torsdag 6. desember 2012

Ting skjer..........

Jomfrua har satt seg godt til rette i sofaen og er klar for å sjekke om det har skjedd noko spanande ute i den store verda id et siste.
Sånn heilt ærleg, tvilar eg på dei store overraskingane...............

No såg ikkje eg gårdagens handballkamp mellom Serbia og Noreg. Det eg derimot har fått fortalt frå kampen av fleire idag, gjer at eg skjønner at "verda" fungerer ikkje heilt på same måte overalt.
Serbia er nok "skada" i lang tid framover........Eg tenker då på dei konfliktane som har vore i det tidlegare Jugoslavia og dei blodige kampane som herja der nede på 90-talet. Sjølv i dag er det ikkje 100% fred. Dei kallar det for fred, men den er ikkje så sikker som ein skulle ha ønska.

Det kan nesten virke som om at Serbia trur at alle er ondskapsfulle. At dei tok ifrå alle normenna bjellene sine av di dei var redd dei skulle kaste dei på bana??!! Hallo........... No veit eg ikkje korleis serbiske tilskodarar oppfører seg, men eg er rimeleg sikker på at det aldri har vore noko problem at nordmenn kastar bjellene sine ned på bana!!
Kamp er kamp, liksom.......Det er om å avvepne motstandarane!! Juhuu.......
Då dei til og med tok trompeten til han der artigkaren som alltid drassar den med på kamp, ja då viser det berre kva lavmål dei har tenkt å leggje seg på.
At trenaren til Serbia hindra Sulland fleire gonger ved å dra ho i skjorta........Eg trur eg skal la vere å kommentere det!

Intim kontakt med alle på fylkestinget. May Valle var vel ikkje akkurat den skarpaste kniven i skuffa då ho uttalte dette på talarstolen til Fylkestinget. Ikkje eingong då ho blei klubba, stansa ho. Ho berre dura fram med det ho ville seie og det med null respekt for systemet ho er ein del av.
Då ho blei irettesatt, kunne ho ikkje skjønne kva som var så galt med det ho sa. Eg vil påstå at det seier litt, det..........
Her har Ingebrigtsen stått fram og tilstått intim kontakt med ei yngre kvinne. Plutseleg så eskalerer det heile til å finne "syndebukkar" overalt.
Eg lurar verkeleg på kor mange vi til slutt endar opp med i antal om dei ikkje prøver å roe ballen.
No er det visst "sexpress" og mannsjåvinisme overalt...... Stakkars, det må vere hardt å vere mann!!

Valle påstår at Odd Eriksen skal ha uttalt det som står i denne overskrifta (om intimkontakt). No seier han sjølv at han ikkje kan erindre å ha sagt det. Vel, viss han no skal ha sagt det, så kan eg ikkje i min villaste fantasi sjå for meg at nokon har trudd på det og det må anten ha vore meint som fleip eller kanskje berre litt "fylleprat"??
Så då måtte sjølvsagt Valle gå fram på talarstolen for å nagle han for det. På talatstolen i Fylkestinget. Utan forvarsel. Ho tok nok både Eriksen og alle dei andre på senga der!

No har ikkje eg, med det eg har skrive her, sagt at May Valle ikkje er skarp, berre så det er sagt. Til det veit eg for lite om ho....... Det eg "sa" var at akkurat i DENNE saka var ho ikkje den skarpaste kniven. Eg vil tru at mange er einige i det?! I alle fall er fylkesordføraren det.

Ellers vil eg no berre ønske alle saman ei god natt! :=)

Hasta luego!

Waiting for a sunny day.......

2 kommentarer:

  1. Hai jomfruen:)Da jeg skulle slå deg opp på nettet, skrev jeg "jomfru"-ha ha.Altså var navnet ditt Jomfru et par sekund:))
    SErberne skulle jo psyke ned nordmennene, det var det som var takktikken... De er jo spyk...!

    Hun som uttalte at Odd Eriksen hadde skrytt, var tøff, syns jeg.Hun er med på å ta et oppgjør med den utingen i politikken at menn sjekker rundt. Men det var sikkert ikke gøyt fordi når det gjaldt alle, ble jo alle damene ramma! Han er sikkert skyldig, trur ikke hun løy om dette! Hasta la vista :) Buena nochte :) Tove

    SvarSlett
  2. PS. Han mente nok suss og klem, ikke mer enn det sikkert. Menn har det med å legge tjukt på om de har lite å fare med-;) Ds. TB.

    SvarSlett