mandag 24. desember 2012

Fantastisk!!! Guten vibrerer av glede!! Mildt sagt...... Her er det snakk om å elske jula. Endeleg er all ventinga over. Endeleg er det jul!!

I går kveld sørga dei spente nervene for at han ikkje sovna før bortimot midnatt. Klokka halv tre på natta var det ein liten kar som stod ved sida av senga og "pikka" mora på skuldra. "Mamma, mamma, nissen har vorr her, for det e masse godta i strømpen!"
Gjett om det var ei som bekymra seg for at "julaften" skulle byrje er og då! Heldigvis kraup han berre opp i senga og la seg for å sove.

Ein halv time før eg hadde klokka på ringing (ja, eg må jo vere sikker på at eg skal skjønne at eg må stå opp) ringte ein telefon. Det tok ikkje meir enn eit sekund før minstemann stod i senga og ropte "Det er jul!!
Full fart ut i stova for å opne siste adventspakke. Julestrømpe og ein pakke som inneholdt noko han ønska seg. Lykke!!!
Det var ikkje vanskeleg å skjønne at i dag var det berre å la dyne vere dyne og smil og latter smittar, så det var ikkje vanskeleg å vere blid på morgonkvisten.

Så var det om å få kokt den der grauten då......... Nissen må jo ha mat! Litt graut til å setje på trappa må jo til, slik at nissen kan kjenne lukta og finne fram. Og nissen kom!! Det banka på nede på stovevindauget i kjellaren. Med propell i "ræva" sprang han ned trappa for å sjå at der stod nissen. Etter ei lita stund var plutseleg nissen borte. "Kor blei han av? Vi må skynt oss opp tell grøten!"
Det gjekk ikkje snart nok. Grauten var borte og istadenfor stod der ein sekk. Ein sekk med gåver frå nissen.........

Det var lov til å opne ein pakke, medan resten måtte under treet til i kveld. Han plukka ut ein pakke som kunne likne på noko han garantert ønska seg.
Pakken blei opna og guten byrja å vibrere. "Mamma, det er heilt sjukt!! Sjå ka æ har fått! Hurra!!" Dagen er redda (sjølv om det ikkje var noko å redde).
"Mamma, æ blir jo alltid glad for alt æ får, uansett ka det er, men det her va bære lekkert!"

Som sagt.......Ikkje vanskeleg å kome i stemning, her i huset, :=)

Klokka er straks fire, så eg ligg mest berre og ventar på at klokka skal bli halv fem. Det er då vi skal møte i kyrkja. Maten står på kok og det meste er godt i rute.
Herleg julemusikk står svakt på i bakgrunnen og det er rett og slett deileg å berre slappe av. Null stress!

I peisen er det komen ved og flammer. Det er ikkje kaldt i huset, men eg fekk berre så lyst til at vi skulle fyre litt i omnen. Det er så kosleg å "sjå på" flammene. Så no kjennest det veldig bra! :=)

Eg håper dåke alle har ein triveleg dag og at heile jula blir ei kjempefin "feiring".
Det er ikkje mange dagane att av året, så ein må berre nyte dei siste dagane så godt ein kan.

Ha ein kjempefin kveld!!
Hasta mañana! :=)

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar