søndag 25. november 2012

Vi har hatt overnattingsbesøk natt til i dag. Det eine tantesnusket har forært oss litt av si tid og ein stykk son har vore veldig nøgd med det!
Gårkvelden og formiddagen i dag gjekk med til sjakk, faktisk!! To åtteåringar og eit sjakkspel...... Kanskje ikkje heilt det ein ser for seg når det er snakk om slike gutar, men dei er faktisk flinke i det, begge to.

Eg hugsar godt frå då eg var yngre og budde heime hos mor mi. Vi spelte ein god del sjakk. Det er faktisk ganske gøy å spele det, men det blir liksom berre bortgløymt kvar einaste dag. Eg trur eg ikkje tar for lite i om eg seier at eg speler sjakk to gongar i året.
Det er noko eg ser for meg at eg må gjere nok med!!

Eg har styra sånn i kjellaren i ettermiddag at eg følte eg måtte ut og trekke litt frisk luft. Så då blei det slik....... Eg må verkeleg seie at det var fantastisk å gå! Ute var/er det passe temperatur og heilt stjerneklårt. Alle stjernebileta kom til sin rett.
Eg la merke til at eine stjerna i Karlsvogna var utroleg svak. (Noko eg forsåvidt har registrert lenge). Kanskje den har ein utdøyande stjerne?? Tida vil vise........
Uansett, det klåre vèret sørga for "opplyste" gater sjølv der det ikkje er gatelys.
Musikk i øyrene og berre sine eigne tankar som kunne forstyrre litt......... Håper det blir fleire slike fine kveldar.

Cupfinale!! Joda, det har jo vore finale i dag............ Ein finale eg ikkje såg sjølv med mine eigne auge, men eg rakk ikkje å kome innanfor dørstokken heime før resultatet blei forkynna til meg av to fotballgalne hankjønn. Og tru meg....... Eg var ikkje særleg "happy" for det dei kunne fortelje.
All ære til Hødd.....Det er ikkje det. Likevel syns eg det er heilt "feil" at eit førstedivisjon skal klare å danke ut fleire tippeligalag og vere det laget som skal representere Norge i Europa. (I tillegg til Molde då).
Eg unner sjølvsagt Hødd sigeren, men eg syns verkeleg at det er eit godt eksempel på kor ustabilt fotball-Noreg er.
Det er mange som seier at Glimt ikkje er gode nok for å vere i øverste divisjon. Vel, dei slo Hødd med resultatet 4-0 no i november. Så har Hødd danka ut både Brann og Tromsø?!! Fotballen er ganske tilfeldig!!
Mange seier at "cup er cup", men likevel meiner eg at eit lag har sine kvalifikasjonar uavhengig av kven dei møter. To lag som Brann og Tromsø skal IKKJE la seg slå av eit førstedivisjonslag.
No er eg berre glad for at eg ikkje såg på..............

Vil forby "babybokser" for uønskede barn. Rundt om i Europa er det fleire slike boksar og det er fleire hundre born som har blitt etterlatt på ein slik måte som desse boksane legg opp til.
Saka dreiar seg no om at desse boksane skal fjernast.
Det er vel inga tvil om at dette er ei moralsk sak ein kan diskutere opp og i mente og sannsynlegvis er det gode argumentar for både ja og nei! Synd.......men slik er det.
Kva side av det moralske ein skal synast noko om, må kvar enkelt ta stilling til, men eg meiner sjølv at det er mogleg å identifisere seg med både føremoner og ulemper i denne saka.

FN's komitè for bornerettigheiter har bedt om at saka må setjast på dagsorden. Bakgrunnen er nok at dei føler at dette er boksar som krenkar borns rettigheiter.
Når born settes bort slik som dette, hindrar det dei å kartleggje sosiale problemar rundt om. Dei vil heller tilby desse hjelp.
Ein slik boks vitnar jo om eit syn som seier at det er greit at ein berre leverer frå seg eit born for så å stikke av. Noko eg sjølv ser på som forkasteleg!!
Samtidig er det kanskje no enkelte vil prøve å motargumentere for dette. Argumentar som at det er bra med slike boksar av di dei kan redde born som kanskje ville fått eit elendig liv om boksane ikkje var der. Kanskje er det born av narkomane, prostituerte osv osv...... Ei slik liste kan føre til mange motargument.

I tillegg trur eg nok at fleire før utan medisinsk oppfølging når dei har sjansen til å levere bornet frå seg.
Paradokset i det heile er at dersom dei faktisk føder på eit sjukehus for så å forlate bornet sitt etterpå, så er det straffbart.
Om dei først har bestemt seg for å forlate bornet, vel dei sjølvsagt å fø på eigenhand av di dei ikkje vil ende opp med straff. Ergo er det ikkje berre farleg for bornet, men mora også.
Eg tvilar på at ei mor vil klare å forlate bornet sitt om ho ikkje veit det blir tatt vare på, så difor kan eg nok sjå for meg at å fjerne boksane kan vere ein føremon. (Men eg veit ikkje.......)

Boksane har nok vore med og redda fleire liv så det er nok stor usemje om det heile.
Sjølv syns eg eigentleg at det berre er trist at det er slik at enkelte born er så "uheldige" at dei må leverast frå si eiga mor. Det vitnar berre om at vi lev i ei urettferdig verd.
Born er born og alle av dei burde få lov til å ha det bra.

Hogger seg til blods. Kerbala i Irak er ein heilag by. Sundag samla det seg masse folk i nett denne byen. Årsaka var at dei ville markere sørgehøgtida Ashura. Sjiamuslimer slo seg sjølv på brystet og kutta seg med sverd og kniver som eit symbol på sorgen over Hussein sin daud i 680.
Så altså så lang tid etter, gjer dei framleis dette. Høgtider som feires av sjiamuslimar, har mange gonger vore utsatt for bombeangrep og liknande. Difor er det høg sikkerheit rundt det heile.

Det er drapet på Hussain som er bakgrunn for de konfliktane som er mellom sunni- og sjiamuslimane innanfor islam.
Som ikkje-muslim er det nok vanskeleg å forstå slike handlingar mot seg sjølv. Det har vel kanskje litt å seie kva ein blir "mata med" frå ein er liten. Religion er jo særs viktig blandt desse.

Klokka tikkar så mykje raskare enn eg ønsker ho skal gjere. Eg er liksom ikkje heilt klar for å ta kveld enno. Det er nok likevel det mest fornuftige å gjere............ Ein liten halvtime på sengekanten med ein god roman, så kjem vel augelokkane med på det laget som seier "takk for i kveld".
Ei fin helg er over. Det har blitt baka mykje. Ikkje lenge til dei sju sortane er i mål!! (Eg trur dog at enkelte av dei må ha påfylling lenge før jul.
Eg viet ikkje heilt kvifor, men denne uka har eg berre hatt så grueleg lyst til å bake. Difor har det faktisk vore bakt noko kvar einaste dag!!
No skal berre adventstida kome. Julestemningen har byrja å sige inn i jomfru Knutsen...........Herleg!

Ha ein fin kveld og sov godt når den tid kjem!

Hasta luego........:=)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar