søndag 9. desember 2012

Juleavslutning?

Dagen i dag byrja med at eg berre låg i senga som eit slakt og visste at eg eigentleg ikkje var nøydd til å gjere noko som helst. Ergo kunne eg liggje akkurat så lenge eg ville. Deileg!!
Herleg frukost med fint oppdekka bord og dei gamle og tradisjonelle julesongane kom svakt ut av høgtalarane i bakgrunnen. Ute var det pittelitt skumring, så det var heilt på sin plass med litt stearinlys.
Det var med andre ord ein flott start på denne sundagen.
Det beste med julesongane i bakgrunnen, er at minstemann lærer seg songane han også. Det er altfor mange av dagens born som knapt nok har høyrt fleire av dei kjente og kjære julesongane.

Etter frukost var eg ein aldri så liten kjapp tur innom nettet for å sjekke noko. I same slengen gløtta eg innom for å sjå om det var noko nyhende........ Eg beit meg merke i at det var diskusjonar om temaet juleavslutning. Skulen og juleavslutning i kyrkja.
Eg tok meg tida til å lese eindel av argumenta fleire brukte, både for og imot, og eg må seie at eg innimellom blei litt rysta over kva vaksne folk kan få seg til å seie.

Eg trur det heile byrja med at regjeringa har tatt opp dette temaet, om det skal vere skulegudsteneste eller ikkje. Ein eller annan har reagert på dette og sagt at no må det antireligiøse stoppe litt opp før det går for langt.
Det var til dels sterke meiningar om temaet, enkelte av dei fornuftige og enkelte heilt bak mål.
Eg trur at når det kjem til eit slikt tema, skal ein vere litt forsiktig. Ein bør trø varsomt av di religion er ganske viktig for mange.
Alle har vi lov til å ha våre meiningar, men vi må samtidig hugse å vise respekt. Ingen tvil om at vi mangla det, stundom.........

Eg tenker at eg har lyst til å kome med mi meining i forhold til temaet her. Eg har mi meining som sikkert mange støttar, men det er nok fleire som er ueinig også. Likevel, eg skal prøve å vere sakleg og ikkje kome med teite argument, hverken for eller imot.
Det er lov å vere ueinige med kvarandre, men ein må i det minste vere konstruktiv og ikkje så einspora at ein ikkje klarar å sjå begge sidene av ei sak.

Eg syns det er heilt flott at det er juleavslutning i kyrkja. Kjempeflott! Det gjer eg av fleire årsaker. For det første handlar det litt om tradisjonar. Eg syns at fleire og fleire tradisjonar blir borte. Tradisjonar er viktig!! Samtidig at eg syns det er kjempekoseleg.
I alle fall om den blir gjennomført slik den blir gjort her.
Julesongar, elevar som les juleevangeliet, innslag av enkelte klassar og sjølvsagt litt frå presten. Likevel ei litt annerledes gudsteneste.
Dessutan er det mykje lærdom i det også. Blant anna det at ein tar av seg lua........... I tillegg syns eg det er viktig at ein lærer korleis ein oppfører seg i ei kyrkje. Enkelte vil påstå at det får vere opp til dei enkelte foreldra å gjere det, men når vi samtidig veit at det sviktar på det området hos mange, syns eg ikkje at det gjer så mykje om skulane gjer det.

For at dette ikkje skal vere noko som blir pressa ned på elevane, så er det faktisk slik at det er frivillig. Skulen har alltid eit anna alternativ til dei som absolutt ikkje vil i kyrkja. Dei kan vere att på skulen og gjere noko anna hyggeleg.
Likevel ser vi år etter år at nesten alle vel å gå i kyrkja. Ikkje av di dei er religiøse, men av di det er koseleg og at det er ein tradisjon.
Fleire elevar har sagt at det har føltes litt spesielt når dei har vore i kyrkja som tiendeklassingar. Dei har visst at det er siste juleavslutninga dei har vore med på og det har virka litt rart å tenke på at dei ikkje skulle attende året etter.
Dette med at ein har sjansen til å velje noko anna, er viktig. Nettopp for å ta hensyn til dei som er "motstandarar" av kyrkja eller av ein eller annan grunn ikkje ønsker å delta. Ein må sjølvsagt ha respekt for at enkelte ikkje ønsker det også.

Ein har jo fleire gonger lest om foreldre som kjempar mot kyrkja og seier at deira born ikkje skal setje sin for i ei kyrkje. Ikkje av di bornet ikkje vil, men av di foreldra ikkje vil det. Så kan ein spørreseg om det er rett??
Eg veit ikkje svaret på det, men eg har ei meining om det! EG meiner at vi er alle frie individar og at det er noko vi sjølv må få ta stilling til. Vi "eig" ikkje borna våre. Vi har ansvaret for dei. Det er ein vesentleg forskjell i det. Difor syns eg at det er å gå litt langt om ein nektar sitt eige born å gå i kyrkja (dersom bornet ønsker det) berre av di dei sjølv ikkje har eit forhold til kyrkja.

Så kan ein spørre seg.......Kven har ansvaret for å lære bornet om den kristne trua?
Enkelte vil svare samfunnet, medan andre vil seie foreldra. Problemet er berre at dersom ikkje foreldra vil fortelle borna sine om kristendomen, ja då får dei heller ikkje sjansen til å ta eit eige standpunkt i forhold til det.
Det er slik at det er reglar for bruken av faget i skulen. Faget skal ikkje vere forkynnande. Det skal vere meir "I følge historia........." "I følge dei kristne........" osv..... Eg går ut ifrå at dåke skjønner kva eg meiner. I tillegg er det eit \fag som tar for seg alle hovudreligionane i verda. Faget heiter ikkje kristendom lenger.
Samtidig veit eg at det er fleire som meiner at det er ok å besøke ein synagoge eller ein moskè. Det er kyrkjer det også! Berre frå ein annan religion.

Uavhengig av mitt eige livssyn, om eg trur eller ikkje, så meiner eg at det er viktig å lære historia. Eg meiner det er viktig å følgje dei få tradisjonane vi har (spesielt dei som virkar samlande).
Dessutan er jula ei kristen høgtid.
Viss det er slik at ein er så absolutt imot kyrkja, ja då bør ein vel heller ikkje feire jul. Då bør julefridagane tilhøyre dei som trur?!
Eg las blant anna eit innlegg der ein mann påstod at det var rett og rimeleg at vi feira jul sjølv om han var imot kyrkja. Jula handlar om å samle familien og gjere koselege ting ilag. Vel, det speler inga rolle det. Bakgrunnen for at vi har julefeiringa, er kristen. Det er religion som gjer at vi har tradisjonen med å kose oss i jula, ha fritt for å gå i påskefjellet på ski, reise på slalomferie med "afterski"i påska, sørger for at ein ikkje må ta så mange dagar fritt frå arbeid for å dra til syden om ein drar i jula eller påske, osv osv osv  Lista kan bli uendeleg lang om eg prøver.
Det blir litt feil at dei som angriper kristendomen mest samtidig meiner at desse fridagane skal behaldast. (For det finst fleire av dei med den haldninga).

Eg er rimeleg sikker på at det ikkje er lenge til Kristi himmelfartsdag blir avskaffa som fridag. Den neste dagen som forsvinn blir skjærtorsdag. Eg er ganske sikker i mi sak. Få folk i arbeid i fleire dagar, for det er pengar i det. Etterkvart vil nok denne trenden balle på seg........trur eg.

Eg har ingen problem med at son min skal lære om religion eller å lære korleis ein oppfører seg i kyrkja. Det er så mange ulike forum ein skal forhalde seg til og kyrkja er berre eit av dei.
Å sende dei i kyrkja er ikkje det same som å be dei om å bli religiøs. Det får bli opp til eitkvart individ å ta stilling til sjølv. Eg meiner likevel det blir feil om ein nektar dei sjansen til å få dette valet ved å utelukke dei frå dette forumet.

Ha ein fortsatt fin kveld!!

Hasta luego:=)

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar