torsdag 16. august 2012

Torsdag 16.juli

Titt tei, her er eg, liksom. Hmmm...... Eg trur nesten unge jomfru Knutsen har hatt seg ein formidabel lang skriveferie. Kanskje eit lite snev at eit eller anna syndrom? Eller kanskje berre ho er så forelska at ho ikkje klarar å tenke på noko anna?? Kven veit eigentleg svaret? Sannsynlegvis ingen andre enn ho sjølv, og knapt nok det.

Jaja....... Syndrom eller ikkje. Ho er i alle høve attende og eg er ikkje heilt sikker på om ho har litt personlegheitsfprstyrrelsar eller ikkje i og med at ho pratar om seg sjølv i tredjeperson til tider. Fareteikna er nok ganske så visst tilstades.
Kanskje berre bra at det er ein skjerm imellom deg og ho.
Hahahahahahahaha........ Ein skulle nesten tru at jomfrua var ein smule bedugga, men den gong ei. Det er ikkje verre enn at ho sit og keiar seg på eit hotellrom istadenfor å vere sosial med ein haug andre menneske.

Eg har vore ein tur innom nettavisene. No var det jo ein viss fare for at eg hadde ein viss peiling på kva saker det stod om på førehand.
Sånn eigentleg er det enkelte saker eg er rimeleg lei av. 22.juli er ei slik sak. No når rapporten er komen, får vi vel høyre om den i ei laaaang tid framover. Ikkje har eg tenkt å henge meg på dei som vil at statsministeren skal gå av i denne saka.
Gjekk presidenten av etter 11.september? Gjekk Blair av etter det som skjedde i London??
Svara veit dykk nok allereie.
Dei som trur at hendinga aldri ville skjedd om den hersens gata hadde vore sperra......... Joda, det er lov til å vere naiv, men hallo........ Det er jo som å tru både på julenissen og påskeharen på ei og same tid!!! Hadde han ikkje kunne køyrt inn den gata, slik som han gjorde, hadde han ganske så sikkert funne ein annan måte å gjennomføre det på. Han hadde då vel planlagt alt nøye, og hadde gata vore stengt, hadde han planlagt noko anna. Garantert!!!
Nei........ Min tillit har han i alle høve enno!! Statsministeren, altså........

Forsvinningssaka.......... No skal eg vokte meg vel for å ikkje virke ufølsam eller trø nokon på tærne.
Akkurat denne saka wr varm no og difor passar det å bruke den som eksempel. Det er ikkje meininga å anta korleis denne jenta er. Eg tenker meir generelt.
Sjølv om vi ikkje les så ofte om slike saker i avisa, skjer slikt oftare enn vi trur. Sanninga er at det er mange av forsvinningssakene som ikkje kjem i media i det heile. Mykje hamdlar om pengar og status i samfunnet. Har den forsvunne profilerte foresatte, er det større sjanse for at eit større system blir satt i gang. Akkurat det gjer seg gjeldande i denne saka. Kva då med dei som ikkje har same sjansen til å gjere det same??
Eg trur at om vi hadde fått eit konkret tal å forhalde oss til når det gjeld forsvinningssaker her til lands, ville vi blitt overraska...

Uansett, det var eigentleg ikkje det eg hadde tenkt å fokusere på. Det som slår både meg og fleire med, er at uansett kven som blir borte, så blir dei skildra som den snillaste og gjevaste av alle i venneflokken. Den som aldri gjorde noko gale. Den snille og gode. Mange blir rost sånn opp i skyene og får nesten eit englestempel.
Eg påstår IKKJE at dei som seier det om dei forsvunne lyg. Langt ifrå! Eg berre påpeiker at det er tilfelle.
Då kan ein stille seg følgande spørsmål: Er det berre "vidundermenneske" som blir bortført. Alle saman?
Eg er ikkje eit slikt vidundermenneske...... Betyr det at eg kan føle meg ri eleg trygg uansett kor eg er?

Eg veit eg balanserer litt utpå ein kant akkurat no, men eg vel å håpe på at du som lesar skjønner kva som ligg bak det eg seier og forstår kva eg meiner.
Har det aldri slått deg at i alle forsvinningssaker så blir den som er forsvunne nesten opphøya?
"Det var ingen som ..............slik som ho!" Ein heilt normL setning å lese. Ingen over, ingen på sida, liksom......

Eg trur kanskje eg skal bytte tema så eg ikkje skriver meg heilt fast og plutseleg tråkker eit hav av menneske på tærne.

"Arkitektvask skaper turisttrøbbel!!" Eg prøver å vere kreativ her eg ligg. Kva kan eigentleg skjule seg bak ei slik overskrift?
No var der ei lita setning som avslørte det heile, så eg trur det er med og sperre litt for dei små grå, for dei kjem ikkje på eit einaste godt forslag til kva det dreiar seg om.
Uansett........ Dei har laga ein vask ala det vi har på Fjøsen heime i Kjøpsvik. Då snakkar eg om den Fjøsen som tilhøyrer fabrikken. Ikkje spør meg om kvifor eg har stor bokstav i Fjøsen.
Kanskje eg får Torunn på nakken (i og med at eg lar det stå slik....)

Likevel, eg trur ikkje det er så vanleg rundt omkring med slike vaskar. Så difor trur turistane at det er meininga at dei skal pisse i vasken. Hahahahaha......... Eg er glad mannfolk og kvinnfolk har adskilte toalett. Herleg!! Tenk på den flotte aromaen som oppstår av denne misoppfatninga av bruken til vasken......... Flotte greier! Eller med andre ord, hæslig!! Blæh.........
Berre så det er sagt..... Vi snakkar heile busslass i slengen. Fantastisk.....

Nei, jomfrua byrer å bli tung i augelokka. Kanskje på tide å finne Ole Lukkøye? Berre så synd at eg må finne han åleine.....
I så fall attstår det vel berre å ønske ei riktig så god natt!

Eg skal avslutte med eit life ord tak eg leste:
"Noen ganger må du gjøre det som er best for deg, ikke for alle andre."
Så med desse kloke ord seier eg rett og slett natta!

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar