lørdag 25. august 2012

Fredag............

Risikerer 21 års fengsel for gruppevoldtekt i Bergen. Vel........Drep 77 og få 21 års fengsel! (Like mange som vi er elever ved skulen vår.....).
Eg skal ikkje kommentere valdtekten i Bergen, men eg berre bit meg merke i at strafferamma kan bli den same som ABB har fått tildelt i dag.

Det var mange som var letta idag då kjennelsen blei tilregneleg og 21 år. Kva vil det eigentleg seie? I verste fall (for oss) er han ein fri mann om kor lenge? 12 år? Viss eg ikkje tar feil, er eit fengselsår kortare enn eit normalår. Det må det jo vere i og med at han allereie har fått godkjent heile 445 dagar av straffa som sona. 445 dagar........... Det er jo ikkje eingong så lenge sidan skandalen skjedde.

Dei har sjølvsagt sikra seg. Når straffa er ferdigsona, kan dei ha han i forvaring i inntil fem år i slengen. Det vil i praksis seie at han kan, i verste fall for han, bli sitjande resten av livet sitt.
Likevel........ Eg beklagar, men eg er skeptisk! Eg kan ikkje for det...... Mannen er jo ganske "smart" og kva om han oppfører seg eksemplarisk og overbeviser systemet om at han angrar og at han er "omvendt"? Kan dei halde på han uansett? Må dei ikkje ha skjellig grunn til mistanke om at han kan finne på noko på nytt om dei slepp han ut for å halde på han?
Det skulle vore slik at han fekk 21 år for kvart einaste liv han tok!!

Eg er ikkje så oppdatert på loven når det kjem til akkurat dette, så difor spør eg berre........ Eg håpar han blir sitjande inne!!

Den mystiske pakken kan ha lurt alle. Hahahahahaha........ Kor teit!!! Pakken var datert 1912, men inneholdt dokumenter som er frå eit seinare tidspunkt. Say no more!!!
Nei, dei skulle gjort akkurat det same som eg ville ha gjort om det var eg som hadde pakken liggjande. Opna den straks!!

Det er sikkert av verdi, det dei fann i pakken, historisk, men likevel........ Kva er vitsen med å pakke ned avisutklipp og dokumenter og be om at det ikkje skal opnast før eit hav av år etter?
Eg trur eigentleg dei ikkje syns pakken var så spanande etter å ha opna den.

Skarsgård ble åttebarnsfar. Jaja, glad i sorten...........

Nekter for å ha gjort skuespiller gravid. Eg har tidlegare skrive om godeste Berlusconi. Han som verkeleg har vore glad i sorten. Om ein skal tru alt det media har kokt ihop det siste året, har han hatt mange kvinnfolk!! No er det ei skuespillerinne som hevdar at ho er gravid med bornet hans.
Ein ny skandale med andre ord!!

Ho veit at det er han som er faren av di ho "kun har ligget med han". Eit typisk standarsvar........ Så sa ho like etterpå at ho hadde spotanabbortert. Hmm........ Det luktar litt svidd av det heile.
Så medan det pågår ei rettsak der han er tiltalt for å ha hatt sex med ei som er mindreårig, kjem dette i tillegg.
Mannen er heftig vil eg påstå!!

Han har planar om å stille som statsministerkandidat til neste år......... (Då bør han kanskje passe på kor han plasserer "snutten" sin.)

Her går det galt for mora med fireåringen på armen. Jeeeezzzes.....!! Går det an? (Tydelegvis..)
Kvinna kjem inn på T-banestasjonen for å ta eit tog. Ho ser eit tog som står der, berre at det står på den andre plattformen.
Av ein eller annan grunn ser ikkje kvinna at toget står på andre sida og berre går rett imot det. Pang, seier det då!!
Når ein står på perrongen, er det eit stykke ned til togskinnene. Ho gjekk berre rett fram og så låg ho plutseleg der på skinnene. (Kanskje ho trudde at ho har "jesuseigenskapar" og kan gå i lufta?)

Det heile, til trass for at det er tragisk, er jo eigentleg litt komisk. Heldigvis klarte dei andre passasjerane som stod og venta å berge henne opp før det kom eit nytt tog. Gudane veit korleis det ville endt om dei ikkje hadde komen ho til unnsetning.
Nei, det er lov å bruke augene..........

Klarte ikke å hoppe over elva - ringte politiet og sa at han var blitt knivstukket. Han feilberegna avstanden og hoppa med haka rett i sementen. Så kontakta han politiet og sa at først blei knivstukken og så kasta i elva.
Folk er rare!! Det er altså sikkert og visst! Han fekk heile 750 kroner i bot (80 pund). Snakk om straff etter at politiet har brukt x antal tusen på å løyse saka.
Oppklaringa kom då dei beslagla stefaren sin telefon der opptak av heile stuntet låg. Smart!!

Puppene til Triana skaper oppstyr i Spania. Det var då også noko for spanjolane å lage sak om!!
Triana har sjølvsagt stilt halvnaken opp i eit manneblad. Ikkje noko nytt, det, men akkurat denne gongen har ho tatt steget litt lengre.

Triana vil som regel ikkje vere topplaus når ho tar oppdrag som dette. Denne gongen valgte ho å vere nett det. For å vise sin "hensynsfullhet" (hahaha....), fann ho ei løysing for dei menna som ikkje vil ha brystene hennar dytta opp i andletet sitt. På framsida av coveret er det laga ein bh i termolakk. Det betyr at dei som vil sjå pupp berre kan gni på bh'en og vips så er bh'en borte.

At Triana heiter akkurat det ho gjer, Triana, sørger for å gjere saka meir betent enn at du kan få sjå puppene hennar. Triana er også namnet på ein stad i Sevilla som er ein heilag stad som folk drar på pilgrimsferd til.
Når folk googler Triana for å finne ut kva kyrkjer dei skal besøke, ja........... Dåke skjønner sikkert teikninga?!! Dei fekk opp noko anna enn kyrkjer.......... Topplausbilete av Triana var det som dukka opp!!
Stakkars svake sjeler............Hahahahahahaha........ Litt komisk er det jo (det siste).

Nei, eg har holdt på med mitt "walk in closet" i heile ettermiddag/kveld, så eg kom så seint i gong med skrivinga. Klokka er passert midnatt og eg er rimeleg trøytt. Eg får heller vere meir vaken laurdagskveld så kanskje eg kjem over litt meir "heite" saker enn i kveld.

Jaja....... Ha ei god natt og draum søtt!! Nyt helga og det som måtte følgje med ho:=)

Hasta mañana!!

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar