fredag 7. desember 2012

Nonstop.......

Bitt av kobraslange på fly. Viss eg no skulle vere så gal at eg først skulle smugle noko med meg på flyet, ja då kan eg vitterleg garantere at det ikkje er ein kobraslange. (Eller meir korrekt, ingen som helst slange!!!)
Det er nett det som skjedd. Ein som skulle fly frå Kairo til Kuwait, hadde tatt med seg ein kobraslange i handbagasjen. Heilt normalt!!!
Litt meir hyggeleg blei det då det blei oppdaga at slangen ikkje lenger var i handbagasjen, men laus i flyet.
Var det nokon med flyskrekk ombord, trur eg at eg ganske sikkert kan slå fast at det ikkje hjalp noko særleg på skrekken å få vite at det er ein slange laus ombord.
Om eg ikkje tar mykje feil, var det "smuglaren" sjølv som blei biten. Statistisk sett kan gifta frå ein slik slange ta livet av eit menneske på 15 min. Eg trur nok eg ville ha blit rimeleg stressa om eg hadde blitt biten høgt oppe i lufta utan sjanse til å få rett hjelp.
Flyet måtte naudlande og sjølvsagt blei både slange og eigar "kasta" av.
At han hadde blitt bitt, brydde han seg visst ikkje så veldig om (han artigkaren som ikkje hadde betre vit). Så då dei blei satt på bakken, nekta mannen å ta imot hjelp. Han skulda på at det berre var eit overflate sår........ Joda.......Eit overflatesår frå ein kobraslange hadde heeeeeilt sikkert roa nervene til denne jomfrua! Heilt klart!!

Då eg las at flyet gjekk frå Kairo til Kuwait, tenkte eg først "at det går an". Det er jo ganske teit å seie at flyet gjekk frå ein by til eit land. Heilt til dei små geograficellene fann ut at det er lov til å tenke litt til trass for at det er fredagskveld....... Viss dei hadde vakna pittelitt tidlegare, ja då hadde dei jo kopla med ein gong at Kuwait har ein hovudstad som heiter nett det, Kuwait.  Allmenn kunnskap, liksom.
Jaja...........:=)

Musehode i ferdigpasta. Eehhhhhh.............Fisj!!!! Eg som brukar å kose meg pasta mange kveldar....... Vel, no er det i Danmark den fatale feilen er oppdaga, men likevel..... Tanken er rett og slett ekkel!!! Ikkje rart dei ber danskane om å sjekke matskapet sitt!

Ville du kledd babyen din i dette?? Høge helar og bikini........ Tja, eg veit ikkje. Eller....... Høge helar hadde eg nok definitivt ikkje gått med på. Bikini?? Den må eg nok gruble litt meir på.
No er det vel eingong slik at som regel så spradar små born naken rundt på stranda. Då er ein jo lett offer for snikfotografering og anna ulumskskit. Sånn sett kan det jo vere greit å kle på ein bikini. Kombinasjonen høge helar og bikini blir litt drastisk........

Så spørs det kva ein definerer som baby?! Når eg høyrer ordet baby, ser eg for meg sånne herlege små nurk som enno er heilt avhengig av "mamma" for å overleve (for å setje det litt på spissen). Grøt og liknande har enno ikkje gjort sitt inntog........... Når den tid kjem, tenker eg at eg brukar ordet unge. (Kanskje baby ei stund til, men ikkje så lenge).
Baby er eigentleg definert som born fram til 12-13 mnd.......

På biletet i nettavisa er det definitivt ikkje ein baby som er avbileta. Babyar kan ikkje gå av seg sjølv!!
Eg skal ikkje å så langt som å seie at høge helar på små born er bornemishandling, men at det er skadeleg?? Ja, det er ikkje i tvil om. Det er slett ikkje bra for born å gå i slike skor.
No skal det seiast at det aldri er bra å gå for mykje med høge helar for nokon som helst. "Babyar" burde i alle høve slippe!

No kjenner eg mange "høge helar-wanna be". Altså at det har eit ønske om å ta seg bra ut og så ser det berre teit ut der dei kjem haltande på sine høge stilettar. Eigentleg så er det få forunt å ha skikkeleg stilig gange i desse tynne og høge skorne.
Eg høyrer sjølv til i kategorien "talentløs gange" når det kjem til høge helar. Eg skal ikkje skryte på meg at eg viser meg så ofte i slike skor. Eg sparer helle omgjevnadane for synet!! Hahaha........

Det er fredag og kveld. Norske talenter er akkurat avslutta for i år og ei herleg fin stemme stakk av med førstepremien.
Ute har vinden byrja å leike seg litt og då er det ekstra godt å vite at ein ikkje treng å bevege seg så mykje som ein millimeter frå sofaen, med mindre ein har lyst til det sjølv. Ei varm og god stove lokkar litt meir enn kulda på utsida av veggene.

Eg håper dåke alle har ein fin kveld og at adventstida er ei hyggeleg tid. Når ein går og ventar på jula, bør ein vel vere litt ekstra merksam på det å lage god stemning i heimen og kose seg litt ekstra. Adventstida og jula skal jo vere ei gledeleg tid, sjølv om det er mange som også slit av ulike årsaker når jula nærmar seg. Kanskje nettopp difor bør ein gjere det ein kan for å kose seg og sørge for å sette pris på det som er rundt oss. Rett og slett vere takknemmeleg for at vi faktisk er så heldig stilla at vi ikkje treng å grue oss til desembermånaden. At vi er så heldige at vi har det "bra" og kan stappe i oss masse god mat og anna. Det er trass alt inga sjølvsagtheit for alle.
Joda......Det er mykje eg ønsker hadde vore annleis. Ein har alltid sine ønsker som ein går rundt og ber på..................men i det store og det heile er ein heldig stilla som har gode vener, venleg familie, arbeid, nok av mat, straum, osv osv osv......... Dette er kanskje tida for å tenke på nett det!!

Ha ein fortreffeleg kveld!! :=)

Hasta luego!

EDFB

1 kommentar:

  1. Skulle tru han har sneket den slangen med seg med vilje... Det er jo ikke mulig å være så slender ellers, vel??? Kunne blitt pinlig å bli bitt på fly. SLangebitt er vel neppe den lidelsen de har forberedt seg mest på der oppe i lufta. :/ TB

    SvarSlett