onsdag 22. august 2012

Ei gal verd..........

Politiet glemte naken fange - fikk 80 000 i bot.
Ein eller annan "artigkar" har hatt det litt for artig ein kveld. Å kome med truslar på ein utestad er nok ikkje det smartaste ein gjer. Politiet er ofte ikkje så altfor lang unna då!
Eg ser ikkje heilt for meg at glattcelle er tingen, men etter å ha lest VG nett, har eg funne ut at ein kan kome seg til lettente pengar ved å ikkje oppføre seg ein kveld.......
No har ikkje eg tenkt å kome med nokre truslar overfor nokon som helst, så rik på akkurat det blir eg neppe. Likevel, denne "teite" saka lærte meg noko nytt (ganske uvesentleg nytt for meg), og all lærdom er no eingong lærdom.
Så........ Kva er det eg har lært i dag?? Joda........ Viss politiet tar deg med for å setje deg på glattcelle, kler dei deg naken!! Du blir rett og slett avkledd og sendt inn på cella (åleine forhåpentlegvis).
Det kjipe er jo då viss du blir attgløymt der inne! Kva om du sit der naken og ingen kjem og sjekkar deg på lang tid?
Eg vil tru at ein full mann "sluknar" når han berre har fått roa seg. Å sove utan ein tråd er ikkje særleg bra.........

Denne mannen som er omtala i dag, var åleine i heile seks timar på glattcella, naken! Han fekk ikkje tilbod om så mykje som eit lite pledd for å dekke til "litjkaren" eingong.
Følgeleg reagerer han på det og anmelder politiet for å få ei slik handsaming. Ergo blei han 80 000 kroner rikare av di han fekk medhald!
Det spørs om han ikkje berre er glad til for at han blei gløymt. I verste fall fekk han seg vel ein liten forkjølelse??
Lettente pengar, med andre ord:=)

Nakenbilder av prins Harry etter Las Vegas-fest. Vel, offentlege personar er nok vant med at det publiseres bileter av dei heile tida. Likevel, nakenbileter er nok ikkje å trakte etter, sjølv om du er ein kjent person. Kanskje aller minst når du er kjent....... Då blir du jo attkjent når du kjem gåande i gata.
At dette kan skje med ein slik person som prins Harry, er vel ikkje heilt uventa.
No er ikkje eg så oppdatert på dei kongelege rundt om i verda, i og med at eg ikkje finn dei så interessante. Eg har dog fått med meg litt når eg les litt på nettet, slik som i dag. Prins Harry er vel ganske kjent for sitt litt "ville" liv. (Kanskje litt glad i ein fest eller to?)

Viss eg hadde vore kongeleg, trur eg ikkje eg ville ha spelt biljard i berre nettoen (i Las Vegas). Det måtte i såfall ha vore heime i kjellaren!! (Og for eit nydeleg syn DET ville ha vore!!! Hahahahaha.............)

Så uttrykket "det som skjer i Vegas, blir i Vegas" gjer seg nok ikkje gjeldande når du er ein slik person som han.
Å spele biljard, naken, med ei dame, også naken, og samtidig halde hendene sine på på henne.......... Litt risky, kanskje???
Kanskje ikkje så vel overveid å ta med seg ei heil gruppe med jenter på suiten sin og samtidig tru at dei ikkje kjem til å bilete av han!! Då er det i alle høve snakk om å vere naiv..........
Nei......... Kronjuvelene sine bør han skjule litt betre!! :=)

Politiet om overfallet i Levanger: Har ikke skjedd.
Gud betre!!! Er folk blitt heilt forstyrra?? Trur dei ikkje politiet har nok å gjere sidan dei "fikserer" eit overfall?? Det er det vi kallar å "ha lite å gjere"!
Det verste er at det ikkje er snakk om at det er berre ein person som står bak. Det hender seg jo at enkelte får seg eit lite "drypp" og må ha litt merksemd retta mot seg. I denne saka er dei to.
Dei må rett og slett ha putta dei to hovuda deira saman og planlagt at dei vil lyge for politiet. DET kallar vi tragisk!

Alle dei ressursane politiet har satt i sving for å finne ut av saka....... Det blei sendt ut etterlysning og dei har hatt fleire avhør.
At desse to jentene ikkje skjønner konsekvensane av det dei har satt igong, er vel ikkje så rart. Når dei ikkje skjønnar betre enn å dikte opp ei slik sak, veit dei vel ikkje betre.
Eg veit ikkje alderen på dei, men truleg er dei vel ikkje så altfor moden...........

Bonde sultet ihjel 136 griser: Hadde ikke tid til å fore dem.
Slike saker er det berre trist å lese om. Grufulle forhold i grisefjøs og grisar spiste daude grisar. Ekkelt!!
Eg lurar på kva ein kan få i straff for slikt?

Grisebonden kjøpte seg 150 grisar. Etter eit par månadar var det berre 14 av dei att. Han hadde ikkje tid eller pengar til å ta seg av dyra sine.
Hallo???? Det kunne ikkje skurra meir. Kvifor i alle dagar kjøpte han dei då??

100 dagar i fengsel er straffa! 3 månadar........ og sjølvsagt mista han retten til å drive husdyrhald dei neste 15 åra.
Kvifor ikkje for alltid? Ta i frå han sjansen til å gjere det på nytt.

Mange av grisane var tråkka ned i gjørme og skitt, og delvis var dei gått i oppløysning. Fytti F!! Kvalmande..............
Syke menneske........seier eg!

Hadde sex midt i trafikken ved omstridt nakenstrand.
Eg har ingen statistikk å vise til når det kjem til friluftssex, men eg vil tru at dei fleste har ei sperre for kor i naturen dei eventuelt vil gjere det?! Mest sannsynleg trur eg at det er at dei velgjer ein annan stad enn rett i åsynet til andre.
Vel, eg er i min fulle rett til å tru det. Kanskje eg tar feil? I alle fall når det kjem til Oppegård kommune. Der er dei nemleg ganske aktiv når det gjeld friluftssex. Det er visstnok eit problem som har vore i fleire år. (I alle fall definerer rådmannen og andre der det som eit problem).

Det er vel ikkje så lett å berre snu seg unna om ein plutseleg ser at enkelte ligg der og tar for seg eindel av herlegdomen ute i Guds frie natur. Dei fleste ønskjer nok å slippe å sjå det, men eg trur dei fleste blir litt "småsjokka" om dei ser det og augene styrer innimellom sitt eige liv.
Eg veit ikkje heilt korleis eg ville ha reagert om eg plutseleg hadde sett to nakne menn som låg der og koste seg i graset?
No gjeld sikkert ikkje problemet berre menn, men det er to menn som har fått fokus akkurat denne gongen på nettet. Eg hiv meg berre med på bølgja......

Seks tusen kroner på kvar blei straffa. Dyr sex med andre ord!!
(Når eg les litt lenger ned, ser eg at det står at det er flest menn det gjeld).

Nei....... det er mykje rart å lese!!!!

Ha ein fin onsdagskveld! Hasta luego:=)

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar