eg forstår lite eller ingenting. Det er ikkje ei overskrift frå noko avis. Det er meg sjølv eg snakkar om........ Så spørs det. Kva er det eg ikkje skjønner meg på??
Vel, det er nok mange ting, men akkurat denne gongen handlar det om dieselbilar.
No skal det seiast at eg er heilt grøn når det kjem til bilar. Då meiner eg totalt "grøn"!!! Eg trur faktisk sonen min på åtte kan meir enn meg.
(Eg kan handtere ein bil, men veit ikkje forskjell på ein Subaru eller Volvo for å ta eit eksempel.)

Dielselbilar....... Joda, eg veit at diesel er drivstoff og at det ikkje er heilt det same som vanleg bensin. Eg veit også at det er alt anna enn bra om ein tar feil på bensinstasjonen og fyller det eine i stadenfor det andre.
Så stoppar det opp for meg!

Vi har dieselbil! Før vi kjøpte bilen, var det mykje i media om at det var så bra med diesel og at dieselbilar var meir miljøvenlege enn vanlege bensinbilar. I tillegg skulle prisen pr liter diesel vere billigare enn tilsvarande i bensin.
Det siste har vore ganske varierande, men dieselen har vel for det meste vore litt rimelegare enn bensinen(?).

Så var det den biten som eg no ikkje skjønner. I Vg (på nettet) er det i dag ein artikkel med denne overskrifta: Vil innføre gebyr for dieselbiler. Med dei tankane eg har skrive om lenger opp på sida her i bakhovudet, tenkte eg at dette må eg sjekke ut. Kva er det no dei skal ta betalt for?
Eg opna saka og fekk sjølvsagt svar på kva det dreiar seg om. Likevel........Eg får ikkje svar på det eg lurar mest på!

Statens vegvesen vil innføre gebyr på dieselbilar i dei største byane. (Oslo, Trondheim og Bergen). I Oslo er dei allereie komen så langt at samferdselsbyrået har tala om å innføre innkøyringsforbud for dieselbilar i Oslo.
Med enkle ord må det bety at det er kun bensinbilar som får lov til å køyre rundt i hovudstaden vår. (Dersom dei får viljen sin, vel å merke).
Dette er noko denne mindre oppvakte jomfrua ikkje kan fatte!! Jomfru Knutsen vil nok aldri kunne kalle seg oppvakt når det kjem til bilar, men det har ho innforstått seg med for mange år sidan.
Var det ikkje slik at for få år sidan så gjekk folk "mann av garde" for å få seg dieselbilar? Var det ikkje nettopp av di dei blei anbefalt å gjere det av miljømessige hensyn?? Var ikkje det med prisføremonen på dieseldrivstoffet nettopp eit ledd i det å få fleire til å køyre dieselbilar av hensyn til miljøet?

Eg må ha gått glipp av noko vesentleg på vegen!! I stor grad....... Det må eg jo sidan det er dieselbilane dei no skal til livs?!

I utgongspunktet betyr dette at om eg har tenkt meg til Oslo, bør eg la bilen stå att heime!! Tåpeleg............spør du meg! (Med mindre ein eller annan bil-guru er så smart at "han" kan gje meg eit fornuftig svar på dette. Kanskje eg då kan klare å sjå samanhengen mellom kor lurt det var å investere i dieselbil for så å eigentleg føle at ein berre er blitt lurt).

Ha ein fortsatt fin kveld! Sannsynlegvis sparar du miljøet for utslepp dei neste timane når du sover søtt i senga di. Har du bensinbil, kan du i alle høve sove godt med godt samvit! Då har du statens velsignelse!! :=)

Hasta mañana!!

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar