onsdag 3. oktober 2012

Heilt normalt........

Denne unge frøkena har akkurat vore ute og trimma!! Ein kveld der det er håplaust å samle tankane, noko som burde tilseie at ein trimtur kan vere fornuftig. Ikkje det at hovudet blei så mykje meir klokt av det, men det var no i alle høve deileg med luft.
Ingen elgar eller andre kryp var ute for å skremme denne knetta (det vil vel aller helst seie at det er vel ikkje så lett å sjå om dei er der eller ikkje). Stjerneklar himmel lyste fint opp så det ikkje var så altfor mørkt.

Tollere fant flere hundre giftige edderkopper i koffert. Eg håper dei som fann dei ikkje har araknofobi!!!! Det må jo berre såååååå ha vore eit hesleg syn.
Det er eit tysk par som har vore i Peru og i same slengen har "samla inn" alle desse edderkoppane i tillegg til andre insekter.
Kvar sine lyster!!!!

Passasjerer skal ha krevd mer alkohol - fly måtte nødlande.
Mann og kvinne gikk amok på SAS-fly fordi de ble nektet mer  alkohol og røyk ombord.
Desse to overskriftene er å finne i henholdsvis Vg og Dagbladet. Når eg les ordet amok, ser eg for meg litt av kvart. Amok...........
Det var eit par stykker som krangla med besetninga, noko som sjølvsagt er uakseptabelt......men eg vil påstå at det er langt mellom krangling og å gå amok!! God journalistikk??

Jesus var min Justin Bieber. Jenny drøymte om å bli nonne - endte opp i playboy.  Tja, kva skal ein seie til det, liksom?? Heilomvending............... Med tanke på kor "hysteriske" enkelte er etter Justin Bieber, vil eg tru at ho verkeleg har vore eit "Jesus-menneske". Sterk i trua, med andre ord.
Korleis ho då har klart å ende opp i playboy......?

Vil at du skal spise kaniner, insekter og eksperimentell grøt. Det er her i Noreg det er snakk om......
Det kjem aldri til å skje at eg kjem til å spise insekter!!! Ferdig med det, liksom. Kanin derimot?! Tja, no har denne tøtta allereie spist kanin. Grilla..........og det smakte faktisk godt! :=)

Det skal opnast ein gourmetrestaurant i Oslo. Noregs einaste, faktisk. Det er i denne samanhengen at dette kjem opp som tema. Insekter som maur og liknande er visst delikatesser. Jauda............ Det må dei jo berre vere, for min del, men eg blir nok ikkje deira største kunde! Har eg lyst på maur, går eg vel berre ut i skogen og skaffar meg maur. Akkurat det kjem aldri til å skje........ Så bon apetit til dei som "hærest" . Det blir ikkje eg!

Det er seint, så dette får bli alt for i kveld. Ha ein fortsatt fin kveld og ei god natt!

Hasta mañana!!

It's hard.......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar