fredag 5. oktober 2012

Alder.........

Emme (4) har veske til 12 000. Tja, ein skal tidleg krøkes................ Er det noko som er sikkert i denne verda, er det at eg aldri kjem til å eige ei veske til 12 000. Ikkje av di eg ikkje har råd til det, men rett og slett for at eg syns det er litt "kvalmt". Det er kanskje litt sterkt å bruke eit slikt ord, men det er mest for å setje det litt på spissen og å få tydeleg fram at eg er tptalt imot det.
Viss ein har behov for ei veske som er så dyr, då meiner eg at det er enkelte ting som er misforstått i denne verda. Det hjelper ikkje på uansett kor rik eigaren av ei slik veske er.
I dette tilfellet er det snakk om ei fire år gamal jente!!!
12 000 - 4 år................. Her er det snakk om å skape behov! Eg lurar på om desse dyre vanane sørger for endå dyrare vanar seinare i livet?
Kva liv er det eigentleg når ein kan kjøpe kva som helst?? Ganske overflatisk, spør du meg.
Det er sikkert fleire som er ueinig med meg. Det er sikkert mange som går rundt og ønsker seg ei veske til 12 000, men som ikkje skaffer seg det av di dei ikkje har råd.
Eg tenker ikkje tanken eingong! (Eg trur eg lar vere å innrømme at eg bryr meg "døyten" om vesker, uansett pris.... Eg har mine vesker og  eg syns dei er meir enn bra nok for meg. Det skal mykje til for at du ser meg dikkedarier med ei veske om eg skal ein tur på coop'en. Takk Gud for kortmappa!!)

Tvillingene Louise og Martine (70) har jobber 100 år som prostituerte. Eg går sterkt ut ifrå at det er snakk om at dei har holdt på i femti år kvar........... Ektemannen min var voldelig og sa at han ville forlate meg om jeg ikke solgte sex. Han var mitt livs kjærlighet. Steike ta! Om eg hadde fått den beskjeden, ville eg ha bedt han om å ryke og reise. "Love of my life", liksom?? Kjedeleg viss ein har sååååå djupe kjensler for ein mann som er ein drittsekk.
Eg kjenner sjølv kjensla ho skildrar (love of my life), men likevel....... Eg trur den hadde forsvunne tvert om eg hadde oppdaga at han var psykopat eller noko. Det er jo mennesket i seg sjølv vi fell for og personlegheita er vel kanskje det viktigaste. Eg kan aldri forstå at ein skal falle for ei slik personlegheit...........but that's me. Vi tenner alle på ulike ting.

Louise har slutta som prostituert no pga gikt. Martie derimot....... Ho er framleis aktiv.

Mora deira hadde jødisk bakgrunn og difor måte dei flykte under den 2.verdskrigen. Med andre ord har dei ei sterk historie å fortelle om frå deira bakgrunn. Dei har aldri fått det beste utgongspunktet i livet. Dei endte opp som prostituerte.........

Sjølv om livet deira har blitt som det blei, seier dei sjølv at det har vore meir latter enn tårer. Akkurat det er jo heilt utroleg. Eg trur ingen av oss kan klare å setje seg inn i deira situasjon, men det er ikkje vanskeleg å skjønne at det har vore alt anna enn lett. Så at det har vore mest latter.........

Matine klarer seg ikkje på pensjonen åleine. Det er difor ho er aktiv enno. Det er framleis eit marked for ho. På trass av at det like ved siden av henne er mange unge prostituerte, har ho bra med kundar. Ho har spesialisert seg som bondage for eldre menn.

Etter å ha vore så lenge i "gamet", er det klart at Martine kjenner triksa. Ho veit rett og slett kva kundane ønsker. Det handlar om korleis du skal snakke til dei og korleis du kan få dei til å le.
Det har likevel vore både valdtekter og andre nedturer.........

Ein ting er at ein hamnar som prostituert. Det er ikkje mange som gjer det av di dei har så lyst........... Enno verre er det at du ikkje eingong i alderdomen, i ein alder av 70 år kan få lov til å berre "nyte" livet utan å tenke på korleis du skal klare å tene nok pengar til det daglege liv.
Ein 70-åring skal sleppe å tenke på pengar! (Mitt syn...).

Eg har sett bilete av desse to systrene. Dei er eigentleg ganske herlege. Eg trur ingen ville ha klart å tippe at dei er/ har vore prostituerte berre ved å sjå på biletet. Dei ser meir ut som verdas mest koselege bestemødre med glimt i auget. Berre så synd at dei ikkje får vere det.......

14 tegn på at du er en hysterisk forelder.
1) Forfølger bornet på leikeplassen. Den var no litt kjedeleg då......?? Kommer heilt an på alderen og staden. Er det dog for at ein er redd for at bornet skal dette ned frå leikestativet, ja då kan vi snakke hysteri. Eg trur eigentleg eg aldri har vore redd for det. Eg lar han jo klatre høgt mot himmelen berre av di eg sjølv vil ha kule bileter! Kva seier det om meg?? (Det er vel ikkje verre for sonen min enn det var for meg sjølv som unge......Eg var høgt oppe, eg også).
2) Advarer mot mulige farer. Enkelte foreldre advarer borna mot "alt". Det er klart at borna då blir nervøse. I dagens samfunn er det sikkert lurt å lære dei at ein ikkje skal setje seg inn i ein framand bil som tilbyr godteri og liknande. Det er likevel grenser for kor mykje ein skal proppe borna med av advarslar. La borna finne ut av enkelte ting sjølv også. Balanserer bornet 20 cm over bakken, ja då døyr det ikkje om det detter ned!!!
3) Barn skal bli skitne og slå seg litt. Heilt einig. Kva gjer det om dei kjem med ei "svart "bukse?? Det betyr mest sannsynleg at dei har hatt det gøy. Det er jo berre å skifte bukse.
Blåflekker er også sundt, Det betyr jo berre at bornet er aktiv. Akkurat det er det jo mange som er alt for lite i dagens samfunn.
Då eg gjekk på lærarskulen, blei eg kjent med ei som lærte frå ho var "baby" at det ikkje var lov til å feile. Ein skulle ikkje snuble i dørstokken eingong. Psyken hennar var deretter. Eg berga livet hennar! Ei mindre hyggeleg oppleving eg skulle ha vore forutan og eg skulle nådd dei foreldra som var skuld i det!!
4) Det foreldre frykter mest er at barnet skal bli bortført eller utsatt for en bilulykke. Hadde det ikkje vore meir logisk å vere redd for at bornet skal dette ned trappa eller tryne på sykkelen? For det er vi stort sett ikkje redd for, men sjansen er jo berre såååååå mange gonger større for at kan skje enn det dei fryktar mest.

Viss du no trudde at eg skulle ta for meg fjorten punkt, så tok du grundig feil!! :=)
Greit nok, eg likar å skrive, men likevel.................
Eg trur dei fire punkta eg har nemnt her er nok til at vi som foresatte kan setje tankane våre i sving og faktisk tenke over om vi er "hysteriske".

Eg har hatt mine grenser som eg syns har fungert bra. Grenser som bestemmer kor sonen min har lov til å opphalde seg. Han har kanskje hatt litt strengare grenser på akkurat det området enn mange andre. Om det har vore ein føremon eller ikkje, veit ikkje eg.
Det eg imidlertid veit, er at dei som har hatt slakkare tøyler på same området, har det gått minst like bra med. Kanskje han kunne fått bevege seg meir fritt tidlegare?? Eg veit ikkje......... For mi eiga skuld har eg vore streng på det området. Så spørs det........ Er deg seg sjølv ein skal hensyn til eller er det bornet?? Eg syns det er ein vanskeleg balansegong. Det må eg verkeleg seie.

No går tida så fort og plutseleg er han så stor at eg nesten ikkje ser han lenger. Det er middag og lekser. Så er det fotball som gjeld heilt til leggetid. No er det berre nattakosen att. Han har ikkje tid til meir.
Eg skal vel berre vere glad for at han er ute og er aktiv, men kva tid kom omstillinga til det som er no? Eg må ha mista noko på vegen.
Det har nok kome gradvis, det er berre eg som ikkje har lagt merke til det!!

No ser eg berre fram til vinteren og skigåing. (Viss han framleis vil ha meg med når han trenar, vel og merke). Er det rart eg då set pris på dei turane vi har ilag til fjells??

Ha ei god natt!! :=)

Hasta mañana!!

IWALY......


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar