mandag 27. august 2012

Trist som faen.........

Var det ikkje det Ari Behn "sa"?? Vel, i dag er eg trist som faen........... Det er vel lov med slike dagar også?!!
Eg er eit "følelsesmenneske". Det du ser er det du får, liksom. Akkurat i dag slo nettopp det ut i den retninga som gjer at dagen ikkje føles så bra.
Det som er så fint, er at snart er det leggetid og i morgon tidleg, når ein vaknar, er vel det meste veldig mykje betre.

Eg likar ikkje å ikkje "ha det bra". Eg er ikkje skapt for akkurat det livet....... Så då måtte eg jo gjere noko med det!! Ingen bøn her i garden.
"Vi må ut på havet for å fiske!!" Det var ikkje eit spørsmål eingong. Berre ei konstatering. "Eg har behov for ein fisketur!"
Det var ikkje anna å gjere enn å bli med meg for å fiske!
Eg var bra spent på om vi ville få fisk. Eg veit fjorden er full av fisk, men fleire har i den siste tida kommentert at dei ikkje får så mykje fisk for tida.
Med eit "haill" som ikkje likna grisen, hadde eg dårlege odds.
Eg fekk rett i det siste........Det med odds'n stemte bra. Det var ikkje så mykje fisk å få. Til å byrje med lot eg hanen få bestemme fiskeplass. Resultat? Ingen som helst fisk........ Så sa eg at no vil eg bestemme. Resultat? Fire fine sei, men det var dog alt....... For etter ei stund hadde eg min kjære sønn og ei venninne på tråden som ville vi skulle kome heim att og eg hadde ikkje hjarte til å seie nei.
Likevel......... Det blei ein kjempefin turnog den gjorde godt for både kropp og sjel. (I tillegg til at måsen blei veldig glade for det festmåltidet vi ga dei då vi sløydde fisken...........fileterte!)

 
 
Like etterpå kom sola fram og det blei så utroleg flott og deileg!
 



Så blei ikkje ettermiddagen så "trist som faen" likevel :=)
 Eit par middagar med fisk er ikkje nok, så det blir vel ikkje så lenge til neste fisketur. Eg gler meg allereie.

Ei Beathe ute av lage blir ei irritabel og litt kjedeleg Beathe. Kanskje ikkje så unormalt?? Fisketuren var ein "høydare" denne dagen, men så kjem kvelden og roen skal liksom synke inn. Litt for mykje sukker og sofasliting hjelper ikkje akkurat på. Ergo er denne unge jomfrua framleis litt "trist som faen" og då bør eg vel passe meg for kva saker eg drøfter. Stor risiko for at eg kan bli litt for tøff i kjeften om eg finn dei rette sakene...........
Eg har enno ikkje vore innom Vg eller Dagbladet for å sjekke. Veit ikkje om eg gidd. Det var liksom denne her motivasjonen........

Kanskje det er akkurat no ein skal presse seg? Kanskje det er nettopp det ein treng. Ei lita stund med skriving kan kanskje sørge for å få tankene inn på andre ting. Eg trur kanskje eg prøver. Det er jo ikkje verre enn at angretasten kan brukast og "vips" så er det heile sletta. Ikkje verre enn det , liksom........
(Sukk........ Det var då valdsamt til kor mange "liksom" eg skulle bruke i dag......)

Dette kan være årsaken tilnorsk drittsommer. Vg nett, første sak. Det kunne ikkje starta betre! For eit drittema! Det er no det siste eg vil bli påminna om. Alle dei mangelfulle soldagane, liksom. Den kalde og grå sommaren som gjer at ein verkeleg går og håpar på ein fin haust.
Eg må no nesten le! (Det gjer eg faktisk litt for meg sjølv her eg ligg). Det er sikkert ei meining bak at det dukkar ei slik sak opp først. Det skal faktisk vere ein drittdag i dag.
Jo før ein aksepterer det, jo betre.......og aller helst med eit smil :=)
(Viss du faktisk lurar på årsaka, kan du jo sjølv gå inn og lese....... Eg står over denne gong!)

Anders er jentenes "Jakten-favoritt"........men han har allerede funnet kjærligheten. Javel.... Supert! Kva er vitsen med å delta då? Med mindre at det er snakk om noko lureri..... Forelska i kua si, eller noko sånt vissvass..... Det skjer jo frå tid til anna, det også. Eg trur ikkje eg ville følt kua som så stor trussel, for å seie det slik:=)

Etter å ha lest kva det dreiar seg om, handlar det om at han fekk dobbelt så mange friarbrev som dei andre til saman. Ein heil bunsj med brev, med andre ord.
Sjølvsagt klarte han å bli betatt av ein av frierane og difor skal han fortsette "jakta" på eigenhand.

Kunne han ikkje berre venta til serien starta og så kunne han likevel endt opp med ho?
Eg trudde nesten at dei som stilla opp som deltakarar forplikta seg til ein viss grad. Jaja............ Hyggeleg for han om det viser seg å vere den store kjærleiken. Det er mange som ikkje er det forunt.

Slik får du turboen til å vare lenger. Hahahahahaha........ Her byrjer det å likne noe! Kva i svarten er turbo?? Denne dama har stort sett ingen peiling. I og med at ho ikkje har peiling, så tenker ho at då må det dreie seg om bil!
Forsiktig spør ho den andre sofasliteren "Ka e ein turbo? Har det med bil å gjær?" Svaret var så enkelt som "Ja".
Juhuu........Visste eg det ikkje?!
Eg har så lite peiling på bil. Eg kan berre det som er nødvendig for å ta sertifikatet. Eg reknar med at det er godt nok om ein kan trafikkreglane!! Alt det andre får andre ta seg av. (Lærer vi om turbo under læretida?? Eg har i alle høve ingen peiling!!! ) Eg veit vi har ein Mitzubichi, det får halde, liksom........... Hahahahaha........ No slit eg verre!!! Eg spurte korleis det staves og plutseleg slår det meg her eg ligg at vi har slettes ikkje det merket! Vi har jo Citroen. Jaja........ det bekreftar berre at dette hovudet som er lima på koppen min, er eit naut når det kjem til bilar. (Sikkert til mykje anna også.......)

Bader som sild i tønne i gigantisk basseng. Æsj, blir kommentaren her!! Skikkeleg innbydande, eller?? Etter å ha studert biletet, kan eg seie at det er snakk om eindel personar. Ikkje søren om alle dei går ut av bassenget for å pisse!!

Viss ikkje neste sak er "trist som faen", veit ikkje eg.......
Katt bodde i sin egen avføring til den døde. Triste greier. Politimannen sa at det var det verste han hadde sett.
Bakgrunnen for at det blei oppdaga, var at eigaren blei anmeldt av skatteetaten. På bakgrunn av det, skulle dei ransake huset og så var det dette som møtte dei!! Biletet i avisa er ikkje akkurat innbydande. Stakkars dyr!!!

Har du Norges flotteste utedo? Nei, det har eg ikkje. Men eg har eit heilt greitt eit. Eg ser ikkje heilt poenget med å bruke tid og energi på å gjere eit utedo ekstra koseleg, slik at det blir så fint at ingen har finare.
I fjorden har eg ikkje utedo. Sjølv om eindel av sjarmen med hytte er utedo, så trur eg det er dei færraste som byggjer utedo i dag når dei set opp nye hytter. I alle fall valgte ikkje far min å gjere nett det.
I stadenfor så fekk han innedo og akkurat denne doen har verdas beste "happening" bak seg. Det er vi 18 vitnar på!!! Eg trur eg skal la vere å gå inn i sakas kjerne når det kjem til akkurat det. Det får bli mellom oss 18! :=)

Nei, klokka går raskare enn eg ønsker, så det er snart på tide å leggje seg. Det er om å vere kvil i morgon. Då blir det liv og røre på fotballbana frå klokka halv tolv og utover. Tinestafett og fotballturnering står øverst på lista.
Høydaren blir vel då dei eldste elevane skal møte lærarane til kamp. Det kan jo bli gøy!!! Eg stiller, eg også og eg gler meg! :=)
Har du tid og anledning, er det berre å trappe opp og heie på alle dei søte små og oss andre (veit ikkje heilt korleis eg skal definere dei vaksne........ikkje som søte og små i alle fall!!!!)

Så ha ein fortsatt fin kveld, god natt og sov godt!!
Måtte morgondagen bli super!!

Hasta mañana:=)

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar