mandag 20. august 2012

Mira Craig dumperr klærne sine, så no kan du kle deg som ei popstjerne!! Hurra og endeleg! Min store draum må jo berre vere å få klede etter ho........ Vi har jp netsen identisk rompe, ho og eg!! Hahahahahaha........ Nåneidu! Trur ikkje hennes klede ville passa til meg. Nei, godt eg har råd til mine eigne klede. Utslitte popstjerneklede er nok ikkje å trakte etter?! Viss popstjerner brukar plagga sine fleire enn ein gong då, vel å merke.
No høyrer ikkje eg på Mira og følgeleg er heller ikkje ein av mine idolar, så eg klarar meg utan kleda hennar. Så til fansen...... Ver så god!!!

(Dåke har vel allereie skjønna at VG er full av overraskingar i kveld, men tanke på denne "hotte" saka??!! Det blir vel som sonen min på åtte brukar å seie: "Mamma, æ veit du bære nakka ironi!"
Hmmm........ Kven som har lært ham å bli så smart?? Hahahaha......)

Nei, Mira får vere Mira. Då syns eg det er litt større at min tidlegare kollega og bergenser Torunn Michaelsen droppar å vere Brann-patriot for ein kamp for å få gå baklengs opp Kilimanjaro med meg!! Hahahaha....... Som ho sjølv skildrar ein bergenser : "Å være bergenser og ikke Brann-patriot, det er nærmest som å banne i kirken!"
Å banne i kyrkja vil vi ikkje ha noko av, så eg er spent på kva ho ender opp med. Blir det heia Hødd, eller?? Hahahaha...... Som at Hødd skal klare å slå Brann ned i støvlene??
Joda, eg trur framleis på julenissen (heilt sant), men ein stad går grensa.
Torunn: Eg trur vi får for både Brann-seier OG Kilimanjarotur??
Brann-Tromsø i finalen........

Når det gjeld å bli klok på s born, er det berre å gje opp med ein gong. Eg dro inn til byen i dag for å kjøpe ein skulesekk til sonen min. Etter nokre samtalar med andre tidlegare, fann vi ut at sekken hans er stor nok for eitt år til, men impulsiv som eg er.........
Så var kluet: kva sekk??
Korleis tenker ein åtteåring?
Det fann eg raskt ut........... Vi fann mange sekkar som passa og eg spurte kva sekk han likte best. Han prøvde så den og var strålande nøgd då den passa.
Eg spurte sjølvsagt om ham ikkje skulle prøve fleire slik at vi kunne vere sike på at han fekk den som var best for han.
Han var rimeleg steil (eg kan ikkje skjønne kor han har det ifrå!! Hahahaha....), så eg sa no at det var greit.
Det tok ikkje lange tida før eg skjønnte tankegongen hans..... Utanpå sekken hamg det ei mobilveske!!! Han ville ha akkurat DEN sekken av di det fulgte med ei mobilveske!! Hahaha.... Han som ikkje har mobil eingong!!
Framtidsretta kallar vi det! Han sa at han kanskje kom til å få seg mobil snart og då må ham jo ha ei veske til den.

Stakkars glunt!! Snart mobil?? Joda, han er akkurat som mora. Han trur på julenissen han også!!
Eg gjekk nok ikkje rundt og ønska meg mobil då eg var åtte! (Då var den vel ikkje oppfunnen? Likevel, eg lever enno, så sååååååå viktig kan det vel ikkje vere med desse utyska??
Eg skjønner ikkje kvifor vi er meir redd for ungane våre no enn før, i og med at vi må utstyre dei med telefon så vi kan nå dei til eikvar tid.
Eg får sjå om eg har gjeve etter eller ikkje om eit års tid...... Statistikken seier at det mest vanlege i dag er at born får mobiltelefon som niåring.
Jaja..... Eg har i alle høve ikkje tenkt å slå statistikken! That's for sure! :=)

Skulesekk, ny klokke og Peppes pizza...... Kan lykken vere beire??
Joda, han fekk jo ikkje "Let's cook"-maskina han har masa om i fleore månadar. Lenge leve reklame på tv. No skal dei ha oss til å kjøpe ein maskin for å lage is?? Eg trur det et lettare å lage det på gammelmåten enn med eon maskin kjøpt på Brio!!
Så då blei visst lykken berre nesten komplett.

Ja, det er mange måtar å sjå lykke på...........

Så klarte eg ikkje å legge meg ned og sove tidleg i kveld heller. Det er få minuttar til midnatt og det er vel enno ei stund til eg tar hintet.....
Uansett, ha ein fortsatt fin kveld/natt for dei som natteranglar. For du som har vit til å leggje deg..... Ha ei fortreffeleg natt. Måtte den bli fulgt av herlege drøymar, kva no enn det måtte bety for din del.......

Hasta luego.

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar