torsdag 22. november 2012

"Jul i vårt hus".

Det har vore familielykke mellom mor og son her i huset i ettermiddag. Det har rett og slett vore ei hrleg stund!!
Det er visst den store bakeuka, så eg har baka både måndag, tysdag og onsdag. I dag er det torsdag og i går kveld då eg la minstemann, spurte eg han om vi skulle lage pepperkaker i dag. "JAAAAA!" Gleden var spontan og då blei det slik.
Han stod og venta på meg utanfor huset då eg kom heim frå arbeid. Han kunne nesten ikkje vente til vi skulle starte. Pepperkaker og pepperkakehus!
Vi hadde sjølvsagt gløymt å kjøpe seigemenn og nonstop, så vi måtte først ein superrask tur på butikken. I tillegg fann han ut at vi måtte jo ha konditorfarge. Det er jo litt kulare om glasuren har farge!! (Det er eg forsåvidt einig i).

Masse deig, kjevler, former i fleng og ikkje minst mel............ Ut av høtalarane ljoma "Nå har vi vaska golvet" og andre julesongar. Det er klart vi song med!
Både forklede, bord og golv var "fine" etter ei stund. Det er lykke i det også! Definitivt!!

No er det pause før huset skal lagast. Det er jo eit prosjekt for seg sjølv. På eitt eller anna vis klarar eg alltid å brenne meg når eg smeltar sukker på panna. Spørs om eg ikkje skal finne anna "lim" i år....... Sånn for å vere på den sikre sida. (Smelta sukker blir veeeeeldig varmt!!)

Ellers så har det vore kommunestyremøte i dag. Kulturskulesaka er ganske betent og sjølvsagt hadde dei ikkje nok "guts" til å fullføre saka i dag.
Som foresatt i kulturskulen, er det i mi interesse å vite at sonen min har eit kulturskuletilbod etter jul. At dei då i slutten av november har nok "is i magen" til å utsetje saka, er for meg heilt uforståeleg.

På slutten av arbeidsdagen hadde eg på radioen i bakgrunnen. Eg finn det ganske så rart at ikkje politikarane stoppa  rådmannen når han dreiv med det eg kallar for direkte politikk. Administrasjonen skal ikkje drive politikk, men det meiner eg så absolutt at var tilfelle i denne saka. Veldig uheldig!

Foreldregruppa har stått samla i denne saka og ønsker at kommunen skal ha sin eigen kulturskule. Det kan hende at foreldre frå "andre sida" vil motseie dette, men dei har på lik line med dei foresatte på denne sida fått innkalling til foreldremøte.

Vi hadde ein kulturskule som fungerte bra for nokre år sidan. På grunn av sjukdom måtte det leitast etter ei naudløysing. Svaret lå i samarbeid med nabokommune for å få avhjelpa den prekære situasjonen. No er ikkje dette behøveleg lenger.
Tysfjord er unik på så mange områder. Det er heilt klart at vi må satse på vår spesielle eigenart og spille på det lokale som eg vil påstå mange kan misunne oss.

Samarbeidet har ikkje fungert optimalt og både ansatte og foresatte har følt stor misnøye med forholda. Det er mykje som ikkje har blitt fulgt opp og sett på som viktig.
Det er sjølvsagt ikkje det politikarane skal ta hensyn til. Dei må tenke økonomi og så videre og så videre. Så må dei heller stille krav om at det som ikkje fungerer skal fungere.
Vel......... Det er enkelt å forstå det............ MEN det vil ikkje vere enkelt å forstå det når ein om få år då mest sannsynleg står utan eit kulturskuletilbod her i bygda. Då er det forseint å bite i det sure eplet!!

Det påstås at det er så mykje pengar å spare på eit samarbeid. Hmm.......... Det reknestykket kunne eg gjerne tenkt meg å sjå.
Ved eit samarbeid er sjansen nesten bortimot hundre prosent sikker for at vi mistar to skattebetalarar her. Dei som er ansatt her no, er ikkje særleg villig til å skifte arbeidsgjevar og eg vil sjå dei som flyttar hit for å overta. Vi vil nok få eit kjempeproblem.

Vestsida påstår at det er så mange kulturskuleborn på den sida og at det difor gagnar dei å ha eit samarbeid med Hamarøy. Vel, dei som blir betjent av kulturskulen der, blir betjent av dei to vi har her i tillegg til ei som faktisk bur i DENNE kommunen på vestsida. Av ein eller annan grunn er ho blitt flytta over frå Tysfjord kulturskule til Hamarøy kulturskole. Vel........Viss lojaliteten er tilstades, så ser eg ikkje problemet med at ho heller skal tilhøyre den skulen der ho bur og då samtidig dekke dei elevane ho gjer i dag. Eit veldig enkelt reknestykke og også veldig fornuftig. Samtidig vil då også denne sida av fjorden få eit dansetilbod.
Ergo vil det ikkje gå ut over ein einaste av borna her i kommunen og denne sida vil faktisk få eit betre tilbod.
Viss ikkje det er viktigare å tenke slik, ja, då veit ikkje eg.................

Hamarøy har allereie lenge før saka skulle opp til handsaming sagt opp samarbeidsavtalen. Litt umodent med tanke på at det kanskje skal vere eit samarbeid dersom kommunen her går inn for det. Forstå det den som kan.
Eg veit med andre ord ikkje om sonen min har eit tilbod etter jul. Difor syns eg det er veldig uheldig at dei ikkje kunne ta ei endeleg avgjerdsle i saka i dag.

Eg veit at det har skjedd tidlegare at enkelte har fått telefon frå administrasjonen og blitt informert om at dei har "dolka" arbeidsgjevaren sin i ryggen. Eg berre seier det. Det må ikkje skje at dei prøver det mot meg i det eg har skrive i dag. Då prøver dei seg på feil "knette".
Eg skriv ikkje som ansatt for kommunen. Eg skriv som privatperson og som foresatt i kulturskolen. Eg har på lik line med alle andre ytringsfridom.

No skulle ein vel tru at unge jomfru Knutsen var ferdig med å lire av seg for denne gong. Sorry.....Så heldig er du ikkje. Du må nok ofre eit par minuttar til. :=)

Eg har sett meg lei på all diskusjonen om kommunedeling og alt det enkelte gjer for å arbeide for dette. Eg veit med sikkerheit at det er enkeltpersonar som av ein eller annan grunn sit på så mykje makt. Makt som dei eigentleg ikkje er i besittelse av, men likevel utøver.
Eg har høyrt frå enkelte av dei som har følt seg pressa i saker. Dei tør ikkje gjere anna enn det dei blir bedt om. Dei får ikkje ha si eiga private meining.
Akkurat det syns eg er ganske skremmande!! At enkeltpersonar kan virke så skremmande at ein ikkje skal kunne ta vare på noko av det mest dyrebare vi som menneske har, nemleg ytringsfridomen og det å ha eigne meiningar.

I tillegg er det faktisk slik at det sit ein i kommunestyret som absolutt ikkje burde ha sitte der og burde kjenne si besøkelsestid.
At eg seier det, er på bakgrunn av forrige kommunestyremøte som blei avholdt på vestsida. Vedkomande trua faktisk ein av dei andre representantane. Han sa klart i frå om at han hadde eit stort ønske om å klappe til den andre vedkomande. Ein oppførsel som ikkje høyrer heime hos ein politikar som skal representere folket.
Det er nesten som at eg syns det er dumt at han faktisk ikkje gjorde det. For då ville han ha vore ferdig i politikken for alltid.

Det kan godt vere at enkelte no vil meine at eg går litt for langt i det eg skriv, men det er fullt lovleg å meine det. Eg meiner sjølv at eg ikkje har skrive noko eg ikkje kan stå for.


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar