mandag 31. desember 2012

Så sit eg her. Det er under eit døger att av dette året. Klokka er bekka midnatt og neste kveld skal året feirast og vi skal inn eit nytt år som skal fyllast opp av det vi kan klare å fylle det med. Det er vel opp til oss sjølve kor godt året vil bli. Det som er sikkert, er at vi alle burde gjere vårt beste for at det skal bli det beste året "ever", sjølv om det er lite sannsynleg.
Når det no eingong er slik at 2012 vender nasen mot slutten, er det jo kanskje på tide å ta eit lite tilbakeblikk på kva som eigentleg har skjedd dette året.
Polistiske urolegheiter og krig, ja det hoppar eg glatt over. Etter å ha skumlest bloggen i all hast, har eg endt opp med nokre "få" punkt.

Det byrja med at eg spurte ein viss kar her i huset om kva det første han tenkte på var om eg sa 2012. Eg tenkte jo då at han ikkje skulle tenke, men berre seie det første som slo han. Fleirbrukshallen! Joda......... Det burde eg jo ha skjønna før eg i det heile spurte. Kva djusie ting kan eg få ut av det ordet, liksom?? Kanskje at eg ser for meg dei halvsvette og halvfeite menna som trener der i dei fagre helsetrøyene sine og får oss kvinnfolk til å dåne!!!!! Sukk <3 p="p">Neida, vi har vel ikkje sett nokre slike enno.... Hahahahaha...........

Litt småskuffa over førstevalet av ord han kom med, spurte eg om eit nytt. Landslaget speler god fotball att! Hahahaha......... Her er det snakk om full misforståelse. Hmm....Har han ikkje lest kva eg brukar å skrive?? Totalt skivebom, liksom..........

Nei, her var det berre å ta saka i eigne hender og rett og slett forstå at det er lov til å tenke sjølv.
Med massen som er oppi skrotten litt her og litt der, er det ikkje berre å fokusere på kva som har skjedd for noko så lenge som over ei uke sidan og i alle fall ikkje fleire månadar!! Hallo??!

Hausten. Den nydelege hausten vi har hatt. Kva har vore mest gjevande, mon tru?
Eg trur ikkje eg vil svare alle dei flotte fjellturane som hovudet tenkte det skulle delta på, men som berre slo til nokre få gonger.
Nei, det må rett og slett vere Fifty shades!! Hausten har jo bli lest opp. 1800 sider med halvporno, felles lesing med millionar av andre kvinnfolk på same tidspunkt.
Legg spesielt merke til at eg skreiv "halvporno". Hahahahahahaha............. Trur ikkje alle er einige med meg der. Dei ville nok trekt streken "a bit further". Thihihihi.......
Ei bok du definitivt bør lese når du er åleine og ikkje om du har ekteskapsproblemar.
Eg viser berre til at ho har sørga for skilsmisser og stor oppstandelse rundt om i verda. Så eitt eller anna må dei no ha lært.dei som har lese boka!! (Eg trur eg lar vere å nemne meg sjølv!!)

Så har vi vår alles kjære Justin!! Hysteri de luxe, spør du meg. Det er ikkje mange av jentene her som ikkje har vore forelska i han Justin i løpet av året. Justin med stoooor J. Bieber!!! 2012 er definitivt eit Bieberår.

Så fann eg jo ut no i desember at vi har fleire aqevittdrikkarar enn kyrkjegjengarar!! Ei viktig oppdatering, det. I alle høve syns media det, så då må det jo vere slik.
Helene Bu har møtt mange fantastiske mennesker (der må jo berre eg vere ein av dei!!!! Hehehehe..........) og ikkje minst det at eg har lært eit nytt ord i dag, faktisk, men som eg med god hjelp av min kjære "franske" ekskollega klarte å finne eit kanskje riktig svar på. Kven veit?? Ordet er i alle høve slabrajø.
Eg tvilar på at det er vits i å google det. Google har neppe oppdaga ordet enno........:=)

Levealderen har auka i løpet av året. Mon tru om det har noko med den der hunden som har lært seg å lukte seg fram til bakteriar på sjukehus å gjere (mest sånne der diarè-bakteriar). Kanskje han bergar liv??

Det viktigaste som skjedde i år, må jo berre vere jordas undergong!! Det fins vel ingen betre saker enn det. Og likevel evnar eg å sitje her og skrive, til trass for at jorda er gått til "fan.........". Hmm...... Kanskje det berre er denne unge jomfrua som ikkje har skjønna at jorda eksisterer enno? Ho er nok litt for godtruande.

Det nærmaste vi kom ein undergong, må vere "the missing winter". Ski blei bytta ut med fotballsko og ball.

Dessutan er det ikkje måte på kva ein kan lære seg om ein berre tar seg tid til å  lese nettavisene! Masse viktig stoff som går tapt om ein ikkje det gjer!! Definitivt! (Du ser vel ironien??)
Ta berre denne saka til dømes. Kvinnfolk er sprengkåte og skinnheilage. Hadde eg ikkje lest nettavisa, ja då ville eg aldri ha lært at dette er tilfelle. Ikkje eingong er det at eg kjenner meg sjølv nok til at eg skal forstå det utan at avisa fortel meg det.
2012 er verkeleg året der dei tar sakene heilt ut!!
I tillegg kan avisa fortelje oss at det er ein drill menn vil ha til jul. Ikkje snille og medgjørlege kjerringer, men ein drill. (Ergo fekk eg ikkje sjansen til å vere snill i år heller).

Michael Douglas er ein fantastisk kysser! Ei opplysning som for vanlege "dødelege" betyr enormt mykje. Spesielt av di vi veit at vi får sjansen til å teste det ut. Like sannsynleg som at eit hodeplagg kan sjå sensuelt ut på hovudet til denne frøkena.

2012 er også året der jomfru Knutsen faktisk innrømte at ho var litt sentimental. Det blir nok ikkje å skje igjen, så det er jo ein milepæl.......
Årets heldiggris blei Odd Eriksen som i følge May Valle har hatt intim kontakt med alle på Fylkestinget. Sprek mann!!

Året har bestått av mykje tidtrøyte, der Waiting on a sunny day aldri har vore langt unna. Jomfrua har vore så roleg at ho er blitt omdøypt til Milde Jesus av korpsets eiga "mor".
Ord som vellydande ubehag har fått inntog i avisa som om det faktisk betyr noko. Den dag i dag ser eg ikkje heilt kva det kan bety, men det har i alle fall versert på nettet dette året og då må det jo vere noko med det.

Det eg ikkje gløymer, sjølv om det er over ei uke sidan, er elgjakta som nesten tok drepen på meg! Takk til Tyson for at han trimma meg meir enn kva som burde gå an!! Kanskje det var han "far" sjølv som sat der oppe og glodde ned på verda og hadde lyst å gjere eit lite sprell mot dattera for å få seg ein god latter?! :=)

Fiskelykka som avslørte det vanvittig dårlege "haillet"!! Skitfiske kan det kallast.............Det hjalp heller ikkje på at AP oppfordra oss alle til å bruke helgene til å lage born. Eg trur ikkje heilt vi forstod korleis det går seg til?!!

Blondina frå Bardu som bekka 40 og ikkje fekk den forventa krisa. Bortsett frå at å danse på bordet for 50 andre vaksne kanskje kan kallast for ei lita krise av di det er eit desperat rop om eit ønske om å vere ung?? (Hmmm.......Kva gjer eg om ho ikkje dansa på bordet?? Då tar ho vel livet av meg etter dette! Thihihihi........ Vær så god, blonde "nabo").

Liverpoll-supporterne har definitivt vore nokre sutrehøner i år. Facebook har bugna over av kommentarar som rett og slett betyr at dei sutrar!! Stakkars........men det kjem alltid ein ny vår! Hahahaha........ (Dei vann jo i dag, då.... Årets siste kamp, så det fins håp i hengande snøre.)

OG tenk....... Eg har faktisk ikkje nemnt George Clooney enno!!

All energien som blei brukt for å finne ut kva ein pessknyting er. Eit ord ein kan gjere mykje ugagn med om ein vil.
Når ein er innom temaet pessknyting, kan ein jo berre ta å vandre over til at det er mindre testosteron hos norske menn og at enkelte menn faktisk har grunn til å sutre. (Ein setning som sluttar med noko denne jomfrua aldri meir blir å innrømme).
Ellers er dette året då sædkrisa er over (utan at det skal drøftast noko nærare) og det skjedde at eit kvinnfolk var forsvunnen og dreiv og leitte etter seg sjølv. (Årets beste?)

Då eg nemnte det med at menn burde ønske seg hyggelegare kjerringer i jula, burde eg jo også ha nemnt følgande. Det er no eingong slik at vi på vårparten må levere denne her artige sjølvmeldinga vår. 2012 er ikkje noko unntak når det gjeld å søke om fridrag frå enkelte litt sære ting. Kjipt å vere mann og få avslag på søknaden om å få fradrag for "troillåt" kjerring.

Eg har også lært at det er heilt normalt å pynte stua si med ein sykkel hengande på veggen eller i taket. Jepp, slik er det faktisk! Det stod i Vg, tidlegare i år, så då går eg sterkt ut ifrå at det er tilfelle. Ergo er det berre eg som er litt sær og har den i garasjen no om vinteren.

Det var vel i haust at det stod at katter kan gå på do som oss mennesker?! Heilt klart genialt at vi skal dele toaletta våre med kattene. Eg skal ikkje utdjupe det noko meir, så viss du lurar på kva det gjeld, er det berre å lese frå litt tidleg i haust, så finn du saka der. :=)
Katter skal gå på do og hunder skal skyte eigarane sine. I alle høve var det ein hundeeigar som blei skutt av nettopp hunden sin. I 2012 går alt an.

Så var vel planen at eg skulle skrive nei til underarmspels, men kanskje 2013 blir det året der barbering er "ut" og masse hår under armane på kvinnfolka blir kalla sexy!!! Hahahahaha....... Aldri om eg kjem til å følge den moten i såfall!!

Så lurer eg kanskje på kor det er blitt av regnet som Iran sine fiendar stjal her tidlegare. Det er i alle fall det avisene påstår. Stjele regnet er vel ikkje umogleg?

Nei, 2012 har sikkert vore innhaldsrikt, både på godt og vondt. Det er kanskje likevel viktig at vi heng oss meir opp i det positive enn det negative, så kanskje er vi så heldige at det komande året blir "flott".

Uansett korleis du har hatt det det siste året, ønsker eg deg eit godt nytt år med berre forbetringer av alt livet byr på. Før den tid må du nok sove denne natta og leve morgondagen (som allereie er påbyrja). Måtte hell og lykke deg alltid........ jajajajajajajaja..........Eg skal ikkje overdrive!! Eg klarte berre ikkje å dy meg. :=)
Ha i alle fall ei god natt no!!

Hasta luego!!

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar