tirsdag 2. april 2013

Kva er greit å publisere på Facebook og i kva grad har vi rett til å meine noko om det som blir publisert? 
Den siste tida har det fleire stader vore fokus på kva som er greit å publisere på sosiale media som blant anna Facebook og sjølvsagt då også kva som ikkje er greit å publisere. I tillegg er det slik at dei fleste har ei eller anna meining om det andre publiserer. På godt og vondt.

Eg skal vere den første til å innrømme at eg har "kritisert" enkelte ting som er publisert. Eg, på lik linje med mange andre. Eg er ganske sikker på at det gjeld majoriteten av folkemassen.
Så spørs det kva eg har kritisert.
Eg veit ikkje om eg eigentleg vil bruke ordet kritisert, men eg har i alle fall tenkt mitt.
Det gjeld som regel statusar som viser kva ein et til dei ulike måltida. Kvifor? Jo, for eg heng eg opp i at ein til eikvar tid må oppdatere kva ein har putta i seg.
Då meier eg ikkje om ein har hatt eit betre måltid og vil dele det med andre. Eg snakkar om at det oppdateres at no er frukosten inntatt, lunsjen, middagen og kveldsen. Samtlege måltid kjem med. Og så tenker eg at har dei ikkje betre ting å gjere enn å oppdatere statusen 40 gonger for dagen?
Så kjem hovudspørsmålet......... Kva rett har eg å meine noko spesielt om nett det? Kva har eg med kva andre vel å gjere? Svaret seier seg sjølv.... Eg har rett til å meine kva eg vil. Det er ingen som kan ta meg for det. Likevel, ein bør kanskje ikkje kommentere det "høgt". Halde tankane sine for seg sjølv. Aller helst ikkje kaste bort energien på å tenke negativt om slikt.

Poenget er jo, som blant anna Christine Otterstad påstår, at det er DU som bestemmer kva som er bra for DEG. Vi er alle ulike som menneske og vi har alle ulike behov. Så det beste er å kome ned frå sin høge hest og ikkje bry seg om kva andre vel å dele. Det som er interessant for meg, treng slett ikkje vere interessant for andre.
Det handlar om å vere raus på andre sine vegne!

Facebook bugnar jo over av gullkorn. Titt og ofte dukker det opp herlege setningar. Andre dager står det ting som gjer at du får innblikk i veners kvardag. Enkelte kvardagsgløtt som betyr noko der og då i det sekundet det blir posta.
Lite veit vi om kva den reelle kvardagen til desse menneska eigetleg er. Lite veit vi om kvifor dei vel å dele akkurat det dei gjer med oss.......

Facebook er blitt noko som kanskje kan sjåast på som den mest naturlege delen av kvardagen til mange.
Dei som klagar mest, er gjerne dei som bidrar minst....... Deler minst. Kanskje ikkje så rart?!
Å vere på Facebook er høgst frivillig. Det er ingen som tvinger deg til å vere der. Liker du ikkje å lese andre sine statusar, så er det ikkje påtvungen å vere der. Det er berre å la vere.
Det er ikkje lenge sidan eg skreiv litt om han Jante her inne. Om eg ikkje tar heilt feil, er det berre ein liten månad sidan.
Dette med Facebook er med på å gje Jante meir "styrke". Difor trur eg vi alle bør bli flinkare med å hindre at han slepp til. Jante har ingenting på Facebook å gjere. Ingen andre stader hell for den saks skuld...........Det blir kva vi sjølv gjer det til.

Eg deler ikkje alle måltida mine på Facebook. Likevel gjer det meg ikkje rett å "diskriminere" andre av di dei gjer det.
Berre så det er sagt...... Måltida er berre EITT av mange eksempel. Det var berre så lett å bruke akkurat det i denne samanhengen.

But, but....... Det er likevel enkelte ting ein bør vere varsom med. Då tenker eg av årsaker som betyr noko. Kanskje ikkje akkurat der og då, men seinare. Ting som kan få konsekvensar for framtida, eller ting som berre blir flaut om nokre år.
Eksempel på det er festbilete. Unge som legg ut masse bilete der dei sit med øl og andre alkoholvarer i hendene.
Arbeidsgjevaren som googlar deg, syns kanskje ikkje det er så kult å finne masse slike bilete av deg. Det kan faktisk vere avgjerande for om du får jobben eller ikkje. Det påverker inntrykket av deg.
Lettkleddbilete.......... Dei kan såvisst bli misbrukt!
Nakenbilete av dei småborna! Kor herleg ser det ikkje ut med ein flott unge som spring naken på ei lang og herleg sandstrand? Motivet kan vere råflott, men er likevel grobunn for andre ting.
Dessutan er det ikkje sikkert at bornet, som etterkvart blir 15 år, syns det er så kult at det ligg eit nakenbilete av seg sjølv på nettet.
Ellers blir ein råda til å ikkje legge ut bileter av born som er lei seg og skrik. Der og då er det berre søtt, men seinare.............
Og så har ein alle dei kommentarane om sure og tverre born. Dei som klagar på kor lite dei får gjort pga borna som er så viltre og ulydige.
Det er greit nok å kommentere det ein gong i ei naturleg setting, men ikkje klage på borna sine offentleg.
Kva vil borna tenke når dei blir eldre og kanskje kjem over desse kommentarane? Vil dei tenke at "oi, var eg eit så vanskeleg born?" "Var det berre ille med meg då eg var unge?" Osv osv.... Kven veit korleis ein tenåring vil reagere på å lese desse negative kommentarane om seg sjølv som born?

Eg trur ikkje at mange skriv slikt for å vere ekkel. Dei berre lar vere å tenke over konsekvensane.
Eg har sjølv bilete av sonen min inne her på bloggen. Også på Facebook. Eg vel å tru at det er bilete som er rimeleg "safe" å bruke. Dessutan spør eg alltid han sjølv om eg kan publisere det. Så han er klar over at andre kan sjå det. Så spørs det når han blir eldre........... Eg syns likevel det er greit at han får betsemme det sjølv. På lik linje med andre. Andre.....
Dei fleste veit at det ikkje er lov til å publisere bileter av andre utan samtykke. Åndsverklova er klar på akkurat det og det er straffbart. Likevel er det eit stort antal menneske som ikkje bryr seg om nett det.
Viss andre skal legge ut bilete av sonen min, er dei forplikta til å spørre meg om det er greit. Det er faktisk min fulle rett som foresatt å nekte andre å bruke bilete av han (eller seie ja).
Difor er eg sjølv veldig forsiktig med å legge ut bilete av andre. Eg spør først.......

Det er mange meininger om temaet eg tar opp og meiningane sprike i alle retningar. Ikkje alle er like konstruktive.
Eg veit berre at eg sjølv skal bli flinkare til å ikkje irritere meg over andre sine statusar. Vi har alle noko å lære.......

Greys byrjer, så det betyr at det ikkje er meir tid til dette!

Hasta mañana. :=)

IWALY!!


2 kommentarer:

  1. Torunn Michaelsen4. april 2013 kl. 19:32

    Du har heilt rett i det du skriv. Eg har tenkt akkurat det same som du - spesielt dette med kva folk et. Det er jo ikkje akkurat saa veldig interessant.
    Elles pröver eg aa vera objektiv og ikkje for personleg, og eg tenkjer over kva eg skriv!!
    Eg likar godt aa lesa bloggane dine og ogsaa aa skriva paa nynorsk!!
    Torunn

    SvarSlett