mandag 19. november 2012

Ein herleg dag!! :=)

Jomfrua evnar visst å vere litt ironisk på ein måndag........ Dagen er vel ikkje fullt så herleg om ein skal vere eitt hundre prosent ærleg. Det kan den vel heller aldri bli når ein ikkje sovnar før klokka er nesten halv fem på morgonkvisten og klokka skal ringe for å vekke deg like etter sju. Jaja, så lenge ein kjem seg ut av senga og får starta dagen, så brukar den stort sett å gå seg til.
Halv fem høyrer nok til untaket!! Det ligg vel sine årsaker gøymt bak det heile............

Akkurat no sit eg her og drøymer om å dra til Københamn og "vintertivoli". Det var jo sesongopning i helga og eg veit frå andre som har vore der før at det er gøy!!
Karusellar er digg og det er sikkert stilig med vintertivoli. Shopping og tivoli!! Adrenalin..........
Vel....... No er det ein del år sidan ein var seksten år og at tivoli var så ufatteleg digg. Den tida då ein kunne ta "spykoppen" 16 gongar etter kvarandre og berre synast at det var kult. I dag derimot...... Eg trur nok ikkje iveren er like stor. Ein "lup" kanskje, men ellers er det no vel eigentleg litt greit å sjå på at dei andre testar ut "instrumenta".
At eg har lyst på ein slik tur handlar meir om opplevinga rundt det heile. Det er mange som seier at det er utroleg bra og dessutan er vel ikkje shopping i Københamn å forakte heller.

Så....... Jomfrua er stup trøytt og heller uopplagt, men klarar likevel å prestere å seie at ho vil på tivoli! Kanskje dagen blir bra likevel??

Den siste tida har eg lest bøkene om Fifty shades. Det vil seie at eg held på med bok nummer tre. Så om eit par dagar kan eg seie at eg har lest ein plass mellom 17- og 1800 sider dei siste ukene.
Ikkje eit unaturleg høgt tal, for det er sikkert dei som les mykje meir......, men livet har jo også bestått av litt meir enn lesing og det er ikkje alltid at ein kan prioritere å lese denne form for litteratur.

Sånn alt i alt, har eg eit litt anna inntrykk av "serien" no når eg har lest store delar av den. Når ein først forstår heile handlinga og bakgrunnen for den, blir den med eitt litt meir spanande. Den har også litt meir handling enn berre det "erotiske" som var i eine halvedelen av den første boka. (Alle tre bøkene kan nok klassifiserast i den kategorien, men dei to siste er litt mindre "hard").

No er det berre om å fullføre boka før ein er attende i kriminallitteraturen (som eigentleg er det eg likar best å lese).

Eg sit her og et lunsjen min. Normalt sett skriv eg aldri på dagen, men i dag fekk eg plutseleg lyst til å ta turen innom. Ikkje det at eg trur skjeva mi smakar så mykje betre av den grunn. Sanninga er vel at eg gløymer meg litt bort når eg skriv og har plutseleg fortært heile tre skjever. Det kan vel aldri vere bra??!
Jaja........Betre å proppe seg med mat enn å vere sosial når augene ser ut som dei skal dette ut og henge ed på knærne.
Nei, det er eigentleg ikkje så ille.....Det går heilt greit. Eg vil nok aller helst merke det best i ettermiddag/kveld.
No er ikkje akkurat eg den store "middagslursnikaren", men det vil vel ikkje skade med nokre minuttar på sofaen, sånn aller sanrast, etter mat. Berre det ikkje blir ein vane!! :=)

Det er november og det er snart advent. I år er eg tidleg ute! Eg har fått skifta gardinar allereie og har byrja med rundvasken. Adventskalendaren er stort sett ferdig (og akkurat det må vere rekord. Ikkje normalt til å vere meg!!) og hovudet planlegg som berre det. Så då kan det vel ikkje bli betre?

Når det gjeld adventskalendar, trur eg kanskje at vi har eit ansvar for å lære opp borna til å forstå at ein ikkje kan ønske seg kva som helst.
Det er ikkje så altfor lenge sidan min eigen gut kom heim og sa "Mamma, du veit den der pakken som skal ha tall nummer 24? Sånner der pakka som æ ska åpn kvær dag i desember..........." Joda, eg er jo fullstendig klar over dei der pakkane, ja....
"I nummer 24 må det ju vær sånn litt meire og beire enn i de ainner?!! Og då lura æ sånn på om ikkje æ kan få en sånn derrane ipad i den?? Pleeaaaaaase....!!! Då e du værdns beste!!" Dådyrauge!!!!(Som heldigvis prellar av på mora!)
Ein realistisk unge?? Neppe............. Synd for han at eg stort sett er ferdig med han og at det ikkje er noko som er i nærleiken av ein ipad eingong. :=)

September og oktober går med til å glede seg til halloween. November og desember til å glede seg til jul. Frå januar-mai går det i netelling til geburtsdag, så det er det ikkje mange månadane att der det ikkje er noko å sjå fram til. (No er vel sommarferie og slikt også eit høgdepunkt, så..........) Med andre ord må det vere lykke å vere ein liten gut i dag. Når store delar av året går med til å glede seg slik.
Eg kan ikkje hugse at eg sjølv var så oppteken av det, men så er det dog nokre år sidan no, og vi aller fleste blir vel litt "senil" med åra.
Vel....... gamle og nye tradisjonar. Tradisjonar er nok viktig. Spesielt i dagens samfunn. Eg trur nok at vi fleste kan vere einige i det?! Eit travelt samfunn bør ta seg tid til å stoppe opp innimellom.

Nei, eg skal ta skrotten min og "hive meg rundt". Håper dykk alle har ein fortreffeleg dag (i alle fall betre enn min!).
Uka er såvidt i gong. Stå på! :=)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar