mandag 1. april 2013

Det er mykje ein kan irritere seg over...... Akkurat no er det EG som gjer nett det. Irriterer meg! Av ingenting, sånn eigentleg.
Er det ikkje slik at dersom du ikkje kan få noko, så er det nett det du vil?
Eg ligg her på sofaen og vil ha brus. Og då meiner eg VIL HA!! Lite hjelper det då at all uopna brus står att på hytta.
Dette er faktisk dagen der eg rett og slett kunne ha funne på og køyrt nordover til nabokommunen berre for å kjøpe meg ei brus. DET er ille det.
Like ille som at det ikkje har vore eit alternativ pga vegstenginga.
Vegstenginga....... Det er 100% sikkert at det er nett den som gjer at eg har lyst på brus. Eg har lyst på brus av di eg ikkje har alternativ til å få det. Noko som sørger for at eg held på å gå på veggen her heime.
Brus som eigentleg ikkje er særleg godt i utgongspunktet. Så kvifor så stor lyst i dag?
Dette er dagen!

Det er fyr i peisen og rimeleg varmt i stova. Hadde det ikkje vore for at eg veit at det er fyra for hardt, kunne eg lett ha forveksla det med at eg er komen i overgongsalderen.
Gud betre....... Det ville ha vore ein tragedie for dei som er rundt meg! Viss det skulle vore like varmt som det er no heile tida, ja då trur eg kanskje eg kunne finne på å bli aggressiv.
Snø ute og likevel ein tragedie at ein i det minste må ha på seg ei tynn lita bukse i tilfelle det plutseleg skulle stå nokon her. Då er det varmt...... Eg har innført fyringsnekt!
Overgongsalderen kan eg få når eg har passert 70! Hahahaha..........

Blomstene dine blir vakrere om du begynner å forberede vårhagen nå. Hahahahaha....... Det her er jo verre enn strikking. Fin Schjøll har fleire artigtruser på seg enn det eg har i heile skapet mitt!!
Eg ser ut av vindauget oh konstanterer at det er lenge til vår og i same slengen ser eg til blomane for å sjekke om dei treng vann.
For eg er av den oppfatninga at eg kan sjå det herifrå.
Med tanke på at eg har hatt den eine heilt sidan eg fyllte tretti, skulle ein nesten tru at eg har grøne fingrar!! Hahahaha...... Det ser du. Det er ikkje berre han Finn Schjøll som har artigtruser på (sjølv om hans er større enn mine!!).

Joda, eg kjenner kallet til  å starte med vårhagen no. Eller..........Kanskje ikkje? Svaret gjer seg sjølv.
Ikkje har eg tenkt å ha drivhus i kjellaren, så viss det skal overleve nokre vårblomar her i huset.....
Eg har meir tru på "kjøp, vann dei, kast dei når du har tatt knekken på dei og kjøp nye"!  Det har i alle høve fungert til no. :=)

Her er skoene du vil ha denne våren.  Vårens fineste sko......... Joda, problemet er berre at dersom det er nokon som ser denne knetta i slike sko, ja då vil det bli berre flaut!! Rett og slett!!
Eg nektar å miste andletet mitt for eit par grusomme sko. For eg likar ikkje eit einaste par av dei.
Så står eg vel heller ikkje øverst på "vær fin med sko"-motepallen heller. (Håper eg aldri hamnar der....)

I natt kommer baksmellen...... Hahaha..... Ikkje for meg, men for ein av tre. Ganske høg prosent!
Lykkeleg er eg av di eg veit utfallet allereie. Eg fekk "utfallet" mitt i god tid før påske. Så ergo slepp eg å ha "nerver" i kveld og sove dårleg i frykt av at staten skal flå meg fordi eg ikkje har betalt det eg skal gjennom året.
Så spørs det kor mange som må ofre "sommarpengane" sine på å gjere opp for seg. (For enkelte er det jo snakk om svimlande summar).

Hahahaha.......Lykke!!!!! Eg har sutra så høgt om denne brusen som mangla. Så var det ein som kom på at eg kjøpte ei flaske Pepsi Max på ferga i går. Utan eit ord sneik han seg ut i bilen og vips så stod det ei halv flaske på bordet! Fantastisk!! Ååååååååå.......Ikkje så mykje, men nok til å få fred frå sutringa i alle fall!! Takk!!!
Kanskje eg skal prøve meg på popcorn også??

Det er visst årets 1.april og denne knetta har faktisk ikkje gått inn for å lure nokon som helst.
Det er nok ikkje like artig når datoen hamnar på ein dag der det ikkje er skule. Då kan ein ikkje leike skulesjef og narre dei ansatte.
I fjor var det skulerehabiliteringa som fekk fokus i brevet frå "kommunen". Enkelte blei riktig så arg på at kommunen fraskreiv seg alt ansvar for at ting tok tid. Hehehehe...........
Eit eller anna år tidlegare, rett etter at vi kom inn under samisk forvaltningsområde, var det enkelte som gjekk rett i baret og trudde vi skulle på tur i Sørfjordfjellet for å lære om samisk kultur og å lage samisk mat frå naturen. Overnatting i lavvo og greier.
Det var faktisk ein som blei så sint at han spurte kven det var som var så idiotisk at dei hadde bestemt at ein slik tur skulle legges til i juni. "Berre idiotar!!" Hhahaha..... Dei som styrer kommunen må jo for f..... skjønne at ein slik tur må legges til august. Snøsmeltinga ville jo ikkje vere ferdig innan vi skulle ut på tur. (Sein vinter med andre ord, det året).
Eller då avslaget på klassetur kom i 2003.
Som sagt....... Ikkje så kult med 1.april når det ikkje hamnar på ein fridag.
Eg kunne sjølvsagt ha slått av ein spøk her og sagt at eg er gravid med tvillingar og at oktober er månaden, eller noko sånt, men med ein sannsynlegheitsskala som går heilt ned til minus 14, så er det bortkasta!

Ikkje veit eg at eg har gått på nokon spøk i dag heller!! :=)

Nei, no får eg rett og slett hetetokter her eg ligg. Opp og hopp....... Eehh, kanskje ikkje.
Eg skal i alle fall drikke pepsi!!! Juhuu..... Små gleder. :)

Ha ein fantastisk fortsettelse på kvelden!! Hasta luego :=)

I´m so lost without you.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar