søndag 9. desember 2012

Jomfrua er litt sentimental............Ikkje bli for vane med det!!

Jomfrua sit og ser på "The backup plan" på tv. Ein litt romantisk komedie og eigentleg ganske herleg......... Akkurat no er den inne i ein litt meir "trist" tone og då blir jomfrua litt påverka og sit her og syns frykteleg synd på hovudpersonane og ho slit litt med å halde tårene borte. (Berre så det er sagt, så har det foreløpig ikkje trilla ein einaste tåre..........enno). At det berre er film, går ikkje heilt inn ¨på ho. Det verkelege liv eller film.......What's the difference??
Lenge leve sentimentaliteten!!

Eg var ein snartur innom "Facebook" tidleg i formiddag. Eg var ikkje heilt i fjesbok-modus, men eg rakk å få med meg at ein eller annan har publisert eit eller anna om gårdagens finale i "Norske talenter". Sånn bunn i grunn handla det om at det var frykteleg gale at det var ein songar som vann heile greia.
Å syngje er medfødt og krev lite arbeid. Altså inga talent. Talent har ein om ein har klart å byggje seg opp til å bli flink.
Noko er fundamentalt gale når det er ein songar som vinn kvart år.

No trur eg ikkje vedkommande er heilt på stasjon...... Han meinte at det heller burde vere ein dansar som skulle vinne. Vel......... Dette var femte sesongen. Av dei fire gongane det tidlegare har vore arrangert dette konseptet, så har det vore dansarar som har vunne to av gongane. Ergo er det ikkje ein songar som har vunne kvar gong. Men, men....Ikkje lett å forstå seg på argumenteringa til enkelte.

Mange klaga på at det er ein songar som har vunne. Spesielt med tanke på at ho som songar kunne ha meldt seg på idol.
Hmmm......... Eg ser ikkje heilt poenget i argumentet. Idol?? Ho har verkeleg eit songtalent, men konseptet "Idol" har heilt andre målk enn å finne ei som syng den type musikk som vinnaren av "Norske talenter" gjer.

Når DET er sagt, så fins det opptil fleire danseprogram her til lands. Så viss ein på grunn av "Idol" skal utelate songarar, så må ein jo på same viset utelate dansarar. Noko anna ville vore urettmessig??!!!

Tar eg ikkje mykje feil, har sikkert over halvparten av dei som har sterke meiningar om saka, latt vere å stemme sjølv. Vinnaren er faktisk kåra på bakgrunn av at det var ho som fekk flest stemmer av folket.
Så å seie at ho ikkje er eit talent, er det same som å seie at store delar av innbyggjarane i dette landet er idiotar berre av di dei syns ho er eit talent. Akkurat det vil eg påstå at er å opphøye seg sjølv til noko ein slett ikkje er.
Berre av di ein ikkje deler den same oppfatninga, så er ein ikkje på stasjon??  Då er det visst enkelte som har misoppfatta eindel fundamentale ting.

Uansett kven som hadde vunne av dei tre som stod der i går kveld, ville det ha vore eit talent. Dei var alle kjempedyktige på det dei gjorde. Denne gongen var det stemmen til Stine som gjekk rett heim.
Sjølv syns eg det var på sin plass at ho vann, for ho har verkeleg ei stemme som er praktfull.
Ho er nok født med ei bra stemme, ja, men eg trur eg kan påstå at det likevel ligg mange, mange timar med hardt arbeid bak den stemmen. Ho har nok trena vanvittig mykje og eg reknar med at store delar av tida hennar har gått med til song.
Mykje av det ho gjer treng ein mykje teknikk for å gjere. Teknikk er ikkje medfødt!! Nei, ho har talent så det held i massevis!!
Berre så synd at mange ikkje klarar å glede seg på andre sine vegne. Dersom ikkje deira favoritt vinn, så er det noko gale med systemet........... og ein må for all del på nettet og spre "galle og eder". Ein skulle nesten tru at dei har satsa mykje pengar i veddemål og tapt og av den grunn surmuler......... Som at "nederlaget" er deira.
Når ein blir ein av dei tre beste i landet, har ein uansett vunne noko. Det var tre vinnarar, men ein trona øverst. "Samtalen" på fjesboka blei berre rett og slett heilt teit.
Dei fleste var vel sikkert "fjortiser"............utan at eg eigentleg har grunnlag for å seie det. Eg nemner det berre i forbifarta av di det kan virke sånn..........
Jaja....................

Eg har i alle høve ikkje brukt dagen min på å ergre meg over kven som vann i går kveld. Eg treng då vitterleg energien min til noko anna. I dag blei den brukt til å dra kortet. Kan vere skøy det også?! I alle fall medan det står på...... Så får ein jo vurdere kor gøy det var når ein sjekkar sluttbeløpet etterpå. :=)

No skal unge Knutsen ta å leggje seg om litt. I alle fall er det nett det som er planen. Planar er sjølvsagt til for å brytast, men å kjempe mot augelokka er det vel inga vits i?? Eller...............
Uansett, ha ei god natt og sov godt!! Håper dåke alle har hatt ein kjempefin laurdagskveld med mykje latter, kjærleik, god mat, avslappande.............jaja...........Berre vrøvl!! Hahahahaha.......... I ei ideell verd er det vel slik?? Sov godt!!

Hasta mañana......

EEDE

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar