fredag 21. september 2012

Pessknyting??? :=)

Det er mykje ein skal høyre før øyrene detter av, ifølge eit gamalt ordtak. Vel, eg har ikkje høyrt noko nytt i dag, men eg har LEST noko nytt! Hahaha............ Kallenamn på den betre halvdelen sin. (Ikkje min, vel å merke....)
Det er ikkje ofte ein høyrer at ein kaller typen sin for "tørrfisken min". Det trur eg at vi kan stadfeste her og no! Likevel, ordtaket "kjært born har mange namn" kjenner vi vel alle til. Koseklumpen er kanskje eit namn som er meir vanleg?! Eller??............ Eg veit ikkje heilt om det er så macho, akkurat, å bli kalla for ein koseklump. Som om mannen er som ein bamse, liksom. Hushjelpa?? Tja, spørs om det er eit ofte brukt uttrykk på mannen i huset..... Vel, på enkelte passar det nok bra. Det er nok av kvinnfolk som er saman med "kjerringer" (ops......kanskje ikkje så heldig å kalle ein mann for ei kjerring??)
Sååååååå kjem då det beste. Blant alle desse namna dukkar det opp eit som slår dei alle. Eg skal ikkje røpe kven det er sine namn eg viser til her, berre at det er ein sambydging. :=)                       "Pessknyting"!! Det siste ordet var rett og slett "pessknyting"! Kva i svarten er det for noko?? Tankane settes lett i sving, men om dei er i nærleiken av svaret?? Neppe......:=)

Pessknyting er faktisk eit ord som eksisterer. Sjølvsagt då som dialekt. Viss du slår opp i ordlista, trur eg nok du kjem til kort. Ordet kjem nok ikkje herifrå, sjølv om det då blir brukt her. Du må nok litt lenger nord for å finne opphavet. Kanskje Troms, eller noko i den dur.
I alle fall.......... Ein pessknyting er ein som knyter seg som ein liten gut (som vil tisse). Så kan jo du avgjere om det er særleg kult å bli kalla for det.
Det spørs jo også kva bakgrunnen er for at ein blir kalla for det. Årsakene kan jo vere mange...... Eg veit ikkje heilt om eg skal tore å bevege meg inn på akkurat det. Det kan vere fare for at ein mistar litt fokus her då. Thihihi.......

Det er jo greit å vite kva ordet betyr, men om eg skal vere sånn eitt hundre prosent ærleg, så må eg innrømme at eg gjorde mine tankar om ordet då eg las det!! Pessknyting??
Knyte pesset?? Kven er det som pissar og som treng å bli knytt? Er pessknytaren ei hjelpande hand??
Er det ein som er god til å halde seg lenge?? Ein ser liksom på gangen at det er noko, men ikkje snakk om at han gjer noko med det.............
Pessknyting var ordet. :=)

Norske talenter...... Tja, kva skal ein seie? Det er mange talenter ute og går, men Gud betre om alle som stiller opp faktisk trur dei er ei nådegåve. Eg reknar med at enkelte stiller av di dei har lyst på merksemda. Så har vi dei som sørger for at vi sit her i stova med gåsehud på armen.
Kva med ein som svelgjer over ein meter med ballong?????? Kva seier ein til det? Talent?? Eller berre sjukt? Eg veit ikkje heilt kva som passar best.
Eg trur ikkje eg skal prøve på det same. Eg lurar enno på korleis han klarte å puste med store delar av ballongen nedover halsen. At han klarte å snakke rett etter at han hadde fått ned heile ballongen...... Say no more!!
Eg reknar med at han ikkje blir svolten det neste døgeret og så håper eg for hans skuld at ikkje ballongen sprekk der inni magen. Eg lurar på korleis tarmane vil reagere på det. Berre tenk på kor redd vi kan bli om ein ballong plutseleg sprekk ved sida av oss. Kva då om det skjer INNI magen vår??
Det kan nok heilt sikkert klassifiserast som talent. Eg er ikkje i tvil om det, eigentleg. Det er likevel ein "sjuk" hobby!!! (Spør du meg).

Plutseleg falt augene på tv'n og kven andre enn ein kjenning er med i reklamen som sendes?!! Haha...Kult. Det er den reklamen om bornet som er så lei av å ha sei til middag. Butikkmannen som plutseleg dukkar opp............... Eg har ikkje talet på kor mange kvinnheringar eg har sett på tv dei siste åra. Litt skøy då!! Spesielt om ein ved ein tilfeldigheit berre kjem over det og ikkje har peiling. :=)

Smokk kan hemme utviklingen av følelser. Då veit vi det! Kva følelser det er snakk om? No trudde eg faktisk at eg skulle få ha ei lang avhandling om temaet. Det er mykje artig som kan kome ut av den overskrifta!!
Eg prøvde å opne saka, men det viste seg at ein må abbonnere på Vg+ for å få tilgang til ho.
Vel, vi blir i alle høve råda til å få ut smokken før det går så langt at følelsane forsvinn!
(Eg må jo ærleg innrømme at eg tenker mitt når 4-5 åringar kjem gåande i butikken med smokken i kjeften...............)

Märtha Louise valgte billigkjole. Flott!! Eg kunne ikkje bry meg mindre. Skikkeleg "heit" tema å lage sak på. La no dama få gå i kva ho vil. Prinsessetittelen betyr vel ikkje at ho skal tvingast å gå i dei dyraste kleda ho finn? Det enkle er ofte det beste. :=)

Straffen for å håne islam er døden. Vel, det kan jo vere greit å vite!! Lurer på kor dei finn kjelda bak det. Kor står det liksom?? Jaja, no har det stått i Vg, så då må vi i alle fall tru på det.

Vel, ikkje har eg tenkt å håne islam, ikkje kjem eg til å dukke borti smokke-problemstillinga, ikkje skal eg delta i "Norske talenter" og eg har heller ikkje ein pessknyting i hus. Så kva galt kan eg finne på resten av kvelden så eg kan få sove godt?? Det er mykje glede i små sprell!!! Det veit eg alt om.....Thihihi......=)

Jattajatta........ No skal eg slutte av. Så ha ei god natt og ha berre søte draumer!!

Hasta mañana!

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar