onsdag 5. desember 2012

Både og..........:=)

Sofaen har innretta seg etter ræva mi og eg har ei fantastisk avslappande stund her akkurat no!! Eg er "åleine" heime og har sørga for å ordne det slik at det berre skal vere deileg.
Kvelden starta med ei herleg stund full av kvalitetstid med min lille skjønne. Eg fann ut at eg skulle gå ned i kjellaren og øve litt. Like etterpå stod det ein liten gut i døra og smilte så fint medan han spurte om han ikkje kunne få vere så snill og øve i lag med meg.
Klart det!! Så då gjekk det i julesongar og liknande. Vi kopla på mikrofon og ut av høgtalarane ljoma det både "Glade jul" og "Nordnorsk julesalme".
Det var så koseleg og så var stemninga så ufatteleg god. (Det er vel slikt ein burde gjere oftare?!)
No er han komen seg under dyna og forhåpentlegvis er han langt inni draumeland og eg har funne mi stilling i sofaen. All alone.............. Give peace a chance. :=)

Eg må vel kanskje nenme at herleg fin julemusikk ljomar ut høgtalarane medan eg ligg her og skriv. Eller........ljomar og ljomar. Det er ikkje akkurat så høgt at det gjer noko, men akkurat passe høgt til å skape den rette stemninga hos Jomfru Knutsen!

Hahahaha........Lærer katten å gå på do. Det er kanskje ikkje det mest normale biletet eg har sett, men det avbileter i alle høve ei katte som sit på do, på ordentleg! Ei genial løysing kanskje? Eg veit ikkje heilt.............
Det er matmora som har sett seg lei av lukta frå kattesanda og i den samanhengen har funne ut at ho skal lære katta å gå på do på menneskeleg vis.
Til å byrje med er det fleire ringar på toalettet. Etterkvart fjernes ein og ein ring heilt til det ikkje er fleire att. Då har liksom katta lært seg korleis ein gjer det på vanleg vis og matmor har eitt problem mindre.
Skal katta lære seg å opne lokket på eigenhand også?? Eg berre spør.......... Viss ikkje må det jo stå opent til eikvar tid.
Det kan vere at eg er litt sær på det området, men sjølve lokket skal då vel vitterleg vere att?!!!
Eg veit ikkje kor mange gonger eg har irritert meg over at ikkje "dasslokket" blir lagt ned etter bruk. Det trengs vel ikkje så store kunnskapen for å forstå at det veltar opp ein heil masse bakteriar kvar gong ein skyller ned?
Eg hugsar eg las noko om det på nettet tidlegare og det var berre ekkelt!
Eg går sterkt ut ifrå at ein ikkje investerer ein masse pengar i eit lokk av di det skal stå der til pynt. Lokket har vel sin misjon. Det er rett og slett ei årsak til at det følgjer med eit lokk til setet!!
Ellers kan ein jo påpeike lukta som vil fylle eit bad om lokket til eikvar tid står opent.
Skitlukta til andre er vel ille nok i frå før enn at den treng å forverrast ved at den ikkje kan stengast inne under lokket til den forsvinn.
Nei, la katta skite der det er meint at ho skal gjere det!! :=)

Jada, eg veit eg er sær, men så har eg dog også ei meining om kva veg toalettpapiret skal hengje!!
(Det trur eg det er veldig mange som har, så kanskje ikkje det er så sært likevel?)

"Englene synger høyt i kor.......". Oslo gospelkor........Vakkert!! Det får i alle høve tankane vekk frå skitlukt og liknande. Eg skal ta og nyte musikken litt no. Berre liggje her og slappe av og kanskje, men dog berre kanskje eg skal bry hjernecellene etterkvart med litt lesing.
Eg held på med boka "Tilståelsen" av John Grisham. Eg har ikkje komen så djupt inn i boka enno, så eg håpar det er ei bra bok eg har starta på.

Må du ha ein fin kveld! Husk å nyte "dagen" medan du kan..........

Hasta luego :=)

IWALY

2 kommentarer:

  1. Heia jomfruen.Ei herlig blanding av skit og englesang fra deg denne gangen. Jeg lukker lokket igjen for å unngå spredning av bakterier på tannbørster og annet. Leste og lærte kanskje samme sted som deg! Høres ut som om dere har virkelig starta julestemninga alt:)Glad for å høre:)Hasta la vista :)

    SvarSlett