mandag 10. september 2012

Forelskede hengepupper..........

Her blir Tornerose vekket av et uskyldig lesbisk kyss. "Homodebatten " når nye høgder!! Tornerose i form av homofili. Tja, eg veit ikkje heilt........... Med all respekt for homofile og deira kamp, men Tornerose er Tornerose. Det er trass alt snakk om prinsen....:=)

Det er Ukraina og ein av dei stadane i verda der homofili ikkje er så altfor daglegdags. OG så var det dei svartens journalistane som eg har hengt meg opp i! Sukk........ Eg såg for meg at det i alle høve var pittelitt fornuftig det som står i teksten når ein opnar saka. Eg var også rimeleg sikker på at eg "visste" kva innhaldet var.
Innhald??!! Hahahaha......... Det inneheld EI heil setning!! Den omhandlar rett og slett berre det at stykket tok ei ny vending då Tornerose blei vekka av eit kvinnfolk. Intet meir, intet mindre. Eg veit absolutt ingenting meir no..........

Forelsket ved første møte. Ja, det er vel fullt mogleg, det?! Kanskje litt spesielt med tanke på at det i dette tilfellet er snakk om "Jakten på kjærligheten" og bonden faktisk møter mange friarar på same tid. Se den hete Jakten-omfavnelsen. Hahahaha......... Heit og heit, fru Blom! Det får då vere måte på kva ein definerer som heit. Ein klem mellom to i og for seg ukjente menneske med tv-kameraet retta mot seg, kan vel ikkje akkurat kallast heit??!! Nei, kom heller hit så skal eg vise deg heit!! :=)

Dei har visst aldri snakka saman, men gjekk rett inn i kvarandres armar (og blei ståande). Love at first sight!!!  Ja, då går det vel an, då?!! :=)
"Love" er jo ein herleg følelse........................

Fotballstjerne skal ha torturert og drept elskerinnen og matet henne til hundene sine. Går det an?? Jeeeeeezes!! Det første som slo meg, var at dette er ei skikkeleg "creepy" sak. Heilt til eg las overskrifta på nytt og norsklæraren i meg dukka opp.
Eg syns sjølvsagt enno at saka er "creepy", men eg heng meg sjølvsagt opp i den fundamentale feilen til den som har laga sak av dette på Vg-nett.
Det skal då vel vitterleg stå at hundene blei matet med henne eller hun ble brukt som fòr til hundene??I følge overskrifta, står det at ho blei mata! (Sjølv om det ikkje er nokon tvil om kven som blei spist og det står til hundene rett bak).
Hmm.......... Jomfru Knutsen tenker for mykje!!!! Jada, eg veit det...........

Eg sit og et pizza akkurat no og då veit eg ikkje heilt om eg ønsker å opne saka nett no. Å lese om små oppkutta menneskedeler er vel ikkje det som freistar mest no. Det er noko som heiter matly st........ Sjølv om den allereie har minka grasalt.... Vel, det var eg sjølv som skreiv desse orda som gjorde at pizzaen ikkje såg så innbydandes ut likevel. Sukk......

Han hadde kjørt elskerinna "på tjukken" og ville bevare ryktet sitt. Han fekk med seg kona og sju andre for å torturere ho.
Kanskje han skulle tenkt på ryktet sitt før han knulla ho, viss han var så redd for det. Mannen er jo "kjendis"........ Det er vel eit tonn av kvinnfolk som ville gjort det same om dei fekk kloa i ein kjendis. Bli gravid ............
Og at kjerringa blei med på dette?? Jaja........ Den brasilianske keeperen er kanskje ein angrande syndar i dag, med tanke på at det heile blei oppdaga??!!
Berre tanken på at ein kan tenke tanken at ein skal torturere eit anna menneske...... Ikkje akkurat kjærleik, nei!

Det er altså mange raringa som ferdes ute i samfunnet.

Slik får du superkropp. Eg føler ikkje heilt at eg er på utkikk etter det. Då må ein jo forbruke så alt for mykje energi!! Det trur eg rett og slett at eg er for lat til, sjølv om eg likar å trimme og å vere i aktivitet. Det er liksom litt forskjell på normal trim og tre timar kvar einaste dag.......for å setje detlitt på spissen!
Kanskje eg skal vurdere det når den dagen kjem at eg kan slenge brystene over skuldra. Hahahaha......Det kan ein kalle for heng-pupp!!! Får håpe eg slepp unna det, då! Thihihi..... :=)

Nei, eg er meg og det får vere nok!! Take it or leave it....:=)

Litt lei........ Det er tragisk når folk forsvinn, men no er eg litt lei av at den eine forsvinningssaka som media har fokusert sånn på framleis får så mykje fokus. Spesielt når eg veit at det er fleire som er rappotert sakna den siste uka og som får lite mediadekning.
Det er kjempetrist, det som har skjedd, men no bør vel avisa finne litt  anna å skrive om også?!! (Ikkje for å vere kynisk, men eg trur faktisk mange er einig med meg i dette).

Når eg skriv at dei må finne andre saker, ja, då meiner eg ikkje Riise!! Det tar jo heilt av!! Eg trur eigentleg at eg har mista den raude tråden i den saka. Eg hugsar at det starta med noko om ein statue og at Riise har furta mykje (i følge media). No skrives det om han kvar einaste dag.
Variasjon har aldri vore feil og gløym for all del alle dei lesarane som gjer seg katta i fotball. La Riise og Ålesund ha saka i fred framover, så kanskje eg gidd å kjøpe avisa.......
Viss eg går forbi avishylla og ser at det er ofra meir spalteplass på den saka, ja, då går eg berre rett forbi. Den avisa blei i alle fall ikkje kjøpt. Det er liksom noko som kallast for blikkfang. Riise som blikkfang, dag etter dag, selg seg ikkje..... I alle høve ikkje til meg!!

Dæven døtte!!!! Kva anna enn dagens avis kjem gåande inn i stova og rett forbi nasen min i dette sekund. Hahaha........ Svikar kallar vi det!!

Drepte fordi han mente onkelen var besatt av demoner. Ja, då skulle vi vel alle samen ha tatt livet av ein eller annan!
Neida, berre tull.......... Ein skal vel ikkje fleipe med slikt??!!
Det er berre det at det er så uhorveleg vanskeleg å prøve å setje seg inn i tilstanden til dei som verkeleg begår slike lovbrot at dei drep andre. Besatt av demoner?? Jaja, då skulle han vel heller ha rappotert det inn? Kanskje det var han sjølv som var besatt??
Som sagt lenger oppe på sida.......... Det er mange raringa som ferdes i samfunnet i denne verda!

Nei, det blei plutseleg så mange mord å fohalde seg til..... Ikkje bra. Kanskje ikkje det beste å avslutte med når ein skal ønske god natt! Draum søtt, liksom. Aller helst om partering og demonar...... Æsj!! Nei, måtte alle saman ha ei god natt med fine draumar!! Djup og god svevn, med andre ord. :=)
Så blir tysdagen så mykje betre.

Hasta mañana! :=)

Å æ veit æ vil.................



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar