lørdag 29. september 2012

SK Brann er ein oppblåst elskar som sovnar etter sjølv ha fått orgasme. Tja, det var jo også ein måte og formulere seg på. Det er ikkje rart dei er skuffa over at dei tapte semifinalen, og det mot eit førstedivisjonslag. Ingen tvil om at det svir!
Så med andre ord......... Brann sin nedtur samanliknast med dårleg elskov!!

Fabian Stang ankom prinsesse Ragnhild sin begravelse på sykkel. Tenk, det var noko  å slå stort opp. Skikkeleg viktig detalj!!
Er det noko som er sikkert, er det at eg aldri ville ha lagt merke til slikt. I alle fall ville eg ikkje tenkt over det om eg hadde sett det.
For å seie det slik: Biletet av Stang og overskrifta er mykje større enn dei fleste andre på sida. Ergo vil eg tru at dei ser på det som ei stor og viktig sak.
Det prover berre det eg brukar å seie om dagens journalist-Noreg. Stå på!!

Kokk drepte kona si og kokte liket etterpå. Det blir som eg sa til jegeren eg og ei venninne møtte på veg mot Kjøpsvikvannet her ein dag. Han var på jakt etter ryper og hadde ikkje sett ein einaste fugl. Vi fleipa med at han fekk skyte oss, herlege ryper som vi er! Hahahaha............. Det blei raskt konstantert at vi ville vere altfor seige!!
Eg vil tru at kona til denne kokken var like seig som det vi er!!

Han er ikkje riktig rett! Han kokte kona si i heile fire dagar. Årsak?? For å fjerne alt av spor etter ho.
Eg skriv bevisst kona og ikkje kjerringa. Kjerring betyr jo "den vi har kjær" og eg vil tru at denne kona ikkje var så kjær for nett denne kokken!!
Kanskje noko å tenke på for dei menna som til stadigheit utbryt "den helvettes kjerringa".

Disse kroppsdelene har Alicia Keys forsikret. No må eg ærleg innrømme at eg såg for meg litt av kvart og forventa nokre "saftige" avsløringar. Det står kroppsdeler (i fleirtal), så eg rekna med at det var fleire kroppsdelar det var snakk om.
Så spørs det............ Det er på ein måte berre "ein" kroppsdel, men til gjengjeld er det to av denne kroppsdelen. Hendene sine.......
Ho speler piano og har forsikra hendene sine. Verre er det visst ikkje og jomfru Knutsen fekk seg ein liten nedtur som allereie er gått over. Ho overlever vel heilt sikkert at det ikkje var nokre "djusie" detaljar, sjølv om overskrifta i lag med biletet faktisk gjer oss eit inntrykk av at det er noko "djusi"!!
Det var den der journalistikken, då........:=)

Derfor er menn puppegale. Ein forskar trur at fasinasjonen stammer frå då mannen var born. Det betyr vel kanskje i utgongspunktet at det er snakk om ammetida mellom mor og born, vil eg tru.

Det påståes at når kvinners brystvorter stimuleres under sjølve amminga, er det eit hormon som heiter oxytocin som flommer til hjernen. Dette sørger igjen for at mammaene fokuserer på babyen.
Dette gjeld tydlegvis ikkje berre babyen. Når ei kvinne har ein sexpartnar som stimulerer brystene hennar, skjer det same. Det flommar med oxytocin til hjernen.
Ergo oppnår mannen at kvinna fokuserer på han. Noko som kan enkelt forklarast med andre ord. Det betyr rett og slett at menn kan gjere seg meir attraktive når dei stimulerer brysta under forspelet og under sjølve sex-akta.
Så kan vi snakke evolusjon........for evolusjon har nok gjort sitt til at menn ønsker å gjere dette!!
 Om ein blei så mykje klokare av dette........på å forstå kvifor menn er puppegal?? Tja, eg veit ikkje! Eg trur ikkje det deinerer det så særleg godt om eg knyttar det opp mot dei menna som held på å gå av skaftet berre dei ser nokre bryst (og aller helst megabryst). Andre bryr seg heller mindre om det, og det er kanskje nettopp denne gruppa menn som er puppegal på den måten som det vises til her i forhold til stimulering av bryst??!!

Nei, det er på tide å slutte av. Det er bekka over midnatt og augene heng så smått....... Så ha ei god natt!!

Hasta mañana!! :=)

IWALY!!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar