tirsdag 4. desember 2012

Tysdag 4.desember

Kjært born har mange namn!! No er det gått ein 12-13 år sidan eg stod på inspektøren sitt kontor og såg så "uskuldsrein" ut at eg blei døypt til Jomfru Knutsen. Eg er sjølvsagt like "uskuldsrein" i dag!!! Hahahahahahaha............
Uansett..........Jomfru Knutsen har fått tildelt eit nytt namn i kveld. Eg veit ikkje heilt om det er kyrkjebesøket på sundagen som gjorde utslaget eller ei, men namnet er i alle fall Milde Jesus!! Så jomfru og mild!! Hahahahahaha........Pefekt skildring av dette kvinnemennesket!! Thihihihi ..:=)

Noel Gallagher syns det er greit om barna bruker narkotika. Han seier følgjande: Jeg er ikke i en posisjon hvor jeg kan moralisere. (I følge dagbladet.no).
Tja, kva kan ein seie til det?? Kva syns du? Er det slik at dersom ein brukar eller har brukt noko sjølv, så er ein utelukka frå det å moralisere overfor andre når det gjeld same problemet?
I enkelte saker kan vi nok seie at vi kan moralisere "til ein viss grad", i andre saker "for fullt", men eg trur enkelte vil påstå at det også fins saker der ein absolutt ikkje bør blande seg uansett kva ein meiner eller ikkje.
Vel, når det kjem til narkotika, meiner eg bastant at ein kan moralisere sjølv om ein sjølv ikkje har vore noko dydsmønster på det området. Kanskje nett difor?! Då veit ein jo kva ein snakkar om.
Eg vil tru at dersom ein foresatt brukar narkotika, ønsker han/ho sikkert ikkje det same for sitt eige born.
No skal ikkje eg vere nokre "betrevitar" her i denne saka, men eg vil likevel påstå at eg meiner at godeste Gallagher tar fullstendig feil. Sjølv om han har sine "svin på skogen", er det ikkje gjeve at han ikkje skal bry seg om dei som kjem etter han i den biologiske rekka. Langt ifrå! Han bør i stor grad moralisere overfor dei. Han bør i alle fall ikkje gå ut offentleg og seie at han syns det er greit.

Nadya gjorde alt for å brødfø sine 14 barn. Eit klassisk eksempel på at vi menneske i stor grad er ulike og har langt frå same moral i livet.
Om den eines moral er betre enn den andres, ja, det er vel opp til kvar enkelt å vurdere kva ein meiner.
I mitt hovud seier "Nominert til fire pornopriser" litt når det kjem til hensynet av sine etterkommarar.
Eg ville vel "døydd" om sonen min skulle fått greie på at eg var med i pornofilmar eller liknande. Det ville ikkje berre bli ubehageleg for meg, men i stor grad han også.
Om noko slikt kjem ut, risikerer ein at bornet blir skadelidande i form av mobbing osv osv........

No skal ikkje eg vere moralens høge voktar og seie at som 14-bornsmamma har ein eit visst ansvar (sjølv om det er det eg eigentleg meiner innerst inne).
Å vere 35 år og ha heile 14 born, er nok alt anna enn lett. Det skal ein del pengar til for å brødfø så mange og ha tak over hovudet på dei. Likevel, eg syns det er ganske drastisk å ta steget inn i pornobransjen av di ein treng pengar. MEN, som eg sa, kva veit vel eg om kva som er rett?

Det eg lurar mest på (sånn eigentleg), er kva som røyrer seg i hovudet på menneske som vurderer å ta steget? Kva tankar er det dei gjer seg rett før dei hoppar i det?
Eg nektar å tru at det er noko dei gjer med lett hjarte......... Kor langt nede er ein eigentleg og kor desperat er ein etter pengar for å gå så langt som i dette tilfellet? Gjorde alt for å brødfø borna sine". Ja, det vil eg påstå når ein vel ein så utradisjonell metode for å skaffe pengar.

No er det slik at i akkurat dette tilfellet så trur eg ikkje at kvinnfolket var så langt nede og at ho slit så veldig med metodane sine. Årsaka til at eg kan påstå det, er at det står på nettet at ho ser på det som ei stor ære å vere nominert til fire pornoprisar. Då stiller saka seg litt annleis.
Eg trur aldri at eg kunne ha gleda meg over slikt!!
Eg trur eg i same slengen sender meg sjølv attende til setningen om at kvar enkelt får definere sjølv  kva moral som passer best til seg sjølv eller ikkje.
Sjølv blir eg "sveitt" berre ved tanken..........men vi er alle ulike!!

Jomfru Knutsen (eller Milde Jesus som dukka opp som eit alternativ i kveld) kjenner at augelokka held på å sige litt. Det er vel på tide å finne dyna (sikkert ei iskald ei!!!) og krype under den og finne den djupaste svevnen som er å oppdrive. Eg kjenner at berre tanken på at "stellerommet" skal ha sine minuttar først, er tung å fordøye, men må ein så må ein!!
Det blir nok heller lite med lesing på senga i kveld...............

Håper dåke alle har hatt ein kjempefin kveld i desse førjulstider!  Det er jo tida for glede og kos........
Alle har vi vel mykje å vere takksam for?!

Sov godt når den tid kjem!! :=)

Hasta luego!!

Forever.........

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar