Jahn Teigen fikk en statue, jeg fikk f.... til Anne Kat. oppkalt etter meg. Anne Kat. har visst vore ute og slengt med kjeften sin att. I går hadde ho premiere på si nye forestillin, "Jakten på ærligheten". Eg trur kanskje ho gjekk litt langt i definisjonen på kva ærlegheit er. Enkelte ting vil vi ikkje vite!!
"Fitta mi ser ut som Bjørn Eidsvåg", klarte ho å prestere ög seie.
Det er ikkje første gong ho er pervers og ho fortsatte med å referere til underlivet sitt som nettopp han.
Eg veit ikkje heilt om det er ei ære eller ikkje??!!
Bjørn Eidsvåg har kommentert følgjande på Twitter: ...........jeg lurer jo på om det er fordi f.... til Anne Kat. er stor og skjeggete, hun har oppkalt den etter meg, koselig er det nå uansett....." Joda............
Han skreiv også Jahn Teigen fikk en statue, jeg fikk f.... til Anne Kat. oppkalt etter meg, det blir spennende å se hvem som blir mest besøkt".
Godt han har litt humor då......... :=) (Enkelte kaller Anne Kat. for ei PR-kåt tøs........)
Her har han nettopp spurt om værmelderen vil "ligge med han". Du snakkar om at nyheitsankeret tråkka i baret så det holdt. Eg skjønner godt at værmeldaren ikkje heilt trur det ho høyrer på direkten! Hahahahaha........ Pinleg!! Ikkje så lurt å spørre om slikt når ein heil bunsj av tv-sjåarar får vere "vitnar".
Derfor bør du vaske vinduene dine med cola. Ehh.......what?? Cola? Neitakk!! Eg reknar med at om eg trykker på saka, så vil eg få ei heilt grei forklaring på kvifor det er så j...... smart. Eg trur eg lar vere!¨Viss ikkje risikerer eg at naboane trur eg er blitt heilt gal når eg prøver ut om det stemmer i morgon.
Såpe og vann held lenge for meg!!
Justin Bieber spiste en bjørn. "Plutselig stod den bare ca tre meter unna han.
Sukk........ Sikkert berre enno ei misleiande overskrift! Journalistar som er desperate etter at vi skal opne akkurat deira sak. For kva seier eigentleg overskrifta og den første setningen etter oss?
Slik eg ser det, har han møtt på ein bjørn og så spiste han bjørnen. Litt groteskt kanskje, men det er det som står der.
Om eg trykker på saka, reknar eg med at det står sånn sirka at Justin Bieber og følget hans traff på ein bjørn, bjørnen blei skutt og i ettertid har Bieber spist bjørnekjøtt.
Så no skal eg gjere nettopp det, opne saka. Eg er rimeleg sikker på at eg har rett.......
Hmm-......... Det er jo ikkje eingong noko som har skjedd no nyleg. Det er ei historie frå då han var liten. Ååååååååååå, så spanande!!! (Not....)
Han var hos besteforeldrene. Ein bjørn blei litt for nærgåande og han varskudde besteforeldra. Dei ringte onkelen som kom og skaut han. Bjørnekjøttet fekk dei behalde og Bieber fekk smake på det ein dag det blei servert.
Eg reknar med at dei fleste jentene i 10-15 årsalderen allereie har fått med seg "nyheita" (med tanke på at det er totalt Bieber-hysteri her til lands, for tida.....).
Barn bør få ansvar for ulike typer husarbeid. Tja, der må eg vel seie meg einig....... Litt vedklyving og bergskylling er vel heller ikkje å forakte, sjølv om det er ute av huset.
Ansvar har vel aldri vore dumt?!
Breivik kan miste PC'en på cella. Stakkars mann...........
(Eg går ut ifrå at alle kjenner uttrykket ironi.......Berre sånn for å vere sikker.)
Nei, no skal denne tøtta ta å gløtte litt på tv. Klokka er sånn rundt rekna eitt og om ikkje så altfor lenge kjem Jon Blund. Så spørs det kva tv'n har å by på då fram til den tid......
Eg har stort sett arbeidd heile dagen og fram til klokka elleve i kveld, så det blir deileg å berre slappe av litt.
Ha ei god natt og sov godt!
Hasta mañana! :=)
IWALY
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar