søndag 16. desember 2012

Ei uke til jul :=)

Det er tredje sundag i advent. Som alltid er det koseleg med levande lys og "fred og ro". Med to venninner på besøk, har minstemann ein super dag i kjellaren med wii-dansing og andre aktivitetar.
Småkakene går ned på høgkant og det er tydeleg at borna syns det er stor stas at det er julemånad.

Handball på tv er vel eit "must" i dag. Bronsefinalen er unnagjort, og no er det avspark..... hmm.......Det er vel ikkje lov til å sparke ballen?! Avkast vil vel vere eit betre ord. Måtte Noreg vinne!!!

Dro på chartertur - ble lurt av ferieflørten. Ja, til pass åt dei!! Overskrifta er henta frå vg-nett, men om eg ikkje hugsar heilt feil, var dette eit tema som pryda ei av hovudstadsavisene si framside i går. Berre at då stod det at det gjaldt eldre kvinner.

Eg lurar eigentleg på korleis det kan ha seg at eldre kvinner faktisk trur at dei plutseleg blir så attraktive berre dei kjem til eit nytt land. Om ein er over seksti og ein 25-åring plutseleg kurtiserer deg...... Er det ikkje då grunn til å vri dei små grå litt og tenke at det mest sannsynleg må liggje ei anna årsak enn forelskelse bak??
Det er vel heilt normalt å låne bort 2-300 000 kr til ein ferieflørt?? Klart at ein får pengane attende?? Det er vel ingen som er så frekk at dei lurar nokon på den måten?? Ikkje i dagens samfunn!! Neida............
Ferieflørtar som varer høyrer vel til det sjeldne.

No i det siste er det heile sju eldre damer som har søkt om gjeldsofferhjelp. Dei har overført pengar over tid til menn dei har trudd at dei var kjæreste  med. (Kan ein liksom berre gå rundt å tru slikt?) Ho eine har faktisk overført så mykje som 1,6 millionar fordelt over fleire gonger.
Heilt normalt er det å seie at ein kjem snart, men treng først litt meir pengar.
Nei, ein skal i utgongspunktet vere forsiktig med ferieflørtar uansett karakter og er dei no 30 år yngre enn deg sjølv, så vil eg påstå at det er riktig så dristig å innleie eit forhold til dei! (Vel vitande om at det fins mange dyktige sjarmørar i syden-landa og at dei etter all sannsynlegheit veit kva dei skal seie for å få kvinna på kroken.........)

Julegavetips til kjæresten. Altså ei side som ikkje passar meg!
 Tvilar på at det er nokon som er interssert i å kjøpe ei øy til meg........... Det er ikkje måte på kva enkelte kjøper til den har hjartens kjær!! Jaja.......... Det er sikkert romantikk i fleng.

Kanskje eg skal kome med eit ønske?? Spørs kven eg skal rette ønske mot........... Eg trur eg ønsker meg månen!!

Jomfrua har problemer med å konsentrere seg om å skrive. Visse handballjenter sørger for ei slik spenning at det er umogleg å halde adrenalinet i sjakk. To minuttar att...........
Jaja, eg trur nok ikkje resultatet vil prege kvelden min noko særleg. Ikkje anna enn at eg sjølvsagt vil bli glad om Noreg tar sigeren. Det ser "skummelt" ut........ Thriller!!
Rett og slett heilt på grensa!!

Nei, ein slik dramatikk er ikkje sunt for hjartet til denne jomfrua. For å takle presset er det berre å slå av dataen og halde fokuset på ein einaste ting. (Spørs om ikkje prioriteringa burde vere motsatt - med tanke på hjartet).

Ha ein fortreffeleg kveld!!!
Hasta mañana!

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar