onsdag 28. november 2012

Mutasjonsfeil hos NRK?? Hahaha....... Dårleg ordvalg!!!

NRK-lisensen...... Eg må først poengtere at eg ikkje har noko som helst imot å betale denne lisensen, men eg ser på nettet i dag at leiinga har tenkt å endre eindel av vilkåra for lisensen.
Det er nett desse endringane eg reagerer på. Endringar eg ikkje heilt ser poenget med. I alle høve ikkje i forhold til argumenta dei sjølv brukar.

Som tv-tittar får endringane absolutt ingenting å seie for meg. Det er i hovudsak tre endringar som vil la seg gjelde.
Viss ein skal ramse dei opp sånn utan forklaring til kvar enkelt endring, vil det sjå slik ut: 1) Ein månads lengre frist ved daudsfall, 2) Må ikkje gje beskjed om du gjer bort ein brukt-tv og 3)Ambisjon om e-faktura i 2013.
Du skjønnar sikkert allereie at eg ikkje lar det vere å kome med kommentar til dei enkelte.............

For å starte med den første. Forfallsdatoen endrast frå den 1.jan. til den 31.jan. Heilt greit det....... Det passar sikkert mange bra at ein slepp å betale den midt oppi jule- og nyttårsstyret. For meg speler det inga rolle.........
I følge nettet, står det at dersom nokon går bort, får dei etterlatte ein månad lengre tid på seg for å varsku om at dei ikkje lenger er lissenspliktige.
Då lurar eg verkeleg på ein ting. Er det større sjanse for at det døyr eit menneske i slutten av desember og byrjinga av januar, enn det er resten av året?
Om forfallsdatoen er den første eller den siste i månaden har vel ingen innverknad på slikt? Ikkje på sikt.......Det betyr berre ei endring for enkelte akkurat denne første gongen, men folk døyr heile året.
No blir det slik at dersom nokon døyr første februar, må ein likevel betale lisensen fram til neste forfall. Den "gamle" metoden hadde same ordninga om du døydde andre januar. Som sagt......folk døyr heile året.

Til no har det vore slik at dersom ein vel å gje bort eit brukt tv til andre, så må ein melde ifrå om dette. Eigentleg ein teit regel av di det er ikkje mitt problem å opplyse om at andre har tv. Det er kvar enkelt sitt ansvar å sørge for at ein seier ifrå om at ein har tv og betale lisensen. Så difor kan ein vel seie at denne endringa er til det positive.

Ambisjon om e-faktura?? Tja, sikkert heilt greit det. Kva det gagnar oss, er eg ikkje sikker på, men det er sikkert positivt.
For ei tid attende var det ein som ikkje betalte dei siste ti øra som var på fakturaen og fekk purregebyr for det. Det betyr med andre ord at du er nøydd til å betale lisensen over nett. Betalar du kontant i banken, er det ikkje mogleg å betale dei ti øra som er bak kommaet. Alternativet er at ein må runde opp of faktisk betale meir enn ein skal.
Det er sjølvsagt ikkje snakk om store beløpet når ein rundar oppover...........Det er prinsippet i det heile. Viss mange vel å betale kontant, vil det for mottakaren utgjere ein heil del.

Eg er så dum at eg faktisk ikkje veit korleis eg brukar ein e-faktura!! Sånn er det berre............ Eg har ingen eg har e-fakturaavtale med.
Likevel, sannsynlegheita for at det er både logisk og enkelt å bruke og at eg sikkert ville skjønna det på null komma niks, er nok svært stor. Eg berre seier at eg ikkje veit det av di eg ikkje har prøvd det. Det er sikkert ikkje anna enn at ei rekning kjem til deg via nettet i stadenfor postkassa og at ein sparar fakturagebyret.

I dagens samfunn forventes det at dei fleste har data og internett. Eigentleg forståeleg nok, men likevel meiner eg at alle må ha retten til å velje om dei ønsker å ha det eller ikkje.
Me dså store individsforskjellar som det er i landet vårt, er eg ikkje det minste i tvil om at det eksisterer dei som faktisk ikkje skjønner "beret" av nettet.
E-faktura er sikkert positivt!

Eldre fedre kan få tykke barn. Kan ikkje alle det? Sånn teoretisk sett?? Viss ein ser bort frå det genetiske (om du skjønnar kva eg meiner..........?)
Eg trur eg nett at eg blei litt nysgjerrig på kva eg kan avdekke når det gjeld denne saka. Eg lurar på kva som er så spesielt med at menne er eldre og korleis det påverker anatomien!

Denne gongen er det faktisk snakk om ei norsk undersøking. (Som regel høyrer vi jo på amerikanarane osv osv........)
Menn som bli født av fedre over 50 har 55% sjanse for å bli feitare enn menn som er født av fedre i tenåringsalderen.
Hahahahaha..........Der gjekk eg i mi eiga lille felle (som eg ikkje fordrar at journalistar gjer)...... Menn før ikkje babyar. Ikkje med mindre det er skjedd store omveltningar i menneskets natur.
Eg meiner sjølvsagt ikkje menn født av fedre, men MED fedre i den aldersgruppa!
Vel.......min eigen son har ein far som var 51. Betyr det at sjansen er stor for at han blir "diger"?? Eg har mine tvil. Med det aktivitetsnivået han har i forhald til favoritthobbyane hans, så må han endre seg kraftig av natur......... Så var vel dog prosenten på 55.
Eg for min del, trur at det heile er ganske tilfeldig uansett kva slike undersøkinger seier.

Punktmustasjon er visst namnet på delar av årsaka. For dei som lurar på kva ordet betyr, så er det ei lita endring i DNA. Dei meiner då at denne lille endringa kan påverke eit menneske sin BMI.
I tillegg er det snakk om ein kopifeil. Eit litt rart ord eigentleg, men det er det ordet dei brukar for at vi skal forstå kva som skjer ved ein mutasjon.
Sædproduksjonen deler seg mange gonger i løpet av eit år. Då er det slik at det er fleire og fleire delingar jo eldre ein blir. Kopi av kopi av kopi..............Ja, du skjønner sikkert teikninga. Ergo aukar sjansen for ein kopifeil!!

Sjølv trur eg meir på teorien om at det er forskjell på korleis ein mann oppdreg guten sin om han er 20 eller 50 år. Det er mange faktorar som speler inn når det kjem til det temaet og ein 20-åring og ein 50-åring har svært ofte ulikt utgongspunkt.
For å forsvare det siste opp mot BMI, kan eg nemne at det kan gjelde til dømes i forhald til kva dei puttar i munnen til bornet sitt.
I tillegg trur eg på det som har med arv å gjere................

Vel..........Unge jomfru Knutsen har ikkje tenkt å plumpe ut fleire born, så problemet vil vel ikkje gjelde meg i så stor grad. Det er litt rart, men for første gong har eg faktisk tenkt over at tida mi til å få fleire born faktisk er i ferd med å renne ut. Eg nærmar meg jo 40 år og då minskar jo sjansen ein god del.
Hmm....... Eg har eigentleg aldri tenkt over det på den måte og plutseleg føler eg meg litt gamal (for første gong). Om eg likar det?? Eg er jo alt anna enn gamal. Det var berre tanken på at tida renn ut som slo meg inn på dei tankane............ Jaja.......Eg er vel 50 før eg veit ordet av det!!

Jomfrua er på tur i seng. Ho har vel eigentleg vore det ei stund no, men fingrane har visst ikkje heilt forstått det. På tide å overføre litt av vitet til dei kroppsdelane også.
I morgon er et onsdag og sånn sirka halvvegs i arbeidsuka. Snart helg med andre ord. Med dette tempoet blir eg vel 50 leeeeenge før eg er klar for det!! :=)

Ha ei god natt med mykje svevn. Ha ein fin dag i morgon og så vips så ses vi!

Hasta luego!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar