søndag 2. desember 2012

Korrupte Noreg?????

Det er blitt sundags kveld og jomfrua sit at med inntrykk frå ei kjempekoseleg helg. Eg har vore "på reis" og kom heim att i dag. (Det er difor eg ikkje har skrive dei siste dagane).
Eg har vore i kuldeland, der tærne blir til istappar om du ikkje kler deg riktig på føtene. (Her heime treng vi ikkje anna enn joggesko eller anna i same høvet). Ræva frys om du ikkje har stilongs (trange og inntilsitjande bukser er med andre ord ikkje å anbefale) og stakkars fingrane om ein er så teit at ein ikkje har dekka dei godt nok til!!
Jomfrua hadde heldigvis det!! Alle tær og fingrar er inntakt, så då er det jo berre velstand! :=)

Når ein er i triveleg lag ei heilhelg, er det ikkje så mykje ein får med seg av det som skjer rundt om i verda, eller Noreg for den del......... Likevel, litt får ein med seg uansett om ein vil eller ikkje. Nett av di eg har fått med meg litt, så kan eg velje den overskrifta eg har gjort.
Eg har visst putta på ein heil del med spørsmålsteikn attom det som står der. Sanninga er at eg ikkje lurar på om Noreg er korrupt eller ikkje. Det heller vel meir til det at eg vil påstå at vi er det. Berre sånn for å vere på den sikre sida så ingen skulle nagle meg etterpå, slengte eg no berre med nokre uskuldige teikn. Så får kvar og ein gjere seg opp ei meining om dei burde stå der eller ikkje.

No hadde eg eigentleg tenkt å skrive om ei sak og pakke den litt inn, sånn litt for å spare enkelte. Etter litt "om og men" oppi skolten min, kom eg fram til at det er lite hensiktsmessig å utelate namn eller andre avslørande detaljar av den enkle grunn at saka er så omtala i media at "alle veit" jo om det likevel. Så då blir det så........

Det er saka om han Ingebriktsen eg skriv om. Ein mann eg faktisk syns ganske synd på i dag.
Joda...... Kanskje ikkje det smartaste ein gjer.....det å vere 37 år og innleie seg med ei som berre er tenåring. Ein tenåring er jo i utgongspunktet "berre bornet" enno (sånn for å setje det på spissen). Likevel. Det er ikkje noko straffbart i gjere det. Ei heller noko sensasjonelt horribelt.
"Alle" kjenner vel ein eller annan som er i same situasjon?!

No er det vel enkelte som vil seie at saka er verre enn mange andre av di det er innanfor eige parti og at det kan vere "maktmisbruk". Vel...... Det er jo det same som å seie at du kan innleie eit forhald til kven du vil, berre det ikkje er nokon i ditt eige parti.
Fysisk tiltrekking kan vel oppstå mellom to sjølv om dei tilhøyrer same partiet? Og det utan at det har skjedd noko straffbart.
Det var jo fleire som visste om forholdet......

Hadde dette vore maktmisbruk, eller noko anna i den dur, så hadde ikkje saka komen for dagen akkurat no. Når "timingen" er som den er......Ja, då er det lett å skjønne at det er eit anna motiv bak det heile. Det er rett og slett ein polistisk maktkamp.
Her brukes alt for kva det er verdt av motstandarar av han for å hindre hans kandidatur på nominasjonslista.
Det er slik det politiske Noreg har blitt. Det er om å finne mest mogleg "grums" på kandidatane for å hindre dei i å nå opp.
Vil ein hindre ein politiker i å kome seg opp og fram, ja, då gjer ein alt ein kan for å finne noko på "han".
Fokuset blir plutseleg retta mot alt anna enn det som er det viktige.

Ingebriktsen si sak er ikkje åleine. Det er sikkert ganske mange som har blitt pressa ut av systemet ti no og han er sikkert ikkje den siste.
Det blir så tydeleg kva bodskapet er når det kjem ut på nett det tidspunktet det gjer.

Han har lagt seg flat. Han prøver ikkje å snakke seg ut av det. Han tar på seg all skuld og seier sjølv at det var umodent gjort.
Det er gått åtte år no. Skal vi miste ein god kandidat av di han ikkje er feilfri? Eg er sikker på at det er veldig mange som kan identifisere seg med han og det han har gjort. Han er slett ikkje åleine. Forskjellen ligg i at han er ein offentleg person.

Eg seier ikkje at det han gjorde var riktig. Eg tenker mitt om at jenta (eller kvinna som media konsekvent brukar om ho både som 17-åring og det ho er no) var så ung.
I mine auge er ikkje ein 17-åring vaksen og ein skal vere forsiktig med korleis ein opptrer overfor ei tenåringsjente når det kjem til seksualitet og liknande.
MEN, eg syns det er forkasteleg at det blir brukt imot han akkurat når det skal vere nominasjon. Det blir ein politisk maktkamp der det er om å "ta han". Ikkja av di dei syns synd på jenta, men av di dei ikkje vil han skal bli nominert.

Dette er berre ei enkeltsak. Det fins mange slike saker. Ikkje nødvendigvis med same temaet, men saker der ein er ute etter å hindre folk i å kome seg opp og fram.
Eg meiner bestemt at dersom ein bevisst gjer slikt mot ein politiker for at heller skal ende slik ein sjølv vil, så kan ein kalle det forei form for korrupsjon.

Om ein gjer noko straffbart, skal ein sjølvsagt bli straffa for det. Ein bør likevel halde seg for god til å dra det inn i ein skitten maktkamp. Ein tar det ikkje fram berre av di ein må det for å hindre ein nominasjon.
Eg er overbevist om at dersom det ikkje hadde vore nominasjon no, så hadde ikkje denne saka sett dagens lys no heller.

Eg vil påpeike at dette berre er mine eigne personlege meininger. Eg har sjølvsagt ikkje peiling på kva som ligg bak eller ikkje. Eg skriv berre ut ifrå det som eg meiner er ganske påfallande og som kan virke logisk for meg. (Ut frå det ein høyrer gjennom media).
I og med at forholdet ikkje var "hemmeleg", syns eg det er merkverdig at det kjem fram no.
Både Ingebriktsen og jenta har begge snakka med andre om forholdet tidlegare, så då har dei vel ikkje vore redd for at noko skal kome fram.
Ergo er det lett å tolke det dithen at det som no skjer, er eit politisk spel.
Mi meining............vel å merke.

Så kan jo du som enkeltindivid gjere deg opp ei meining om kva du trur.
Kva eg som person meiner om saka, er uvesentleg. Sånn eigentleg har eg vel sånn sett ingenting med å "blande meg inn". Det er dog vanskeleg å la vere. Meininger vil vi vel alle ha om ting og tang. Av og til er vi einige, medan andre gonger er vi totalt ueinige.
Eg vil tru det fins begge retninger når det kjem til denne saka.

Samfunnet er i endring heile tida...... Det betyr også menneska som er ein del av samfunnet. Vi vil nok få oppleve litt av kvart i framtida når det kjem til kva folk vil tillate seg sjølv å gjere for å vinne fram.

Ha ein fortsatt fin kveld. Unge jomfru Knutsen er på tur i seng om litt og forhåpentlegvis skal ho ha fine draumar!! Sov godt!! :=)

Hasta luego!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar