søndag 26. august 2012

Ukeslutt.......

Mann (44) dømt for å stjele parfyme hele 18 ganger. Det er snakk om ein osloborgar og han begrunnar det heile med at han likar å dufte godt! Joda........ Det er greit at parfyme er dyrt og utan arbeid er det kostbart å invistere i akkurat det. Likevel......
I og med at han har erkjent alle forhold, medfører det" prosessøkonmisk besparelse" (slepp å kalle inn vitner osv...), får han ei lavare straff enn ellers.

Vinningsforbrytelser lønner seg aldri........

Lene Marlin overrasket seg selv ved å oppsøke rampelyset igjen. Standard svar hos mange. "Jeg overrasket meg selv!" Hahahaha......... Tippar ho blei kjempeoverraska. Det heile var på impuls, liksom?! Tvilar......
Det heile koker ned til at eg har lært meg at ordet overraske kan ha fleire meiningar enn kva ordbøker kan gje oss svar på.
Kanskje Marlin kan overraske oss enno meir ved å halde seg i rampelyset........

Er det så ille med litt hår under armen, da? Ja, veit du kva??!! Når eg studerer biletet dei har lagt ved, så er svaret definitivt JA!! Eg ser ikkje heilt for meg at Julia Roberts, Victoria Beckham osv osv kjem opp den raude løparen og løftar armen for å vinke til tilsodarane med armhula full av hår. Det gjer eg rett og slett ikkje! Eg ser ikkje heilt for meg at det kjem til å bli den nye moten heller. Nei, æsj!
Mannfolka må berre ha så mykje hår dei vil både under armane og på kroppen, men vi kvinnfolk......
Tja, no skal ikkje eg bli for frekk her, for det er sikkert mange som ikkje barberer seg, men skal ein gå i kjole og vise armhulane, ja då meiner eg definitivt at ein bør barbere seg under armane. Mest av di det er meir kvinneleg, men også for å hindre ei megastor samling av illeluktande svette som set seg i håra etterkvart. Skikkeleg bra sjekketriks, liksom..........
Nei til underarmspels, seier eg. Kanskje eg har eit litt forvrengt syn på kroppshår?? (Dog berre hos kvinnfolk!)

Hva er ditt havfruenavn? Hahaha...... det skulle eg likt å vite, men eg trur eg blar meg forbi den "saka". Dagbladet på sitt beste.....liksom??!!

Kvinner går til sexstreik mot presidenten. Vi er forflytta over til Vg nett og sakene her er nok ikkje så mykje meir å skryte av enn hos Dagbladet. Først er det eit "tonn" med fotballnyheiter og så kjem denne........... Eg visste ikkje at det gjekk an.......å sexstreike mot ein president. Kor i verda er vi når dei snakkar om slikt? Det første som slår meg er at det må vere snakk om fleirkoneri og at det er kjerringene til ein eller annan president som no pressar låra saman i protest mot eit eller anna. Så spørs det kor i verda vi har fleikoneri og president. (Dersom eg har rett, vel og merke.....).
Det må jo kanskje bli i Afrika ein stad.
Eg får opne saka og lese kva det dreiar seg om.............

Jeeeezes!! Afrika stemte jo bra, men ikkje resten. Det er i Togo og det er eit politisk spel!
Politiet arresterte i forrige uke mange som demostrerte i gatene mot dei nye valgreglene.
Mange har allereie blitt sluppet laus, men dei som enno sit inne, er folk som har hatt våpen som kniv og liknande med seg.
I denne samanhengen har opposisjonsleiaren stått fram og oppfordra alle landets kvinner til å halde låra samla ei heil uke som ein protest mot presidenten.

Eg kjenner ikkje at eg blir heilt klok på dette......... Det må eg ærleg innrømme. På kva måte rammar eg ein president om eg nektar å ha sex? Om eg vel å utestå frå sex eit heilt år, så trur eg ikkje det rammar andre enn min eigen heim....... ?!!
Det blir sjølvsagt ille for alle dei menna som føler trangen og må klare seg sjølv, men eg trur dei neppe går til angrep på hverken president eller opposisjonsleiaren om kvinnfolka seier nei.
Då er det meir nærliggjande å tru at dei tyr til "ulovlege" verkemiddel overfor kjerringane sine for å få det dei vil ha......... I alle fall om ein skal tru det ein les i bøker og høyrer om på nyheitene om kulturen i andre land når det kjem til kvinneundertrykkelse og liknande. Eg trur ikkje desse kvinnfolka har så mykje dei skal ha sagt.......
Like lite trur eg at presidenten går av om folket hans ikkje får dyppe "litjkaren" sin på ei uke....... !

Nei, det er ei ny arbeidsuke i morgon tidleg, så det er på tide å kome attende til denne planeten og slappe av litt før ein tar kveld.
Etter å ha rydda heile dagen (eg er god på å kaste ting), var det godt med ein luftetur/trimtur. Det blir tidlegare og tidlegare mørkt ute og det er vel eit tydeleg teikn på at det er haust! (Ein haust som har vist seg frå ei mykje betre side enn våren og sommaren, så langt.)

Så då attstår det berre å ønske ei god natt :=) Måtte Jon Blund strø nok av søvnmiddel hos alle så dagen i morgon blir bra!
Ha ein fortsatt fin sundagskveld!!

Hasta mañana!! :=)

IWALY 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar