mandag 29. oktober 2012

Fifty shades 2..........

Eg er på tur til å setje meg ned for å lese "Fifty shades" ferdig. I går hamna eg på nesten 400 sider med lesing og eg må ærleg innrømme at det var eit tidspunkt der eg berre måtte leggje boka ifrå meg og finne på noko anna å gjere!!
Med andre ord blei det ganske heftig...........sjølv for meg!

Før eg skal lese resten av boka, vil eg berre ytre meg litt om den delen eg har lese til no.

Eg kan forstå at det er veldig varierande meiningar om boka. Alt frå ekkelt og kvalmt til det å renne ned butikkar som sel "sorten". Kondomeria har vel aldri hatt så bra salg av sine produkter som etter at kvinnfolka byrja å lese denne boka.
Eg trur eg skal teie heilt stille om kva denne unge jomfrua meiner. Eg kan hinte litt og seie såpass at eg ikkje blir kvalm av det, men eg kjem ikkje til å renne ned noko butikk berre av di eg har lese denne rimeleg heftige litteraturen.

Å vere underdanig............. Eit ord eg aldri har reflektert særleg mykje over. Eg har vel heller aldri vore i situasjonar der det har vore aktuelt å diskutere nettopp det.
Etter å lese det eg har lese i går, er det enkelte definisjonar som har brent seg fast i harddisken min. Kanskje feil å kalle det for definisjonar, men i mangel på eit betre ord (hjernen er litt småtreig akkurat no.....)
Å vere underdanig, slik som Anastasia, er blitt forespurt om å vere og faktisk endar opp med å takke ja til, sjølv om ho er "pissredd" for det, er nesten som eit jobbtilbod. Rett og slett jobbtilbod! Dog utan anna betaling enn å få "komme" x-antal gonger i løpet av kort tid og forhåpentlegvis ha det bra i ei setting som faktisk kan vere brutal.
Viss nokon lurar på kva eg legg i ordet å "komme", så er det relatert til same temaet som boka, men eg prøver berre å vere litt varsom med ordbruken. Så då står vi vel at med det å "komme" i nytelsens forstand!
Vennligst ikkje kommenter det overfor meg, for det kan faktisk hende eg blir flau...........

Vel, så spørs det kvifor eg vil påstå at det er eit jobbtilbod? Tja, det er nok fleire årsaker til det, men hovudsakleg ligg det i at sex skal gjennomførast til faste tider og det følger med ein "stillingsinnstruks" som er ganske detaljert . I tillegg er det ein hard klageprosedyre.
Eg blir rett og slett sveitt her eg sit, berre ved tanken på det heile.
Ingen tvil om at gudinna i Anastasia skal fram!!

Boka handlar eigentleg om alt anna enn kjærleik. Likevel er det lett å sjå at det er nett det som er eit undertema i boka. Hovudpersonen er ikkje i stand til å elske, men likevel kan det virke som om at han forelsker seg hodestups i Anastasia. Han går på akkord med seg sjølv og trassar sine eigne reglar og det er nett av di han absolutt vil ha akkurat denne kvinna.

Eg skulle gjerne ha gjengjeve enkelte av detaljane i kontrakten ho må underskrive, men heldigvis har eg vit til å la vere................
Boka er ingen stor littertur, men forfattaren er veldig god på å få fram den blandinga av redsel og spenning som Anastasia føler. Akkurat på det området er ho megaflink.
Anastasia er så redd som det går an å bli , men ho er så forelska i han at ho slit med kva ho skal svare. Samtidig stoler ho på han og er rimeleg sikker på at han aldri vil skade ho på noko farleg måte.
Ein litt skummel tillitt med andre ord!

Når eg no skal fortsetje med boka, har ho allereie takka ja til å vere underdanigen til Grey. Ho har takka ja til å bli straffa om ho viker frå kontrakten på noko som helst måte. Det kan vere ein så liten ting som det å "himle med augene". Ein sånn liten bagatell er nok til at ho "fortener" straff!!
Det handlar rett og slett om å vere 100 % underdanig!!

Boka ligg her, rett foran augene mine, og eg motar meg opp til å opne ho. Kanskje eg startar på bok nummer 2 i morgon?? Den står nede i bokhylla mi og ventar på å bli opna. Eg kan vel ikkje la ho stå der og støve ned??
Dessutan reknar eg med at når eg blir ferdig med denne boka, vil eg vere bra nysgjerrig på korleis det går med Anastasia. Det får eg vel aldri vite om eg ikkje fullfører alle tre bøkene i triologien. Sjølv om det ikkje er den beste litteraturen, er den skriven på ein slik måte at ein ønsker å lese meir. Ein kan vel anta at å lese nesten 400 sider på ein og same dag vitnar om det??!!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar