fredag 31. august 2012

Det er helg :=)

Det er helg og alle helger burde starte ed litt godt humør. Det gjer i alle fall mi helg mykje betre om den startar bra, så då reknar eg no berre med at det gjeld for dei fleste! :=)
Difor skal eg først starte med litt "saker" for sååååå å avslutte med nokre "gåter". Gåter som er så teite at dei blir bra. (Fasiten skal sjølvsagt avslørast på slutten!!)

Her er homospøken Ann Romney nok skulle vært foruten. Hahaha........ Når ein har det namnet, bør ein kanskje vakte sine ord. Ein kan ikkje tillate seg å seie kva som helst uavhengig av om ein faktisk meiner det eller ikkje.
No har ho komen med ein spydig kommentar og sjølvsagt går den verda rundt. Tenker ho i dag ønsker ho aldri hadde sagt det ho sa. At ho er konservativ er det vel ingen som lurar på.....

For alt eg veit, kan det vere at du som lesar faktisk ikkje veit kven denne dama er. Fru Romney er potensiell førstedame dei neste fire åra (etter presidentvalet). Obama er også kandidat, så kjerringa hans er også ei potensiell førstedame.
Desse to fruene har blitt intervjua av "Entertainment tonight" der dei gjev eit innblikk i livet utanfor politikken. På lik line med oss andre, har også dei eit privatliv, sjølv om det til ein viss grad ikkje kan kallast privat når ein i stor grad blir etterfulgt av "nyheitskåte" journalistar/fotografar.

Kva er eit liv utanfor politikken?? Det er klart eit definisjonsspørsmål, men eg definerer det på min måte........ Det vil seie at eg droppar definisjonen og berre tar ein urliten del av den og bruker den her.
Så då koker eg det heile ned til noko grueleg enkelt. Retten til å ha ei meining om kven som er Hollywoods kjekkaste mann, ha eit favorittprogram på tv (som kanskje mange av oss syns er søppeltv),  ha ein favoritthobby og så videre og så videre....... Alle skjønner vel teikninga?!

Fru Romney sitt favorittprogram er "Modern Family". Eg veit ikkje om det er eit program vi kan sjå på ein av våres kanalar, så eg skal ikkje uttale meg om det er bra eller dårleg tv.
Det eg veit derimot, etter å ha lest artikkelen om ho, er at denne serien handlar om blant anna det homofile paret Mitchell og Cameron. Dette paret har adoptert den vietnamesiske jenta Lily.
Jaja......... Berre til no kan eg lukte politikk lang veg.!! Å seie at ein slik serie er favorittprogrammet ditt offentleg, er å be om å få spørsmål om akkurat dei temaene som serien tar opp. I Amerika er jo dette tema som er ganske så betente!

Så spørs det..... Kva er det eigentleg Ann Romney har sagt som er så ille?? That's the question!
Svaret er så enkelt som eigentleg ingenting. Ho har ikkje sagt noko anna galt enn at det er nettopp denne serien som er hennar favorittserie.
Kvifor blir det så verdsomfattande då?? I og med at ho er i sin fulle rett til å velje sjølv kva ho likar å putte augene sine på.......
Joda, i politikken er det no eingong slik at ein blir pressa av opposisjonen og andre motstandarar.
Ann Romney er gift med ein republikansk presidentkandidat som verkeleg er ein ivrig motstandar av homoekteskap. Dette er noko han har lagt stor vekt på i mange av talane sine!

Så verre var det ikkje........ Likevel, noko så "lite" blir plutseleg så "stort".
Ganske uvesentleg for meg og sikkert for deg også, men ikkje for ho. Ho kan velje å le av det heile viss ho klarar å sjå det komiske i det. Ho kjem likevel ikkje unna at det er eit politisk spel og at det tiul sjuande og sist er veljarane som bestem utfallet av valet. Då er det om å vakte sine ord...........

Her er verdens mest solgte bil. Enno ei overskrift som kan misleia. Vel, den misleiar ikkje av di eg er glup nok til å forstå at det er snakk om det bilmerket som sel mest i verda. Så utan å misleie er den likevel misleiande. Puh......... Kom eg heilberga ut av den setningen, mon tru???

Viss eg no finn ut at eg skal misforstå overskrifta, så seier den faktisk at nettopp "denne bilen" er den mest solgte.
Dårleg reklame for bilen , med andre ord. Kven vil vel ha ein bil som har skifta eigarar oftare enn mannfolk skiftar truser? Tja, eg berre spør.......

Hvor blir det av den andre sokken? Hahahaha......... Tippar det er eit velkjent fenomen! Eg har opplevd det nkre gonger, eg også, men stort sett er det snakk om andre sokkar enn mine eigne. Her i huset trur eg vi representerer alle nivåa på skalaen når det kjem til sokkar.
Det har sjølvsagt blitt likare etter at vi gjekk frå å vere fem til tre personar i husstanden, men problemet eksisterer likevel enno......:=)

Denne artikkelen kjem sikkert med mange naturlege forklaringar. Det er jo som oftast ei naturleg forklaring på problemet, sjølv om alle er sikre på at dei heiv begge til vask kvar einaste gong!!
(Det gjer eg, og eg har som regel alle sokkane minepå stell!!)

1) Hovudårsaka må jo vere at dei forsvinn i vaskemakinen!! Joda......
2) De ligger gjemt i sengetrekkene........ Hmmm..... Joda, det går forsåvidt an, sånn bortsett frå at eg ikkje ser heilt for meg at ein vaskar sengeklede og sokkar ilag?? Kanskje berre eg som er rar og ikkje gjer det?
3) Blir borte på veien om det blir for mange sorteringsplasser.........
4) Støvsugeren?? Hahahaha.........Trur neppe eg finn nokon sokkar inne i den. Kven veit? Kanskje det er enkelte som er så blind at dei ikkje klarar å sjå at dei støvsuger opp ein heil sokk? (Kva har eigentleg den sokken å gjere midt på golvet, spør eg då?)

Bla, bla, bla............

Les svarene baklengs på gåtene.

1) Hva får du viss du krysser en kylling med en zebra?
Svar: rettelemo etepirtS.

2) Hvorfor er solen så langt borte?
Svar: ned i egnats laks ekki enelguf ta roF.

3) Hva er det som er gult og hvitt og kjører i 100 km i timen?
Svar: rerøfgot ne lit tedørbrømsetsO.

4) Hvorfor kan en datamaskin aldri erstatte en avis?
Svar: ?niksamatad ne va ylf  egal å dvørp gnag neon ud raH.

5) Hvorfor var tusenbeinspappa så ute av seg?
Svar: oks eyn etgnert anrab ella idroF.

6) Hvorfor slo jentesneglen opp med guttesneglen?
Svar:  merf trof rof kkig nah ta as nuH.

7) Hva er det som er sort og hvitt og lyder "pip, pip, pip, piip, obs! svitsj, PLASK!"?
Svar: ksif tåv ne åp rilks go gnidlemtsket rednes mos nivgnip nE.

8) Hvorfor slo jordbæret opp med sitronen?
Svar: snah terømuh erus ted va iel rav nuH.

Nei, med desse gåtene seier eg ha ein fin fredags kveld og god helg til alle saman! Det kan sjå ut som at det blir ei roleg helg, her i garden.
Uansett.......take care :=)

Hasta mañana!!

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar