mandag 3. desember 2012

Jaja......Ingenting sjokkerer.

Skolens ansatte ga autistisk 18-åring strømsjokk. Fikk 60 volt mot dårlig oppførsel på skolen. What's happening??
Eg sit og les på nettet, nærare bestemt vg.no. Det er i den samanhengen eg kjem over denne overskrifta som for meg virkar litt i drøyaste laget. Ein ting er at det er snakk om ein gut som har diagnosen autisme, men eg syns no uansett det er for drøyt uansett kven det var mot.
Ein gjer ikkje elevar straumsjokk (i alle fall ikkje om det ikkje er snakk om at det er så farleg at det står om liv).

No er det ikkje første gong at "USA" sjokkerer. Vi har jo tidlegare lest om at selgarar av microbølgjeomnar må lage ei bruksanvisning som dekker det meste. Til dømes kan eg jo nemne at det ikkje er så lurt å putte ein pus inn i ein slik omn om du ønsker å tørke ho.
Om det ikkje står noko om det i innstruksen, tja, då er det fritt fram for å saksøke produsenten.
Superteit, men USA i eit nøtteskal!!

Denne gongen dreiar det seg om at eleven nekta å ta av seg jakka si. Kjempefarleg!!!!!! Her er det verkeleg viktig å vise kven det er som bestemmer. Litt straumsjokk gjer vel ingenting?? Eller.................?? Hmm......!!
Det var faktisk ikkje nok med straumsjokket. Dei måtte rett og slett ydmyke guten litt meir. Sånn for å vere sikker på at han skulle bli nok ydmyka.
Litt tau rundt hender og føter (med andletet ned). Å bli bundet er vel berre rett og rimeleg??
(Eg håpar du som les skjønnar at eg er litt ironisk innimellom......).

Det er ikkje ei nylig hendig det er snakk om. Vi må ti år attende i tid, til 2002.
Eg vil tru at ein gut med autisme i 2002 stort sett er det same som ein gut med autisme i 2012.
"Alle" som arbeider med born og unge som har denne diagnosen, veit i stor grad (bør i alle fall vite) at ting ikkje alltid fungerer slik dei ønsker at det skal om alt er optimalt.
Eg ser ikkje heilt det med at det ikkje er naturleg at ein person med ein slik diagnose kan finne på å nekte å ta av seg jakka.
Det er nok mange stadium av ein slik diagnose, men eg vil tru at ein ikkje berre stiller ein autismediagnose utan at det er grunnlag for det.
Har ein først fått ein diagnose som seier at ein har autisme, så må ein vel i det minste kunne forvente at ein får den respekten ein fortener på lik line med andre.
Det siste ein treng, er å bli ydmyka på det sterkaste for ein så liten bagatell som jakkeepisoden er i dette tilfellet.

Eg seier ikkje at ein ikkje skal forvente at jakken skal av og at dei berre skal la han ha den på. Han skal sjølvsagt lære seg å følgje reglane på lik line med dei andre. Metodane som blir brukt, derimot, er forkastelege. '
Viss dei verkeleg ikkje kjem på noko betre metode å lære han "ting" på, ja då må eg vitterleg påstå at dei er lite fantasifulle!!
Slike straffemetodar skaper vel heller frykt og usikkerheit, framfor det å lære at ein må ta av seg jakken. Slik kan det ikkje vere. Det viktigaste må jo vere å skape så trygge rammer som "over hodet" mogleg"??!! Gjennom tryggleiken kjem også tilliten og evnen til å samarbeide.
Samarbeidsvilje kan ta tid å byggje opp og det vil naturlegvis vere dagar der det ikkje fungerer sjølv om ein har klart å byggje eit godt grunnlag. Slik vil det alltid vere og eg håper verkeleg at dei som brukte denne metoden får "passet sitt påskriven" no.
Dei bør heller aldri få lov til å arbeide med born som har spesielle behov.

Ellers vil eg berre påpeike at det ikkje heiter autistar, men born med diagnosen autisme. Vi kallar ikkje dei som er kreftsjuke for kreft eller liknande........ Autisme er ein diagnose og ikkje noko ein er. Difor nedverdigar ein eigentleg eit born om ein kallar bornet for autist.
Eg har sikkert brukt ordet sjølv, fleire gonger, ubevisst. Eg trur ikkje folk meiner noko negativt med det når dei snakkar om "autistar". Dei tenker berre ikkje over det, at det er feil bruk av ordet. Born med autisme.........

Det er måndag og om få minuttar er det "Farmen" på tv. Jomfru Knutsen har tenkt å gløtte litt på det, så då må eg vel nesten avslutte her.
Eg håper dåke alle får ein fin måndagskveld!! :=)

Hasta luego!

MY!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar