mandag 24. desember 2012

Det er ikkje berre, berre å få til og sove når ein er åtte-ni år gamal og er så spent som berre det på morgondagen. Eller.............. Kanskje like spent på kva natta bringer med seg!
Strømpen er komen på plass og det er litt spanande å tenke på at nissen faktisk kjem til å vere inne på soverommet. Ein burde vel vere vaken når han kjem??
Klokka halv tolv var han enno ikkje slukna og eg byrja å sjå for meg at det ville bli seine natta før eg sjølv kunne få leggje meg.
Heldigvis sover han no!! Ergo er strømpen fyllt og pakkene komen under treet og eg kan snart krype under ei kald dyne. (Neida.....Ei tjukk og god vinterdyne er vel aldri kald.....).
Det er berre om at ho ikkje er så altfor varm og god i morgon tidleg, slik at denne jomfrua maktar å forstå at det er på tide å stå opp i normal tid.
Sånn eigentleg trur eg at eg er gana!! Det nyttar ikkje kor lyst eg har til å stå opp. Det nyttar ikkje kor herleg fin himmelen er på føremiddagen. Dyna har nok fått sin dose med stjernedryss (av ein eller annan) slik at ho skal vinne kampen kvar dag. Ikkje bra!!
Kanskje det er draumane på morgonkvisten som har skulda?? Hahahahaha.........

Det er ikkje akkurat lystig lesing om ein går på nettavisene og les på lillejulaftenen anno 2012. Det må eg verkeleg seie. Eg trudde mest det skulle vere nokre gladsaker på ein slik dag, men det er rett og slett berre dystert.
Ei har mista taket i storm, "88 døde i kulda", "Mor hørte datteren bli voldtatt", "Skulle ta brudebilde - forsvann i dypet", "Bjørgen med hjerteproblemer", "Nelson MAndela må tilbringe julen på sykehus", "60 drept i luftangrep på bakeri" (Ikkje det at ein kan ha eit luftangrep inne i eit bakeri - så eg reknar med at det berre er dårleg journalistikk), "Jente (2) alvorlig skadd".......... Ja, sånn går no dagane.
Ikkje heilt det eg såg for meg då eg opna sida.

Eg trur eg skal skifte nettavis og sjå om blir heldigare der. Det blir vel som å vinne i lotto!!

Plasttre, akevitt, Syden-tur eller gudstjeneste. Sjå der, ja! Første sak og greier!! Hahahaha........ No skal eg endeleg få vite korleis nordmenn eigentleg feirar jul.
I og med at det står nett det, så feires den vel på alle andre måtar enn det eg sjølv trur, då?? Hmm........ Kan jo vere greit å vite kva naboen gjer som ikkje eg sjølv gjer!!

Stikkord for desember må vel kanskje vere julegåver, julebord og julefeiring. Noko dei fleste nordmenn deltar på. Alle i ulik grad sjølvsagt..........

I følge Dagbladet er det fleire som drikk akevitt enn dei som går i kyrkja!! Fantastisk!! Takk til Dagbladet for at dei held meg oppdatert på slikt.
Det beste ved det heile er at eg faktisk går i kyrkja på julaften og eg likar ikkje akevitt. Så om dei hadde ringt meg og spurt i denne undersøkinga, ja då hadde eg vore med og påverka resultatet i andre retninga.
Nei, akevitten kan dei ha for seg sjølv. Eg er vel like "tullåt" om eg står over smaken!! :=)

Jula handlar vel bunn og grunn om tradisjonar. Kva vi er vane med. Som regel gjer vi det same om att og om att, år etter år.
I alle høve gjer eg det! Ikkje det at det har så mykje å seie, men gamal vane vond og vende?! Eller noko slikt.
Eg trur nok at eg ville overlevd om det hadde blitt anna mat på bordet eller om andre tradisjonar hadde komen til. Likevel, det er koseleg med tradisjonar.
Litt av poenget er vel at det ikkje skal vere noko endring. Dessutan trur eg at mykje er det same no som for 20 år sidan.

Det viktigaste er at alle prøver å gjere sitt beste for at alle skal ha det bra og at ein gjer litt ekstra av seg sjølv for at humøret skal vere "på topp".
Jula minnar jo også om at det er mykje å vere glad for. (Sjølv om det for ein åtte-niåring handlar mest om å få pakkar!)

Ei ny trend blant enkelte, er at dei reiser til Syden i jula. Akkurat det vil vere ei annleis jul. Definitivt.
Kva eg sjølv ville tenkt om eg seriøst skulle vurdert eit slikt alternativ, veit eg ikkje. Det kan godt hende eg ville likt tanken...... I don't know. Det spørs kor djupt tradisjonane sit i.

Ein ting er sikkert. Jula er positiv for dei fleste, men det fins også dei som ikkje syns at det er så kult når desembermånaden inntrer og dei veit kva dei går i møte.
Vi snakkar så ofte om at jula er familietid. Då har ein tid til å roe ned og ha masse kvalitetstid og alle skal vere glade.
Det er berre eit glansbilete mange har laga av jula.
Jula er også ei tid der mange stressar for å bli ferdig med alt dei skal. Vi veit jo godt at stress i mange stunder også kan avle negativ energi. Ein tåler mykje mindre av andre når ein er stressa.
I mange samanhengar er det også heimar som ikkje bryr seg om å prøve å halde energien positiv. Det er ikkje så nøye å legge til litt ekstra godvilje berre fordi det er jul.

Sjølv er eg oppteken av at guten min skal ha det godt rundt seg i desse tider. Difor baker eg med han, speler spel, ser filmar ilag og har eg eigentleg ikkje lyst til det han spør om, ja då prøver eg å ta på meg eit smil og seie ja berre for å glede han. Rett og slett av di eg meiner det er eit borns rett å kunne glede seg til jul, for då er det litt ekstra stas.

Det er så godt å kunne legge kvardagens mas og kjas litt unna og berre kose seg. Kose seg med alt som er ein sjølvsagtheit for oss, men for mange er det berre draumar. Draumar om å få ha det slik som det glansbiletet vi ofte lagar av jula.
Ein draum om at foreldre ikkje skal krangle av di dei har drukke for mykje, dag etter dag. Det er fleire av dei.
Det er ikkje til å skyve under ein stol at alkoholkonsumet er mykje større i desembermånaden.
Eg vil tru at dei fleste klarar å styre bruken vettugt, men diverre er det ikkje slik for alle.
For enkelte er heile månaden ein fest og enkelte born er faktisk glad jula er over når feiringa tar slutt.

Enkelte har ikkje råd til å gje borna sine skikkelege julegåver, men alkohol har dei råd til. Så å forstå alle sine prioriteringar er ikkje lett.
Andre syns det er vanskeleg med jula av di dei veit at mange audslar med pengar og kjøper dyre og fancy'e julegåver, medan dei sjølv aldri har hatt sjansen til å kunne gjere det same.
Enkelte skammer seg av di dei syns det er ekkelt at dei ikkje kan gje borna sine meir enn det dei gjer, når sanninga er at dei faktisk gjer dei noko som er mykje viktigare.
Det er ikkje det materielle som er det viktige. Det er alt det andre.
Til dømes kan ein ikkje sette pris på ein klem. Eg er sikker på at for mange så er ein klem veldig mykje meir verdt enn alt anna på denne jorda. Ein klem kan faktisk redde liv.

Eg syns det er flott at mange kjøper middag til fattige som julegåver. No veit ikkje eg kva det er inni gåvene mine under treet, men om nokon har kjøpt meg "middag til andre", vil eg synes at det er ei super gåve å få!!
Av og til syns eg jula blir så alt for overdådig. Når julehandelen er over, tenker eg ofte "Har eg bruk for alt eg no har kjøpt?" Neppe........ Når nyåret er starta, sit ein att med mykje av det ein handla inn og når ein då veit at enkelte ikkje har råd til ein heilt enkel middag.......Då set det ting litt i perspektiv.
Det verste er at når eg no sit og skriv det, så får eg litt dårleg samvit.
Om eg lar guten min vekse opp med "overflod", ja då lærer han kanskje ikkje å sette pris på mindre?? Berre ein tanke eg gjer meg.
Om ein ikkje veit kva det vil seie å ha lite, er det kanskje vansklegare å vere takksam for at ein har mykje?

Eg er grueleg nysgjerring kvart einaste år på kva som er inni pakkane under treet. Det har eg alltid vore. Eg elskar pakkar!!!! Likevel, når eg får spørsmålet om kva eg ønsker meg til jul, så brukar eg ofte å svare at eg eigentleg ikkje har så mange ønsker. Når eg svarer det, er det av di eg faktisk meiner det......at eg eigentleg er mest opptatt av heilt andre ting. At jula må bli bra, til dømes.......
Gode ord er ei betre julegåve enn alt som er materielt. Eg ønsker meg eigentleg ikkje anna enn gode ord. At eg føler at eg er verdsatt. Materielle goder kan ikkje gje gje den følelsen. I alle fall ikkje meir enn kortvarig. Akkurat der og då.
Den ekte gleden ein kan føle i hjartet............ Ingenting kan slå det!!!

Klokka er rundt halv to. Eg har sjølvsagt klart å snu døgeret. Det er på tide å legge seg slik at ein ikkje bli så trøytt i morgon. I morgon er det så absolutt ikkje lov å la seg lure av dyna!! :=)
Då skal eg bruke formiddagen med den herlege sonen min som kjem til å vere smørblid av glede over at endeleg er det jul. Så kjem han til å kikke i eininga i vindauga for å sjå om det kjem ein raudkledd mann for å ete grauten han set ut. Forhåpentlegvis med ein sekk over skuldra............
Pappa må få blomar og lys. Det blir ikkje jul før det er gjort!

Eg håper at dåke alle får ei kjempefin jul og at det nye året tar vel imot dåke. Ta vare på livet, for det kjem ikkje i reprise. Har du noko du har lyst til å gjere....... Gjer det før det er for seint!

Ha ei god natt!
Hasta luego :=)

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar