søndag 28. oktober 2012

Fifty shades of Grey.........

........ og Grey er hot!! Farleg hot!!

Eg har starta på boka no i dag og eg har lest over 120 sider på sengekanten før eg stod opp. Kva eg eigentleg forventa meg av boka før eg starta, veit eg eigentleg ikkje. Eg veit ikkje om eg veit det enno........120 sider og til no har det ikkje vore noko form for sex! Dog.......... Kapittel sju vitnar om at det slett ikkje er langt unna. Etter å ha lest det kapittelet er eg ikkje i tvil om at boka er heftig. Eg har eit par heftige dagar foran meg. Om det er så bra?? Tja.......Eg veit ikkje heilt.

Det skulle ha vore eg som var ei ung jomfru og fekk slengt ein kontrakt foran meg. Ein kontrakt slengt over til meg av ein som aldri elsker. Han knuller........ hardt!! Sado??? Jepp!!

At ho skal tvinges til tausheit ved å skrive under på eit papir er nok forståeleg. Hadde det vore eg som hadde dei skjulte sidene som Grey, ja, då hadde eg vel ønska det same. Det gjer berre at han kan vise "Ana" tillitt etterpå.
At ho då, etter å ha sett hans hemmelege rom, får valget om å skrive under på total undertrykkelse eller vere fri til å gå når som helst......... Kvifor lurar eg eigentleg ikkje på kva ho vel??
Boka oser sex av hardast sort, så det er vel ingen tvil om at denne unge jomfrua hiv seg ut i eit liv der ho underkastar seg ein som driv fysisk (vond) avstraffelse om det er litt skingringar..........

Eit rom fullt av utstyr. Jerngitter, tau, kjettinger, paddles, pisker, ridepisker og fjærlignande instrumenter. Nok til at adrenalinet burde pumpe hardt og lysta til å springe burde vore stor!! Vel, ho spring ikkje. I alle høve ikkje til no.........

Og kva er det med menn som "freaker ut" når dei skjønner at ei dame er jomfru?? Å ta uskulddomen frå eit kvinnfolk er visst skremmande, men å knulle livskiten ut av ei anna og straffe ho om ho ikkje adlyder, det er greit, liksom (berre ho ikkje er jomfru).
Grey freaker litt ut............ men eg har akkurat komen til den biten. Så eg kan ikkje uttale meir om den saka.
Saka er likevel grei. Fifty shades lemna ingen tvil om at unge jomfru Anastasia kjem til å velge den "mørke sida" av sexlivet og det med den hottaste av dei alle. Christian Grey er verkeleg det ein kan kalle maskulin og tiltrekkande. Og han vil ha "Ana"!! Ei heilt vanleg jente som akkurat er ferdig med studiene sine og er på  utkikk etter arbeid.

Det skulle vore eg som hadde fått same tilbodet........ Ikkje at eg ville takka ja til det, men eg vil tru at "Ana" føler seg bra spesiell når ein av verdas rikaste menn plutseleg vil ha akkurat ho. Han som sikkert kan få kven som helst.
Alle dei pengane som han har kan vel smelte eit kva som helst kvinnehjarte. Sikkert til og med jomfru Knutsen som heller vil ha ekte vare enn pengar, hadde sikkert hatt tunga nede på knerne!! Takk gud for at eg ikkje kjenner ein slik mann!!
"Kjem du og plukkar meg opp med helikopteret ditt i kveld når vi skal på date?" Liksom...........
Kunne sikkert vore kult. Trur likevel eg ville fått spasmer i tolvfingertarmen om eg hadde fått same tilbodet som Anastasia.
Eg rådar ho til å løpe. Løp så fort du kan!!
Eg veit ho ikkje vel å lytte til meg.............Så eg må vel berre lese resten av boka så eg veit at det går bra med ho. :=)

Kva kvinnfolk er det ikkje som ønsker at ein mann skal ha den verknaden på ho at ho ikkje klarar å tenke på noko anna enn han og kva ho ønsker å gjere med han?? At ein føler seg klumsete og nesten rødmer berre ein ser eit bilete av mannen............
Kjenner adrenalinet pumper og blir svett og stressa av di ein ikkje veit kva ein skal seie.............

Han tilbyr ho sex. Hard sex, men ikkje kjærleik!! Så spørs det kva ho vil ha..........
I den verkelege verda, vil eg tru at kjærleiken er det viktigaste, men dette er jo litteratur. Litteratur skal ikkje vere fornuftig!!
Eg trur på kjærleiken........... Fornuft?? Tja, det viktigaste er vel kva hjartet seier!!

At denne boka er den som sannsynlegvis store deler av den kvinnelege befolkninga no sit og les, samtidig med meg........ Tja, det må vel vere enmet som fengar dei??
Ho er ikkje så ufatteleg bra som mange skal ha det til......men likevel nok til at ein berre må lese vidare for å sjå kva som skjer. Om det er bra eller ikkje, skal eg ikkje uttale meg om!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar