onsdag 10. april 2013

ADHD. Attention deficit hyperactivity disorder. Eit "begrep" vi byrjer å bli riktig så vane med no. Ein diagnose som stilles på mange born i dagens samfunn. Gjerne på litt viltre born.
Så kan ein spørre seg om alle dei som blir satt på medisin faktisk har fått rett diagnose, eller om dei faktisk aldri skulle ha hatt noko form for diagnose i det heile.

I Amerika har dei forska på nett dette. Kor realistisk er det når ein av fem ungdomar i vidaregåande skulealder har fått diagnosen ADHD?
Berre sidan 2007 er det ei aukning på heile 16%. Ergo vil eg tru at sjansen for at enkelte er feilmedisinert er rimeleg stor. Samtidig veit vi at personar som blir medisinert for ADHD og ikkje har det, lettare kan ende opp med misbruk og avhengigheit.
OG......Veit vi kor mykje av pillene som endar med at dei blir gjevne bort til vener og likande?
Ikkje veit eg.......

Noreg ligg etter USA, men likevel ikkje så veldig langt. Berre dei siste 10 åra har born med diagnosen auka med heile 53%. Viss ikkje det er eit høgt tal, ja då veit ikkje eg.
Vi har nett dei same tendensane her som dei har i USA. Ingen tvil om det!

På lang sikt kan det vere at medisinering ikkje var det som skulle til. Uroen bornet hadde i kroppen kunne kanskje kome av uroen i samfunnet rundt oss. Uroen i familien......... Det er mange faktorar som gjer seg gjeldande når det kjem til eit borns liv.

Sjølv om det er lett å anta at det er fleire som blir medisinert enn det faktiske antalet personar som har fått rett diagnose, så er det inga tvil om at dei som har det i stor grad verkeleg treng denne medisinen.
Det er jo viden kjent at born med ADHD har større sjanse for å utvikle følgevansker, depressivitet, angst og psykososiale problemar.
Langt frå alle gjer det, men statistikken viser sitt. Då er det supert at det fins medisin som kan forebygge nett dette. Kjempebra!

Det blir feil i det augeblikket diagnosen stilles på bakgrunn av symptomer. Skal ein stille ein slik diagnose, vil eg påstå - sjølv om eg ikkje er noko lege - at ein bør gjere grundige observasjonar av bornet og dets livshistorie. Då er sjansen for at ein treff rett litt større........

Det er mange born som kan vere i overkant aktive. Eg meiner fast bestemt at mange av desse borna ikkje treng noko diagnose. Dei treng utfoldelse! Få lov til å vere i aktivitet og ta seg heilt ut.
Skal far i huset ut og stable ved, ja så ta med gutungen (f.eks) og la han også få stable litt.
Legg til rette for at bornet kan få lov til å vere aktiv og så må heller bornet lære seg at enkelte stader er det nødvendig at "han" sit i ro og gjer det han blir bedt om.
Blir ettermiddagen til ein rastlaus unge brukt foran tv-skjermen, nintendoen, dataen......ja, you name it, då finn bornet garantert på enkelte sprell når han er ferdig med å spele. Han har ikkje fått ut energien sin  og då kan ein jo berre tenke seg følgene av det.

Det fins eksemplar på at born har "mista seg sjølv" pga medisinering. Ein gut eller ei jente som til vanleg er blid og kanskje litt uroleg............ Medisin..............blir sløv, stille, uttrykkslaus i andletet, gjer det han/ho skal, men er alt anna enn det bornet (som var essensen i akkurat det bornet) som det var før medisinen.

No er det viktig å påpeike at eg ikkje tar utgongspunkt i noko som helst form av eigne erfaringar ved eigen skule!! Det ville vere eit grovt overtramp........ Eg snakkar ut frå tidlegare erfaringar der foresatte til kjenningar har hatt meininger om dette. Andre, frå same yrket som eg, men frå heilt andre stader i landet, har lufta sine meiningar i frustrasjon over dette, gjerne for å høyre kva andre meiner og at dei ønsker tilbakemelding på kva dei bør gjere i forhold til slikt. Nett av di dei opplev å hamne i situasjonar der dei meiner dei har med born å gjere som aldri burde vere medisinert.
Fleire av dei har faktisk bedt om at det skulle tas med i det skriftlege at dei motsette seg at bornet burde medisinerast, kanskje av di dei er redd for at det seinare skal hamne noko på deira bord som gjer at dei må forsvare kvifor dei gjekk med på det. Eg veit ikkje.........

Det er eit følelseslada tema dette med ADHD. Det er mange som reagerer sterkt, både på godt og vondt, når det dukkar opp diskusjonar rundt denne diagnosen.
Diskuterer du med ein forelder som har eit born med ADHD, er det viktig at ein trår forsiktig. Ein må vere varsom med kva ein seier. Nett av di det er så følsomt for dei som lev midt oppi det.

Eg lurer på ein ting........ Eg antar at enkelte får biverknadar av medisinane?! Ikkje berre antar, men eg går sterkt ut ifrå nett det.
Viss dei gjer med borna som dei gjer med dei eldre her til lands, betyr det at dei blir medisinert mot biverknandane også. Altså ADHD-medisin pluss medisin for dei biverknadane medisinen gjer.
Kanskje får dei nye diagnosar etter kvart som åra går og må medisinerast for et også.
Dette må då verkeleg vere grobunn for at borna til slutt kan ende opp som kronisk sjuke. (Kanskje ikkje allereie i bornealder, men seinare......)

Kva med borna sine tankar?
Vil alle born som tar medisin eigentleg ta den? Kvifor gjer dei det eigentleg?
Dei fleste borna som får diagnosen er veldig lydig og grei når det kjem til å ta denne medisinen sin. (Untak fins det vel alltids.....). Kven tar seg tida til å spørre kva bornet sjølv føler og vil?
Dei tar medisinen. Dei gjer det for samfunnet, skulen og foreldra si skuld. (Dei borna som eigentleg ikkje ønsker det).

ADHD er verkeleg eit vanskeleg tema og det er sikkert ikkje lett å vere forelder til eit born der du må vurdere om dei skal medisinerast eller ikkje. Eg reknar med at dei fleste foreldre er skeptiske og eigentleg ikkje ønsker at borna skal få i seg all medisinen. Likevel blir dei nøydd til å veie det opp mot det positive som medisinen fører med seg og dei positive følgene det kan kome til å ha for bornet.
Vi veit vel ingenting om nett dei følelsane som blir satt i sving før vi hamnar i situasjonen sjølv.

Det er lett å anta. Det er lett å vere betreviter. Eg trur det sit mange foreldre rundt om som kan seie mykje om temaet. På godt og vondt. Dei har verkelege erfaringar å vise til. Primærinformasjonen!

Eg håper eg har klart å la vere å skrive noko som eventuelle foreldre til born med ADHD vil føle seg provosert av. Det er i så fall ikkje meininga.
Hovudmålet mitt er vel eigentleg å få fram at det fins born med rett diagnose og som verkeleg treng den hjelpa medisinen kan gje dei. Likevel ser vi at det motsatte fins også. Konsekvensane for dei borna er like viktige.......... Alle borna er ulike individ, men alle er like viktige.
Det er viktig at eit samfunn ikkje hiv seg med på ei bølgje.........

Eg føler det er blitt litt meir fokus på feilmedisinering i det siste. Difor håper og trur eg at vi vil sjå ei betring på det området.
Bornet i fokus!!

Hasta mañana! =)

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar