lørdag 6. oktober 2012

Smørbukk funker, det!!

Jomfrua er rett og slett sliten!!! Like sliten som då ho sprang 21 km for harde livet for x antal år sidan. Minst!!
No trøstespis ho smørbukk for harde livet!!

Det som skulle bli ein liten fjelltur i daffetempo med verdas herlegaste hund, blei til eit maratonløp utan like. Då vi kom opp på høgda, var det sjølvsagt heilt ferske elgspor. Hyggeleg det når hunden du har med er nettopp ein elghund. Ein sterk ein, sådan!!
Eg trur eg skal la vere å skildre resten av turen......... Eg kan seie så mykje at eg er både gul og blå med fullt av blemmer i nevane.
Det er ikkje kvar dag ein joggar og spring for harde livet i fjellet i fleire timar. I alle fall ikkje med elgen rett foran oss!
Det var ei tung hand som rørte i middagen i dag!! :=)

Fiskelykka er det verre med! Her må det verkeleg vere snakk om dårleg "haill". Vi ser masse fisk, men ikkje snakk om at den bit på kroken. Det må vere første gongen at det er problem med å få fisk på kaia her.
Vi får fortsette med å prøve fiskelykka i morgon............

"Ole Ivars" og "Sten og Stanley" i høgtalarane, smørbukk, stilla sjø, stearinlys, haustfargar, ei fiskestang med kroken i botnen (fekk eg nett melding om), elghunden ute av syne(!!), "ro", fjordliv, ein frysebag med godteri som ikkje minstemann veit om og gode tankar. (Vel, viss ein tar bort tankane om den "herlege" hunden, då.........). Nevane blør ikkje meir, blemmane held på å tørke inn.......... Eit snev av lykke med andre ord!

Så spørs det kva Vg har å tilby på ein kveld som denne?! Eg får gå inn og sjekke..........

Hvem tar Norges beste dyrebilde? Så synd ingen tok bilete av oss i dag då vi for i full fart utfor dei skumle skrentene. Sikkert eit nydeleg syn når denne jomfrua satte utfor med ei bøn opp mot himmelen om at høgare makter måtte passe på at dette skulle ende godt!!

Ap tar æren for babyboom! Ber deg gå hjem og lage barn i helgen! Det dreier seg om dei to ekstra ukene med pappaperm...... Dei meiner den skal brukast til å kose seg ekstra i "halmen".
Vel, for min del må dei berre auke heile permisjonen med uendeleg mange uker. Det blir garantert ikkje noko meir baby av det!!!
Eg vil tru at dei som ønsker seg baby, vil lage baby uavhengig av dei ukene som no er tileigna pappaen.

Nei............. Det er vel slik at hyttetid og data ikkje er den beste kombinasjonen.
No har eg ikkje dataen på i løpet av dagen. Den er berre på når eg er innom her og skriv, så då treng eg vel ikkje ha så dårleg samvit for det. :=)
På hytta skal ein jo slappe av og kople bort resten av verda! Så no skal eg slå av maskinen. Det blei berre eit hurtig gjennomsyn på Vg, der ein ikkje sånn i farta kunne sjå noko spesielt. Så då får media berre vere media. Det er berre deileg å vere utan likevel.

Ha ein fortreffeleg laurdagskveld. Eg skal bruke den med herlege slektningar frå Vestlandet!!

Hasta mañana! :=)

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar