torsdag 30. august 2012

Barnas iPad-spill ga sjokkregning. Ja, dette er vel ein god grunn til at ein ikkje nødvendigvis treng å oppgradere leikerommet til borna med "aller siste skrik" på markedet. Son min har ved fleire høve spurt om ikkje eg kan kjøpe han ein iPad. Svaret har stort sett gjeve seg sjølv. Kva skal ein åtteåring med iPad?? Eg ser ikkje heilt behovet sjølv om det sikkert kan finnes mange gode grunner til å gje han det.
Dei som talar imot, er i mine auge mykje betre enn dei som talar for.
Sjekk berre denne sjokkregningssaka!! Eg vil tru at foreldra i det huset har felt ei lita tåre, om ikkje to, etter at dei fekk regning i posten på heile 56 322 kroner!! Jepp, stemmer........... Ei riktig så kjip rekning å måtte betale, og betale må ein! Det er liksom ingen utveg der.

Det var Jenny på 11 år og bror hennar, Heine på åtte, som hadde det litt gøy på iPadn. Så gøy var det at eg er usikker på om foreldra i dag angrar eller ikkje på at dei investerte i produktet til borna.
Etter å ha spelt med det dei trudde var leikepengar, kom rekninga. Rekninga var høyst reell!! Det hjelper ikkje å seie "jamen, eg trudde..........". Nei, shit happens!

Foreldrelykken varer ikke evig. Litt tøff i trynet kanskje, men det er sikkert ein grunn til at nett denne overskrifta blei valgt. Eg skal i alle fall finne det ut. Eg må jo få vite kva tid lykken om min verdas tøffaste, søtaste og beste son tar slutt. (Og kven som har bestemt at det er slik det er!)

Hmmm........... Eg slit! Det viser seg at ein må abbonnere på VG+ for å få tilgang til dette stoffet. Eg lasta det ned, men så må eg plutrseleg gjennom ei lang registrering og abbonenttilknytning til såså mykje i uka. Gløym det. Saka er ikkje såååå viktig at eg byrjer å abbonnere på noko for å få vite nokre smådetaljar. Nei, ingen fare for at nokon døyr her i garden av slike grunner!!!!

Sædkrisen over - men bankene vil ha mer. Sædbanken, liksom........... Dei har sånn konto du kan levere inn litt sperm og etter ei viss tid har innskot vokst durabeleg. (For mange, i alle fall......)
Eg er ikkje heilt sikker på kor høg innskotsrenta er, men vi får satse på at den er meir enn sparebankens.

Eit slikt bankinnskot er billegare enn om du skulle gjort innskotet sånn på direkten. Då risikerer du jo både bornebidrag og alskens anna pengeslukande hurlumheieriar. (Farleg for enkelte.......)
Sædbanken er grei slik! Du slepp liksom unna gjeldsrentene!!!
Kjempefint for dei som vil sleppe unna, men enno finare for dei som ønsker å reprodusere seg sjølv og som slit med å gjere det på den vanlege måten. Då kan det vere greit med eit besøk i banken og ta opp eit lån, sædlån sådan, og om renta ikkje er så altfor høg, så kanskje dei er heldige og sørger for at den durabelege gevinsten lar seg gjelde. :=)

Eg trur kanskje banken meiner vi skal bli litt meir solidariske!! Ein bør føle samfunnsansvar og stille opp, så oppfordringa til dåke alle må jo då bli "Opne konto i banken, sædbanken!".

Er økologisk mat sunnere? For helsa er det ikkje store forskjellen å hente på å ete økologosk mat eller ikkje. Dette er no slått fast i ulike studier.
Eg kunne ikkje brydd meg mindre........ Om eg står i butikken og skal kjøpe noko, vel eg det produktet eg syns ser mest innbydande ut. Det som seier "Eg ser du har lyst på nett meg!" Ordet økologisk har vel hamna på nokre av produkta, men dog ikkje bevisst.
Det betyr ikkje anna enn at det er det eg skal fortsette med. I følge studiene treng eg ikkje bekymre meg for at eg ikkje ser meg om etter slike produkt. (Verda er blitt vel overhysterisk...... Økologi meg her og økologi meg der!!)

Finnes det noe bedre enn en mann og kone som hater hverandre? Ingmar Bergman er den som skal svare på det. Han er jo ein oppegåande mann, så kanskje han har noko fornuftig å kome med?
Ikkje veit eg....... Han har jo vore gift heile fire gonger, så i kva grad vi kan kalle det livsvisdom eller ikkje........... Alt etter som, det!!

Bergman er som ein brannstiftar der han går laus på temaet med å gå rett inn i kjernen til mange. Abort, utroskap, løgner, alkohol, slagsmål..........Ja, you name it!
Alle elementene er vel med stor sikkerheit med på å skape sjalusi, mindreverdigheitskompleksar, egoisme, bitterheit, pretensiøsitet......sånn berre for å nemne nokre av dei som står der.
Bergman vil jo då bruke andre ord for det same: "Alt det spanande livet har å by på!" :=)

Joda, det fins vel eindel menneskelege tragediar, men han har jo ein tendens til å ta det ganske så langt i sine uttalelsar. Det vil eg påstå...... Det heile er nok litt svartmalt, sjølv om det sikkert er mange som kunne følt/føler seg truffen av eit slikt utsagn.
Enno godt at eit hus har fire veggar! :=)

Bergman er jo skodespelar, ein god ein sådan. Han har vore med og spelt inn tv om akkurat dette.
Sjølv om det er bra lenge sidan, er temaet, i stor grad, framleis aktuelt, til trass for at tida har endra seg litt og kanskje har trua på ekteskapet og kjærleiken er på veg attende.
Ingen kan vel uansett nekte for at filmen Bergman er med i sørger for at alle som ser den får ein brutal kontakt med røyndomen!

Turdag!! Det har vore ein herleg dag!! Sol, sjølvsagt, men det er ikkje til å leggje under ein stol at det har blåst litt. Likevel, vinden påverka ikkje humøret til nokon som helst av dei eg var sammen med. Tvert i mot!! Det var visst berre digg å stå med vinden i ryggen og late som at den snart skal sende deg avgarde ut i vannet (iskaldt sådan). Spenningen bak, sjølv om dei følte seg rimeleg sikker på at dei var sterkare enn vinden, var likevel tilstades.

Eg har nemnt vann........ Med andre ord vil det seie at vi har vore spreke i dag! Alle borna frå første til fjerde klasse har vore ved Storbotnvannet i dag. Målet var skihytta og det var der vi grilla ved elvekanten. Etterpå bar det heilt opp til vannet. Alle som ein:=)
Enkelte vil kanskje påstå at det ikkje er så utroleg langt opp dit, men for born som ikkje er særleg vant til å gå tur i det heile (for det fins diverre eindel av dei), så er prestasjonen ganske bra!
Det skal sjølvsagt ikkje stikkast under ein stol at dei var rimeleg sliten då dei kom ned.......men du verden kor fint det blei.
Moralen er grei!! Ingen har vondt av å bevege seg.
Sitat ein av elevane: "Mmmmmm..........Dette er fredsdalen! Det er her alle plantene er." (På herleg bokmålsdialekt!!!)

Det er berre å håpe på at hausten skal fortsette med å vere fin. Då treng ein ikkje dra til sydlegare strøk for å få energi og ro. (To motståande ord - men likevel passer dei godt i lag.) Nei, kva er vel betre enn å nyte den herlege naturen vi har??
Sjølv har eg veldig lyst til å ta meg nokre dagar i naturen. Telt/lavvo og kanskje ei fiskestang...... Det ville i alle fall vore lykke!! (Eg trur nesten eg må gjere det i løpet av hausten). Pakke sekken og leggje avgarde. Herleg!!! :=)

Det er torsdag og det betyr helg i morgon........ Det blir deileg, det også!
Ha ein fortsatt fin torsdags ettermiddag/kveld!
Eg skal ta av meg dei lårlange stilettane og bikinien for å ha total avslapping i badekaret! Litt musikk og aroma.................... Manglar berre nokon som kan smøre den inn.......... :=)

Hasta luego!!

BGM

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar