lørdag 27. april 2013

Nasjonalsymbolet...........

Det norske flagget.......... skaper diskusjonar så til dei grader i desse dagar. Kanskje naturleg, vil mange tenke, med tanke på at det straks er 17.mai-feiring rundt hjørne. Mange kaller dagen for bornas dag. Også mange av dei som skaper storm i desse dagar. Storm av di dei har lest ein artikkel som for det første er skriven av "nynazistar" (i alle fall er nettstaden den stammer frå forbunden med nynazisme). For det andre inneheld artikkelen store feil. Antakelegvis bevisste feil frå avsendarane, nettopp for å spre harme blant det norske folket.

"Eg er ikkje rasist, men......." er kanskje den setningen eg las oftast i går. Eg var nok ikkje så mykje på nettet i går, men dei gongane eg var innom og sjekka, såg eg nye innslag med det same innhaldet.
Nei...... Vi er kanskje ikkje rasistar, men kanskje vi har eit snev av trangsynskap?? Eg berre undrar......

Joda, nasjonalfølelsen er stor den hos dei fleste nordmenn, inkludert meg sjølv. Eg skal ikkje nekte for det. Fleire gonger opp gjennom tidene har eg tenkt at det fins ikkje finare flagg enn det norske.
På sjølve nasjonaldagen nyt eg å sjå at flagget vaiar i "vinden" og blir gjerne litt stolt. Det fine flagget som symboliserer det flotte landet vi bur i. Jo fleire flagg, jo flottare........

Vi veit "alle" kvifor nett denne dagen feires. Dagen som verkeleg bør bety noko for det norske folk. Dagen som peiker attende på kva forfedrane har gjort for oss som lev her i dag.
Difor er det også "sterkt" å sjå flagget overalt på ein slik dag.

Så kjem det som skapar stor diskusjonar i desse dagar. Det som får store deler av folket til å seie at dei ikkje er rasistiske og gjerne slenge på at dei er alt anna enn det og at rasisme er noko av det dei skyr mest.
Men.........kvifor seier dei at dei ikkje er rasistar? Kvifor føler dei at dei må seie at dei ikkje er det berre av di dei har ytra at dei er imot andre flagg her til lands på nasjonaldagen.
Vi har ytringsfridom så det monner, så på ein måte kan vi menine kva som helst utan at det har så stor betydning.
Det er jo noko som ikkje heilt stemmer når ein ytrer seg og i det same treng å rettferdiggjere det ein har sagt. Då må det jo vere av di dei skjønner at dette kan oppfattast som rasistisk og er redd for å bli sett på som ein rasist.
Sjølv trur eg at det er dei ferraste som er rasistar, men eg meiner at mange er ganske trangsynte.
Eg skjønner godt at dei ønsker å sjå flest mogleg norske flagg på nasjonaldagen og aller helst berre det.
Likevel, det er ein del moment som ikkje kjem med i diskusjonen. Og det er faktisk ein heil del vi ikkje tenker over når vi er så suverene og krever det vi gjer.
Eg seier vi, men strengt tatt er kanskje ikkje eg sjølv ein del av dette "viét", for eg er berre delvis einig i mykje av det som blir sagt.

Det som gjorde et store utslaget i går, var at ein nettstad skreiv at det er ein skule som har søkt om å få slippe å bruke det norske flagget på 17.mai. At det norske flagget ikkje skulle vere ein del av skuletoget deira.
Akkurat det kan eg skjønne at folk reagerer på. For det ville vore heilt feil, dersom det hadde vore tilfelle.
Det er berre så trasig at det ikkje medfører riktigheit. Eller.......Det er jo sjølvsagt bra at det ikkje medfører riktigheit, men det er trasig at det er blitt framstilt slik. For det er slett ikkje slik saka i utgongspunktet er.

No sit ikkje eg på all kunnskapen som gjeld denne saka, men eg har skjønna såpass at det er snakk om ein skule der det er ein stor andel minoritetar. Desse elevane skal alle saman bruke det norske flagget. Det er berre det at når dei skal lage eigne papirflagg til 17.mai, så har dei søkt om å få ha det norske flagget på eine sida og sitt eige flagg på baksida.
På den måten viser dei respekt for landet dei bur i, samtidig at dei får fram kor dei kjem ifrå.

Så kan ein jo ut frå ein "liten" ting som dette, skjønne at det kan føre til eit hav av kommentarar.
Min reaskjon på det heile kom som ein følge av at ein Frp-politikar offentleg gjekk og sa at dei siste nasjonaldagane hadde for ho vore øydelagde av di ho hadde sett andre flagg. Noko eg meiner er å trekke det litt langt.

Skal det vere slik at der forbode å bruke anna flagg? For det er jo prøvd å få det gjennom i Oslo, men Fabian Stang har stått i mot.....
Mange meiner altså at bornas dag skal vere ein dag der politiet er ute og leitar etter folk som bryt denne lova. Ein fredens dag som kan bli alt anna enn det.
Borna kan risikere å sjå ein av venene sine bli innblanda i ei slik sak. Kva gjer det med desse borna? Kanskje ikkje så viktig?
Kva med analfabetane? Det er mange av flyktningane og asylantane som er analfabetar. Dei kan knapt nok stave sitt eig namn.
Det er slett ikkje sikkert at dei vil skjønne eit slikt forbod. Eg ser for meg at dei kan bli rimeleg redd om politiet grip inn og gjer eit nummer ut av at dei har eit flagg i handa som tilfeldigvis ikkje har rett farge.
Med mindre det er slik at vi forventar at heile verda skal kjenne til historia vår?! Er det slik?? Forventar vi at alle veit at Noreg sin nasjonaldag er 17.mai og kvifor vi feirer den.

Sjølv har eg hatt med meg det norske flagget ved eit par høve til utlandet. Det har aldri vore eit menneske som har ytra negativt om det. Dei spør berre "Er du norsk?"

Kva om vi snur litt på flisa og tenker at dette er menneske som vil vise sin sympati med oss og vise at dei syns at Noreg er eit bra land?
Det er jo ikkje slik at alle invandrarane brukar eige flagg på 17.mai. Mange av dei bruker det norske av respekt for det norske folk. Det er ikkje eit stort problem at gatene fylles med andre flagg. Sjølv ikkje i Oslo. I alle høve ikkje når ein ser folketoget på tv. Det er då vitterleg det norske flagget det bugnar over av? Eller tar eg heilt feil. Kanskje augene mine ikkje er heilt på stasjon.

Joda, alle må få meine kva dei vil om temaet, heilt klart. Likevel, eg syns det er å gå vel langt om ein påstår at heile dagen er øydelagt pga det.
Kanskje er det faktisk slik at dei som brukar anna flagg ønsker å vise kor dei kjem ifrå og deltar i feiringa med nett det flagget for å vise at dei støttar det denne dagen står for.
Nasjonaldagen er meir for meg enn det eg kan sjå med mitt blotte auge.
Tenk berre på alle kvinnene rundt om i verda som blir undertrykte. Dei ser til Noreg og ønsker at dei kunne ha hatt same ytringsfridom og like rettigheiter som menna.
Det landet vårt har kjempa fram sidan Grunnlova blei underskriven, er ganske sikkert mange av verdas menneske rimeleg misunneleg på, spesielt med tanke på kvinnfolk.

Vi kan gjerne diskutere oss gul og blå på temaet flagg i forhold til nasjonaldagen. Kva då med alle dei nordmenna som gjer "blanke" i heile dagen?
Det er mange heilnorske som ikkje kan teksten til nasjonalsongen eingong. Kor flaut er ikkje det?
Kor flaut er det ikkje at veldig mange ikkje bryr seg om "alt hva fedrene har kjempet, mødrene har gret....".
I mange samfunnssamanhengar kjem det tydeleg fram at det ikkje er så nøye.

Joda, flagget er viktig,men det er jaggu meg alt det andre også!!
Det er greit å ligge i bakfylla, heile dagen, for det er berre ein "fridag" for mange.
Det er mange ting å sette fingrane i når det kjem til nasjonaldagen og nasjonalkjenslene våre. Det er berre det at det er lettast å angripe det som det blotte auget ser og gøyme seg bak det at ein ikkje er rasist.
Eg syns sjølv at det er det norske flagget som bør gjelde på nasjonaldagen, men min dag blir slett ikkje øydelagt om eg ser eit anna flott flagg ein eller annan stad. MEN må eg vere vitne til at politiet grip inn av di det lages ein lov (som dei prøver på) mot å ha anna flagg. DÅ vil dagen min bli øydelagt. Då vil eg kjenne at eg blir trist. Trist av di vi må vere så trangsynte at det skal vere nødvendig med slikt på ein feiringens dag. På bornas dag!! Dagen som skal stå for glede.
Eg håper eg aldri må vere vitne til det, eller sonen min for den del. Som born skal han få glede seg til 17.mai-feiring og ikkje bekymre seg om politiet kjem til å dukke opp for å stanse andre enn kriminelle handlingar. (Eg klarar ikkje heilt å sjå for meg at eit flagg skal vere kriminelt).

Vi er nordmenn, men vi er ikkje feilfrie. Innfør berre forbod mot andre flagg, men innfør i same slengen plikt til å lære songen, respekt for historia, stengde uteplassar kvelden før (slik at vi slepp å forhalde oss til "ekle" bakfulle).......Lista kan bli lang den......

Flagget er sjølve symbolet, men skal vi feire bør det vere meir enn eit flagg!

Ha ein fortsatt fin kveld!
Hasta mañana.

IWALY!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar