onsdag 28. november 2012

Hersketeknikker........

Hersketeknikker........... Eg sat her og tenkte litt på kva eg skulle skrive om. Det var eigentleg ganske "tomt" oppe blandt dei små grå som svømmer rundt oppi hjernemassen.
Det er jo mange ting ein kan skrive om, men det er ikkje alltid at det er så lett å kome på det der og då. Det handlar jo litt om kor i den kreative verda ein er når ein skal bruke det.
Såååååå......... Eg spurte likesågodt ein av sidemenna mine. "Kva skal eg skrive om i kveld?"
Joda, vi blei einige. Hersketeknikkar!! Teknikkar som ein brukar på ein "fin måte" for å rakke ned på andre.
Det fins mange av dei som brukar desse teknikkane både bevisst og ubevisst.
Enkelte meiner faktisk å såre, medan andre sårer utan at dei eigentleg er klar over at dei gjer det. Andre har det rett og slett som ein del av personlegdomen sin.......

Kva typar hersketeknikk har vi?? Mange...... For å nemne nokre, skal eg lage meg ei lita liste.
1) Latterleggjering.
2) Usynleggjering.
3) Rakke ned på andre.
4) Blande sak og person.
5) Setje nokon i bås.
6) Utestenging.
7) Halde attende informasjon.
8) Oversjåing.
9) Gje skuldfølelse til den andre.
10) Bruke vanskeleg språk.
11) Dobbelt straff.
12) Bruke negativt kroppsspråk når andre snakker.
13) Setje folk opp mot kvarandre.
14) Ha mange regler, men sjølv bryt ein dei om nødvendig.

Sanninga er at lista kunne ha vore dobbelt så lang, minst! Likevel, eg trur kanskje eg har truffe sakas kjerne ved å bruke mange av dei eg har ramsa opp her. Eg føler at det er ganske dekkande.

Kvifor brukar ein hersketeknikkar? Det handlar for det meste om makt. Ingen tvil om det. Å framheve si eiga meining på bekostning av andres........
Dei fleste har sikkert opplevd hersketeknikkar brukt i praksis, anten ved sjølv å bruke det, eller av di ein har vore "offer" for det.
Politiske debattar på tv vil gje oss ei ganske god innføring på dette temaet i praksis. ..... Ironiske smil og himling med augene er heilt normalt i slike situasjonar.
Hersketeknikkar gjer det lettare å kome unna med å vere frekk. Eit sitat eg går ut ifrå at dei fleste kan seie seg einige i.

Om ein blir satt ut av det dei gjer, har dei oppnådd akkurat det dei ønsker. Difor er det ein føremon om ein klarer å gjennomskue teknikkane som blir brukt.
Vi har alle mykje å lære....... Eg skriv vi av di det innbefattar meg sjølv også. Eg er slett ikkje noko dydsmønster og det trur eg heller ikkje du som lesar er. I så fall er du ganske genuin og særeigen. Då må du verkeleg ta vare på den eigenskapen det er i å ikkje bruke hersketeknikkar!!

Latterleggjering. Kva legg eg eigentleg i det ordet?
Latterleggjering førekjem når eit individs innsats blir håna, ledd av eller sammenligna med dyreatferd, om ein skal ha ein definisjon på ordet.
At mange blir håna i dagen samfunn? Gjett om!!
Dessutan trur eg at vi kan putte inn det å gje skuldfølelse til motstandaren inn under latterleggjering. For det er vel eigentleg det vi gjer? Latterleggjer den andre for å tilfredsstille oss sjølv i for eks. ein krangel i heimen? Er ikkje kvinnfolk ekspertar på det? La mannen føle skuld og vere den som må beklage?
Det trur nemleg eg at er eit ganske utbreidt problem.
Eg har har sjølv gjort det, så eg veit kor lett det er.
Når den eine i utgongspunktet har skulda og så ender det opp med at det er den andre som ber om orsaking. Er ikkje det ei form for latterleggjering?? Eg trur det..........

Usynleggjering. Kanskje ein av dei mest iriiterande teknikkane?!!  Kven liker å føle seg oversett?
Dette er nok ein teknikk eg trur det er mest menn som brukar.......overfor kvinnfolk.
Eg har ikkje noko statistikk som underbyggjer den påstanden. Det er berre det eg trur.
Det stikk nok djupt hos mange som berre blir ignorert.

Å snakke nedlatande til andre...... Kor mange har ikkje høyrt uttrykk som "Lille venn, jeg tror ikke du helt vet hva du snakker om" i enkelte diskusjonar. Berre av di ein har ei anna oppfatning av ei sak,
brukar ein ein hersketeknikk for å framheve si eiga meining til at det er den som er den "rette".

Når ein seier setninger som denne, gjer ein det på ein slik måte at ein faktisk har vore frekk, men frekk på ein "fin måte". Med andre ord betyr det at du har vore frekk, men at ingen kan ta deg for det.
Det er vel ingen av oss som likar at andre er nedlatande mot oss?!

Blande sak og person. For mange kan det verkeleg vere vanskeleg å blande sak og person. Det har eg sjølv opplevd i ei spesiell sak det siste året. Heldigvis prellar det berre av på meg, men det er slett ikkje sikkert at det gjer det på alle.
Mange kritiserer personar og ikkje det dei står for. Noko som i mange tilfeller skaper store "øydeleggelser".
Enkelte brukar denne forma for hersketeknikk berre "av di dei kan det". Sjansen er der, så kvifor ikkje bruke den? Kanskje samtidig få ei lita hevn?
Det viser sjølvsagt kor umoden mange er, men det vil dei vel aldri skjønne.

Bruke vanskeleg språk. Enkelte har ein tendens til å sjå ned på andre som dei veit at ikkje har så lang utdanning osv....... "Kva veit du om det? Har du ei utdanning som tilseier at du veit det??" Vaksne folk føler seg som små born når andre vaksne seier slikt.
Mange av dei som oppfører seg slik, sørger gjerne for å bruke eit litt vansklegare språk når dei snakkar, berre for å "herske" litt. For å vise at dei er betre.............

Enkelte lar det gå sport i å rakke ned på andre. Har dei sjansen til å snakke negativt om nokon dei ikkje likar, ja då gjer dei det. Dei har alt for vanskeleg med å halde seg for god for det.
Sanninga er at som oftast kjem det dei rette folka for øyrene. Mange likar ikkje at enkelte rakkar sånn ned på andre og er heller lojal mot den som blir rakka ned på. Då betyr det at det rett og slett berre "slår attende" på den som rakkar ned. Då er det den som rakkar ned som eigentleg blir den folk ikkje likar. Ein "farleg" tendens...........Spesielt viss du samtidig har ein leiarposisjon. For vi kjenner slike også!!

Samfunnet har nok av betrevitarar. Samfunnet kjem alltid til å ha det....... Ingen fare for noko anna.
Det vi imidlertid kan gjere noko med, er vår eiga haldning til slikt. Vi kan vise kva vi meiner når hersketeknikkar vi ikkje syns noko om blir brukt.
Er det nokon som snakkar nedlatande til oss, så fortel dei det. Konfronter dei og spør kvifor dei snakkar til deg på den måten. Om dei syns dei er så mykje betre.
La dei som rakkar ned på andre få høyre det. "Kvifor rakkar du så ned på ho?" "Veit du ikkje betre enn at det er galt å gjere det?"
La dei som er nedlatande få vite at dei er det!!
Det er mykje vi som enkeltpersonar kan gjere for å minske bruken av hersketeknikkar og sørge or at det er færre som føler seg som "ingenting".
Eg sjølv kan bli betre! Ingen tvil om det.... Eg har sikkert gjort fleire av dei tinga eg skriv her. Bevisst eller ubevisst. Så eg treng å halde fokus på det , eg også. MEN eg veit at eg i alle fall aldri er ute å snakke nedlatande til eller om nokon berre for å vere ekkel. Då må det i såfall vere ubetenksomheit, men det er like ille, det!!
Så stå opp for alle dei som føler seg mindreverdige og sei ifrå!!

Ha ein fin kveld! Jomfru Knutsen har i alle fall tenkt å kose seg. :=)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar