torsdag 23. august 2012

Joda.........

På Løpsmarka skole er det så heftig at dei kjem i avisa. Skal det vere lov til å kline på skulen eller ikkje?
Løpsmarka skule har bestemt at det ikkje skal vere lov. Enkelte elevar reagerer på dette (kanskje som forventa).
Målet med forbodet er å sørge for at det ikkje skal vere sexpress på skulen.

Eg trur nok ikkje berre det er Løpsmarka skule som slit med dette problemet. Tar eg ikkje mykje feil, er det jenter som kler seg riktig så utfordrande ved dei aller fleste skulane. Utringinga på "jumperen" er nesten lenger ned enn sjølve kløfta og eg skjønner godt at gutane blir yr og "vill" i blikket av det.
Stakkars........ Dei er vel akkurat komen i puberteten og sjølvkontroll er ikkje alltid like lett.

Er det nødvendig med eit klineforbod? Bør det vere kleskodar ved ein skule?
Eg tippar elevane ville synes at det er kvalmt om to lærarar stilla seg opp foran dei og klinte.
Sånn generelt er det vel ikkje så veldig akseptert rundt om på dei ulike arbeidsplassane (at dei ansatte nesten et kvarandre opp....).
Vel, skulen er ikkje berre dei vaksnes arbeidsplass. Det er også elevanes arbeidsplass. Sånn sett er det nok på sin plass å ha eit slikt forbod. Sjølv om ikkje alle elevane rundt klagar høylytt på at folk råkliner rett framfor dei, betyr det ikkje at dei syns det er så kult. Dei berre syns det er vanskeleg å seie ifrå om at dei syns det er ekkelt.
Dessutan har døgeret nok av timar å leggje det til utanom skuletida.

Kleskode?? Eg veit ikkje heilt kva eg syns. Det vil jo vere drastisk å innføre skuleuniform.... Eg veit det er fleire skular som vurderer det. Enkelte bør likevel tenke seg litt meir om før dei troppar opp i klede som skjuler lite. Å by på seg sjølv på den måten, er eigentleg ikkje naturleg så langt ned i alder.

Ein skal ikkje skjære alle over ein kam, men i bunn og grunn trur eg at det handlar om kva haldningar dei tar med seg heimanifrå. Eg syns det er rart om ikkje foreldra oppdager kva klede borna går i.

(Når det gjeld klineregelen, er det ein elev som seier at den gjer det uuthaldeleg!! Hmm...... Betyr det at han er avhengig av å kline?? Eg berre spør.......)

Denne mystisk pakken " Kan aabnes aar 2012". Pakken er frå 1912 og kan altså opnast i år, hundre år etter at den blei pakka inn!
Det måtte ha vore eg som hadde funne ein slik pakke....... Aldri i verda om det hadde veore så "lurt". Pakken hadde i alle høve ikkje vore uopna så lenge då. Det er sikkert og visst!
Ingen veit kva pakken inneheld, ikkje før i morgon......... Som om mi nysgjerrigheit hadde latt vere å opne den pakken? Aldri i verda!

Då eg var yngre, kunne det skje at eg opna ein og anna pakke før julaften, for så å pakke den inn att for at eg ikkje skulle bli oppdaga. Heldigvis har eg vokst den biten av meg no, sjølv om eg eigentleg er ganske nysgjerrig på desse pakkane enno (eg berre skjuler det litt betre!!)
Så å gå rundt og vente i år etter år for å få opna ein pakke............. Det seier seg sjølv at det blir håplaust!!

Kvifor i alle dagar pakkar ein inn noko som ikkje skal opnast på hundre år?? Avsendaren må ha hatt god tru på menneskeheita viss han verkeleg trudde at det gjekk an! (Noko det faktisk viser seg å gjere......)
No er dei ute etter forslag på kva vi trur pakken inneheld! Åååååååååh, så spanande. Skund deg og foreslå!!! Jada, jada........ Eller var det neida, neida....... Såååååå tullete er ein vel ikkje??!

Eg for min del er ikkje så veldig nysgjerrig på kva pakken inneheld. Hadde eg hatt pakken i nevane mine, hadde saka vore ei anna, men det har eg ikkje. Eg er ikkje involvert i den pakken og då er den ikkje så interessant. Eg fattar berre ikkje at dei som ER innblanda har klart å la vere å opne den......... Det er nesten som om at eg får lyst til å skrive "respekt"!!

Jaja.......... Om eg les nettavisa i morgon, så får eg vel svaret!

Vil registere navn og personnummer på hiv-positive. Det har eg faktisk gått og venta på!
Altså, eg meiner ikkje at det er noko eg ønsker skal kome, men eg har tenkt tanken fleire gonger at det blir ikkje lenge før nokon kjem til å kreve det.

Det er helsebyråd Anniken Hauglie frå partiet Høgre som kjem med ytringa. Ho meiner at det er viktig at dette gjeres.
I dag registreres dei som er hiv-positive med fødselsmånad, fødselsår og bostadskommune. Forutan dette er dei anonyme.

Joda, eg kan skjønne at eit slikt forslag kjem, men det betyr ikkje at eg seier meg heilt einig i det.
Det er fleire moment i saka eg er heilt einig med, men det fins også motargument som eg faktisk syns er betre enn dei ho kjem med.

Dersom eg som lærar no hadde fått sjukdomen, vil problemstillinga bli "Kven skal ein ta mest hensyn til?". Bør eg beskyttast mot rykter, uvitskap og andre faktorar, eller bør alle elevar og kollegaer få ta del i nyheita om at eg er smitta?? Er det forsvarleg å fortsetje i arbeidet??
Årsaka til at eg stiller desse spørsmåla er at eg veit at det er mange sterke meininger ute og går blant folk. Då meiner eg meininger på begge sider av saka.

Har ikkje eg, som smitta, krav på personvern? Dersom eg må registrere både personnummer og namn, kan det fort lekke ut og livet mitt vil bli ganske påverka av det.
Så eg syns sjølv at spørsmålet er vanskeleg................ Eg syns det er vanskeleg å tenke kva som er mest fornuftig og kva som er rett i forhold til menneskeverd osv....

No er det liten sjanse for at eg nokon som helst gong skal bli smitta av denne sjukdomen. Likevel, ein har ingen garantiar mot noko som helst i denne verda.
Er det ikkje meg, er det ein annan. Problemstillinga er jo like ekte uavhengig av om eg blir smitta eller om det er naboen min, for å seie det slik........ Menneske er menneske!

Eg trur også at det er ferre som vil la seg teste om dei er redd for at dei er smitta. Naturleg nok ønsker vel dei fleste å vite om dei har ein slik sjukdom eller ikkje, men likevel vel eg å tru at enkelte rett og slett vil utebli frå testinga i frykt for å bli "uthengt".


Slik eg forstår Anniken Hauglie, er det snakk om at sjukdomen må normaliseres meir i samfunnet.
Det kan eg vere tilbøyeleg til å seie meg einig i. Eg vil faktisk påstå at mange har fått eit meir naturleg syn på saka dei siste åra og eg trur det er færre og færre som er hysterisk redd for å vere i same rom som ein smitta person. Likevel, det er enno ein god veg å gå før dei fleste vil sjå på hiv som ein "normal" sjukdom.
Sjølv om det er blitt meir normale og realistiske haldningar til hiv, betyr ikkje det at risikoen for å bli hengt ut er borte.
Eg er sikker på at fleire ville vegra seg for å vere med meg om eg hadde hatt smitten i meg. Det ligg i menneskets natur å vere skeptisk.

Ville eg sendt sonen min på besøk til ein kompis og eg visste at ein av foreldra til kompisen var smitta??
Heilt ærleg, så veit eg ikkje! Eg skulle ønske at eg kunne svart tydeleg ja på det, og sånn eigentleg så trur eg at eg ville gjort det. Eg kan likevel ikkje garantere det....... Eg har aldri vore oppi ein slik situasjon der eg har vore nøydd til å forhalde meg til slikt og det er prosenters sjanse for at eg ville ha vegra meg (sjølv om eg aller helst ikkje ønsker å avsløre akkurat det).
Men det var sonen min........ Hadde det vore snakk om at eg sjølv skulle gått på besøk, hadde det stilla seg annleis. Då hadde eg sjølv hatt kontroll heile tida.

Det skal mykje til for å bli smitta....... Likevel, frykten for det ukjente har alltid eksistert og det spørs om den nokon gong vil forsvinne.

Uansett kva dei kjem fram til. så trur eg at det vil vere lettare å vere opne og ærlege om sin smittebakgrunn om ein fekk lov til å vere anonym!

(Eg har bevisst utelatt å nemne at enkelte personar er farlege av di dei veit dei er smitta og likevel ligg med mange andre utan å bry seg. Det er ikkje dei menneska som er så "grufulle" som skal få definere kva som er det beste for det generelle mennesket).

Fornærmet cruisepassasjer fikk erstating. Likte ikke vitsene til komikerne ombord. Det er heile fem år sidan dette skjedde. Ein ire var på Karibia-cruise med kjerringa si. Komiskerne ombord fortalte om irer og deira stereotypar. Iren blei såra over vitsene og klagde til rederiet.
Han brukte forbudet mot etnisk driskriminering mot dei for å få erstatning og fekk det..........

Eitt år etterpå var han på ny ombord i eit cruiseskip. Det same skjedde. Komikere fleipa med irer og han ba om erstatning. Denne gongen fekk han nei og dei sa klart ifrå at dei ikkje har kontroll på kva dei innleigde sa eller ikkje.
Iren tok saka for retten...............

Heile tre år har rettssystemet forholdt seg til denne saka. Det strides om saka kan omfatte britisk juridiksjon i og med at det skjedde utanfor britisk farvann.
No omsider har saka fått ei løysing! Den utrettelege kampen har ført til at rederiet har inngått eit forlik med han og han får eit femsifra beløp!

Tja......... Skal det ikkje vere "stand-up komedian show" her i Kjøpsvik snart?? Det kunne vore kult...... Spesielt om komikeren plutseleg byrja å fleipe om nordlendingar osv....... Tru kor rik mange kjøpsvikingar kunne blitt??!!
Say no more.........

Det blir som eg skreiv i går. Vi lev i ei gal verd!! Ingenting sjokkerer lenger......

Ha ei god natt og sov godt! Klokka rundar snart midnatt og det er på tide å få Jon Blund på besøk. Han er nok ikkje langt unna.........

Hasta luego:=)

IWALY






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar