onsdag 29. august 2012

Kopier Victoria Beckhams ønskeliste for en billig penge. For eit elendig språk!! Journalist-Noreg på sitt beste......... Viss eg skal bruke denne overskrifta slik ho står, betyr det at eg kan få lov til å kopiere lista om eg betaler ein liten sum. Det einaste eg treng er ein kopimaskin og eit ubrukt ark.
(Det er det som står der?!!) Det står ikkje at det er det som står på ønskelista som er billig. Det er kopieringa av lista som er billig. Lista kan likesågodt innehalde det mest eksklusive som finnes på denne jorda.
Det må jo vere lykken å få hengje opp ønskelista hennar over sengekanten slik at ein kan studere den kveld etter kveld............
Som sagt...........journalist-Noreg!!

Eg reknar med at om eg trykker på "les meir", får eg opp mykje ord og bilete om kva ho ønsker seg. Dei har sikkert klart å hoste opp lista.
No hadde eg eigentleg ikkje tenkt å opne saka av den enkle grunn at eg bryr meg mindre enn null og kven kan eigentleg bruke dei same sakene/kleda som ho Victoria?? Ho som har vore avbilda x tusen gonger pga av ho ser anorektisk ut.
Eg seier ikkje noko galt om anorektikarar, berre så det er poengtert!!! Det er berre lettare å få fram poenget ved å bruke det eksempelet. Poenget er jo då at majoriteten av det norske folk ikkje kjem inn i det ho går i....................  (Jada, jada..........Eg veit at klede fins i ulike størrelsar, men det er ikkje like "gøy" å nemne det, for då forsvinn liksom poenget litt.)
Eg tar og opnar saka............

1) Stilettar som går opp på låra!!! Juhuuu...... Eg skjønna det! Du skal vere bra slank for å kome inn i slike støvlettar.
2) Trang, rett skinnbukse. (Ja, det veit vi jo alle at ikkje kven som helst kjem inn i det).

Eg trur eg skal la vere å liste opp...........MEN eg trur pinadø eg går for mi eiga forklaring til overskrifta i avisa. Det med at ein kan kopiere lista i ordets rette forstand.
43 000 kr kostar herlegheita og det er ikkje snakk om så mange ting på lista. Om eg skal bruke 43 000 kroner den neste uka, så er det definitivt ikkje på å gå i det same som denne frua!

No skal det seiast at "minMote" har klart å leite opp liknande produkt til berre 3600 kroner. (Det er vel der det med at det er så billeg kjem inn.)
Kva er poenget med det, då? Nei, skal ein kopiere stilen hennar, må ein gjere det med stil!! Det er nok sikkert ein god del forskjell på produkta ho har på si liste og dei produkta "minMote" har hosta opp.

Heldig for meg (og deg!!) at det aldri kjem til å skje at denne unge jomfrua dukkar opp med lårlange stilettar. Då veit både du og eg at det har rabla for meg. Det er sikkert og visst!! Jomfru Knutsen, lårstilettar, bikini og eit glas raud vin!! Say no more!! 

Jeg skal bevise at kvinner kan få menn til å gjøre nesten hva som helst. DEN trur eg ikkje at eg tør å bevege meg inn på! Det er Aylar som skal stå for dette og eg tvilar ikkje eit sekund på at ho vil klare å bevise ein god del.
Likevel, skal eg drøfte det her, må eg sikkert tenke litt utover det som sikkert er sakas kjerne, så eg trur kanskje eg skal la vere. Eg kan heller overlate deg sjølv til å sjå på overskrifta ein gong til og så kan du sjølv sjå for deg kva du trur det er snakk om.

16-åring dømt for seksuelle overgrep mot 9-åring. Blant mange "komiske" saker på nettet, dukkar det plutseleg opp saker dette. Saker som gjer at ein får vondt inni seg når ein les om det. Det første som slår meg er "Går det verkeleg an?" I dagens samfunn er det eigentleg ingenting som sjokkerer lenger, men enkelte saker provoserer så til dei grader at ein eigentleg kunne ønska hardare straffar for dei som gjer slikt!! Stakkars jente........

Ni år. Berre eitt år meir enn sonen min. Ekkelt!! Frå ho fylte 8 år, hadde han seksuell omgang med ho heile fem gonger.
Det er snakk om ei fosterjente som kom til denne fosterheimen då ho var tre år. 16-åringen er eldste sonen i denne heimen.
For å få viljen sin, lokka han ho med goder.

På grunn av at han er under 18 år, får han berre samfunnsstraff. 280 timar. Det er det same som under 8 uker om ein ligg ei vanleg arbeidsuke på 37,5 timar til grunn.
Jenta får ein liten sum i oppreisning, men så altfor lite til at det kan veie opp for "tapet" hennar. Det kan forresten ingen pengar gjere, uansett kor høgt beløpet hadde vore. Ho får 100.000 kr.

Slike saker der små born blir utsatt fr slikt, får det til å vrenge seg i magen min. Sjølv om ein er forhaldsvis ung når ein er 16 år, er det inga unnskyldning! Det er slett ikkje for mykje å forvente at ein sekstenåring skal fatte at det er veldig ille!! Han var nok ikkje uvitande om at det han gjorde var galt!!
Kynisme............

Kva no?? Skal dei fortsatt bu i same hus? Eg veit ikkje......... Det siste er ikkje nemnt med eit einaste ord.

Det er onsdag og "Mittwoch". Det er jaggu meg ikkje lenge til det er helg att. Det er vanskeleg å hengje med i dette tidskappløpet. Døgeret har som regel ein time eller to for lite fleire dagar i uka!!
Jaja........ I morgon er det torsdag og då er det tur i fjellet. Eg gler meg!! 
Det er berre om at det blir fint vèr. Opplevinga blir så mykje betre då. :=)

Då attstår det berre å seie god natt! Ha ein fortsatt fin onsdagskveld om du framleis har tenkt å sitje oppe ei stund.

Hasta mañana!

IWALY.........



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar