fredag 28. desember 2012

Tror død spion låste seg inne i sportsbag. Jaja, dyktig var han! Viss eg hadde vore daud, tvilar eg på at eg hadde klart å gjere det same...........
Dårleg journalistikk på ny!!

Tror levealderen vil øke radikalt. Ja, det trur eg også. Om det er så bra eller ikkje, kjem heilt an på. No har forsåvidt levealderen auka jamnt og trutt leeeenge.
Dersom ein får vere frisk oppe blant dei små grå, er det sikkert fint å leve lenge. Om ein klarar å følgje med på det verda har å tilby, vil eg tru at det er fint å leve. Så kan ein jo samtidig diskutere om dette gjeld dei som har familie i nærleiken eller om det gjeld alle. Eg vil tru at det er håplaust å gje noko fasitsvar på det.....

Dersom ein aldrande mann eller kvinne blir senil, får altzheimer eller liknande. Kven er det verst for? Er det vedkommande som knapt nok veit noko om dei rundt seg, eller er det dei som er etterkommarar som syns det er vanskeleg at til dømes faren ikkje kjenner dei att? Kven syns vi synd på?
I mange tilfeller syns eg synd på begge "endane". No spørs det sjølvsagt i kva grad kvar enkelt er råka, men eg tenker jo aller helst på dei som er hardt angripen.
Når vi ikkje veit kva den "sjuke" får med seg eller ikkje............. Ikkje så lett å vite kva ein skal tenke då.
Når foreldre blir eldre, er det klart at borna skal stille opp. Det meiner i alle fall eg. I den grad det lar seg gjere sjølvsagt. Er du etablert i Oslo og har foreldre i Hammerfest, ja då seier det seg sjølv at det ikkje er lett. Det er ikkje berre berre å få ein heil familie til å flytte, heilt sånn utan vidare. Likevel, det finst dei som ikkje bryr seg og ikkje stiller opp sjølv om dei bur berre få hundre meter unna.

Så skjer det at enkelte faktisk når ein alder som vi idag syns er heilt utroleg. Alderen tilseier at det ikkje er mogleg å klares eg sjølv heime. I alle fall ikkje utan tilsyn titt og ofte.
Sjølv om mange då vel å stikke innom fleire gonger pr dag av di dei meiner at foreldra fortener det, er det faktisk slitsomt i lengden. Ikkje det at ein besøker dei. Eg vil tru at dei fleste syns det er hyggeleg å besøke sine eigne foreldre.......... Det er slitsamt i lengden av di psyken veit at ein er der så ofte av di ein "må". Ikkje av di ein berre stikk innom for gøy. Dei veit at det er heilt nødvendig at dei møter opp. Dei kan ikkje berre ein dag tenke at "Nei, ikkje i dag. I dag vil eg gjere noko anna".

Heilt til at både "born" og/eller foreldre blir mentalt innstilt på at det er på tide å flytte. Anten til ein omsorgsbolig eller på sjukeheimen.
Sjølv om ein klarar seg delvis sjølv i ein omsorgsbolig og at ein har tilsyn med jamne mellomrom, trur eg likevel mange vel å besøke foreldra sine kvar dag. Anten at dei gjer det sjølv , eller at dei avtalar med nokre andre i familien.
Eg skjønner det godt!! Vi veit jo ikkje kor lenge vi har dei........ Joda, levealderen går opp, den, men det gjeld nok ikkje alle.

Kven er det som sørgar for at levealderen går opp? Dei mentalt friske, eller dei som ikkje er det? Det er jo litt vesentleg for saka, det også. Jo fleire som ikkje er mentalt friske, jo fleire pleiarar vil det vere behov for i framtida.
Statistisk sett så er det vel ikkje så lovande på det området. Dessutan har det jo vore ei ganske radikal haldningsendring frå det å vere ungdom før og no.
Ikkje for å vere frekk, men eg er litt meir bekymra for kven det er som skal ta vare på oss når vi blir gamle enn dei som er gamle no.

Eg vil tru at dei aller fleste syns det er vondt når plutseleg av av dei ein har kjær byrjar å gløyme. Gløyme kven sine eigne er. Det er nok alltid sårt.
Enkelte vil nok svare at det ikkje er noko å bry seg om for det er berre naturens gong, berre slik det er . At den "sjuke" ikkje er klar over det sjølv og at det av den grunn ikkje gjer noko.
Sjølvsagt gjer det noko. Det er vel "ingen" som syns det er noko særleg at sin eigen far eller mor ikkje kjenner deg att?
Hadde ikkje far min kjent meg dei siste dagane han levde, ja då trur eg at eg ville fått problemar med å takle det. Eg trur eg ville slitt med det den dag i dag.
Dei fleste er glad i foreldra sine og det er spesielt når dei blir eldre og plutseleg er dei som treng hjelp.

Om ein snakkar med folk som er i nett slike situasjonar, trur eg ein skal vere litt forsiktig med kva ein seier. For før ein veit ordet av det, har ein faktisk sagt noko som sårer den andre. Vi veit ikkje korleis kvar enkelt reagerer på at dei eldre ikkje lenger er "normal" og alle må få lov til å føle det dei vil utan at utanforståande skal fortelje dei at dei ikkje treng å vere "lei seg" eller ikkje.
Ein skal heller lytte til det dei har å seie og heller berre vise støtte, uansett kva dei seier. Syns dei at ting er vanskeleg, har dei nok meir behov for at folk viser at dei forstår enn at dei skal høyre at dette er heilt vanleg, så ikkje bry deg om det. Det er sårt når forledre "svinner hen"...........Uansett kor gamal dei blir.

Sjølv var eg ikkje så heldig at eg fekk ha far min så lenge. Han blei berre 63 år. Eg var/er så heldig at eg budde/bur i same bygda som han. De gjorde at eg kunne besøke han kvar dag. Det gjorde at eg kunne vere med han døgeret rundt den siste levetida hans. Vi aller næraste fekk sjå kampen han sleit, noko som gjorde svært vondt å vere vitne til. Likevel, det føles så enormt giodt å vite at ein faktisk var der. "To the bitter end".
Heldigvis kjente han meg heile tida!!

Far min er ikkje den einaste som har døydd ung her i bygda i løpet av dei siste åra. Om eg går på kyrkjegarden, der han ligg, så er det ein stor prosent andel med folk på hans alder (eller yngre for den saks skuld).
Mi oppfatning er at det er fleire og fleire som blir sjuke. Ja, det er fleire og fleire som berges av medisinar, men kva hjelper det når antalet sjuke også aukar.
Pga den hersens kreften, døyr mange i ein alder vi enno kan kalle ung. Difor lurar eg på om desse menneska er tatt med i statistikken når dei prøver å finne forventa levealder.
Dei seier jo at levealderen stig......... Kva betyr eigentleg det? Betyr det at det gjeld dei som ikkje blir sjuk.....at dei kan forvente å leve lenger? Eller er det faktisk heilt generelt? At det i utgongspunktet gjeld om dei tar med dei sjuke i utrekningane sine.....

Joda, levealderen må berre auke, men eg håper det er nok folk til å ta seg av dei eldre om nokre år. Det er ikkje overflod av arbeidskrefter innen dette yrket.
Med det meiner eg ikkje at eg ikkje vil at folk skal leve lenge....tvert imot, men kor bra vil dei eldre få det om det ikkje er nokon der til å ta seg av dei?

Noko av det trivlegaste eg veit, er faktisk å snakke med eldre. Dei sit med så mykje kunnskap og historie som vi unge ikkje har noko peiling på. Lokalhistorie til dømes........Og ikkje minst det at dei faktisk set stor pris på ein gidd å ta seg tid til ein samtale! Vi er nok altfor lite flinke til nett det!

Hasta luego:=)

IWALY
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar