søndag 7. oktober 2012

Jaha....??

Fis utløste taxikrangel. Så har ein høyrt det også!
Det er no eingong slik at fisen er komen for å bli. Det er ingen av oss som kan gjere noko med akkurat det. At det er delte meininger om fisen? Tja, det er det vel ikkje så stor tvil om.
Enkelte syns det er heilt greit å slippe ein liten fis, eller "due" eller kva anna namn folk har på dette fenomenet..........og enkelte av dei syns at det er greit at ein gjer det kor som helst.
Andre derimot, får heilt noia om dei høyrer ein liten fjertelyd og Gud betre det er flaut om dei har ein liten miss og andre får det med seg!!
Det er også ein kategori for dei som faktisk blir fornærma og gretten viss nokon slepp ein fis i nærleiken av dei.
Så spørs det......Kva er det som eigentleg er så galt med denne "lufta" som sleppes ut? Kvifor er vi ulike i synet på dette tarmfenomenet? Kvifor meiner enkelte at ein skal knipe att i timesvis om nødvendig?

No er det sjølvsagt forskjell på ein fis og ein fis!! Enorm forskjell!!
Det er langt mellom Karlsens nesten lydlause og luktfrie fjert og Fransens kraftige og fantastisk kvalme fjertlukt! Eller motsatt......... Lukta kan jo også kome frå ein stille promp. (Kjært born har mange namn!!)
Det er også stor forskjell på si eiga stove og eit festmåltid med mange andre!

Kva eg sjølv syns om fjerting, skal eg la vere å gå inn på her. Eg trur eg held den biten for meg sjølv! Det eg kan seie, er at det skal meir enn ein fjert til for å få meg til å flippe ut. Eg ville nok ikkje blitt aggressiv for å seie det slik........ Det blei eine  karen som tok drosje!
Det er mange ting som kan føre til eit slag, men fis........? Tja, kor kan ein finne eit forsvarande argument for det?? Det kan kanskje bli litt vanskeleg.
Likevel, det er i Skien det skjer. Fire passasjerer og ein av dei slapp ein fjert!! Drosja stoppa opp og det endte med at sjåføren blei slått i andletet! Alt pga ein fjert............

Eg trur kanskje politiet lurte litt på kva dei skulle seie då dei fekk vite årsaka til bråket.
Drosjesjåføren er i alle høve ein av motstandarane til fising, tydelegvis. Passasjerane er nok av ei anna oppfatning........ Jaja, det er mykje rart ein skal lese! :=)

Hvorfor nordmenn blir dummere. Ei problemstilling eg absolutt ikkje har tenkt over....... Held vi på å bli dummare? Kanskje det........
I alle fall...... IQ'en til nordmenn har stagnert og eigentleg er det vel ikkje feil å påstå at den er byrja å synke.
Årsaka veit vi lite om. Det er berre konstatert ved at ein måler IQ'en til dei som blir henta inn til militær sesjon. Dei som er født før 1975 har høgare IQ enn dei som er født etter.
Godt det er snakk om militær sesjon då! I og med at det er flest gutar som blir testa då! Thihihihihi.....

Flatland slår til!! Hmmm......å bruke 170 000 kroner til å stemme på seg sjølv?? Ganske "harry", vil eg påstå.
Eg er ikkje heilt sikker på om det er lovleg eller ikkje. Eg har i alle høve ikkje lest noko regel som seier det ikkje er lov til å stemme på seg sjølv. Han er nok ikkje den første og heller ikkje den siste som stemmer på seg sjølv. Likevel....... 170 000 kroner?? Du er bra lysten på å gå vidare når du bruker ein slik sum!!
Når beløpet blir så stort, er det nesten som om ein får lyst til å kalle det korrupsjon. Eg veit ikkje........

Det er sundag om eg skal setje meg ned for å sjå siste del av kveldens Varg Veum. (I alle fall med eit halvt auge.....)
Ei heilt ok avslutning på ei kjempefin helg i fjorden!!

Ha ein fortsatt fin sundags kveld og ei god natt når den tid kjem! Sweet dreams. :=)

Hasta mañana!!

Part of me.........

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar