lørdag 6. april 2013

Det har vore arrangert skirenn i dag og minstemann har sjølvsagt deltatt på det. Det var jo eit alternativ i det å dra på hytta, men det ville vore eit grovt overtramp mot han. Det er ikkje ofte det er skirenn, så då er det berre å prioritere. 
Her er han på tur oppover bakken og klar for kilometeren sin. 

Det er ikkje vanskeleg å sjå på biletet at det er sol. Om ein tittar ekstra nøye, ser ein at det er blått øverst i midten. Altså eit praktfullt vèr!! 

Denne knetta vakna tidleg i dag og det var direkte lykke å sjå ut av vindauget. Dyna tapte så til dei grader. Kroppen blei levande berre ved tanken på å tilbringe ein så herleg dag ute.

Ein slik dag kan rett og slett ikkje utnyttast til noko anna enn skigåing. Med så mykje snø og sol, er det berre om å kome seg i høgden så andletet får litt farge. 
Åleine tusla eg meg oppover mot skihytta. Ikkje eit vindpust i sikte. 
I sekken låg ekstra klede (inkludert lue - min favoritt - hahaha......) i tilfelle det skulle bli kaldare enn eg hadde kledd meg for. 
Akkurat der tok eg grundig feil. Det blei så varmt at eg vurderte å kle av meg litt, men heldigvis hadde eg vit til å la vere. Ein skal vel aller helst vere forsiktig med slikt. 

Litt mat og god samtale med andre skigåarar på skihytteverandaen gjorde susen og sjølvsagt måtte mobilen arbeide litt også der. Resultatet av det er biletet under!





Havet så stille, eit nydeleg syn! Fabrikkpipene som stikk opp bakom åsen............ Industribygda Kjøpsvik som eg er så glad i.
Heller ikkje her var det antydning til vinddrag. Det var berre plass til herlege tankar blant mine små grå medan eg nytte denne utsikta. Kan ikkje kvar einaste dag vere slik?! Reine påskekjensla!
Ein annan gong bør eg så definitivt ta med lavvo eller telt. Tru kor fint det hadde vore utover kvelden med eit lite bål til å lyse opp litt og sjølvsagt avgje eit snev av varme.
Eller........varmen burde vel heller kome frå hud mot hud........men då må ein vere meir enn ein!!

Storbotnvannet. Heilt åleine ute i det fri. Ikkje ei sjel å sjå. Berre meg og den vakre naturen. Like før eg når opp på høgda. Høgda som gjer den fine utsikta ned mot Fuglfjorden..... Ein båt på tur ut av fjorden, anten etter ein liten fisketur eller rett og slett etter å hatt seg ein herleg laurdagstur på havet. Det er jo ikkje alle som svergar til snø og ski.......

Eg fekk tatt mange fine bilete der oppe, men eg har framleis ikkje fått lagt dei over på dataen. Så då får desse mobilbileta vere eit prov på det herlege vèret og fjellheimen i dag.

Turen ned var sjølvsagt eit kapittel for seg sjølv. Det er kanskje ikkje det smartaste ein gjer, det at ein vel å køyre ned med eit svært kamera rundt nakken. Det blei mest sånn der starvring nedover i djupsnøen der ein heile tida ba om at ein ikkje måtte falle.
Eg trur kanskje eg kan føye nedturen frå denne høgda og ned til hytta til i lista over ting som tar lang tid! Aldri før har det gått så sakte!
Heldigvis tok eg til vit etterkvart og fekk slegt den over i sekken og då blei livet plutseleg så mykje meir "easy"!!

No håper eg berre at vår herre har tenkt å velsigne oss med litt fleire slike dagar. Det er medisin for kropp og sjel.
Jomfrua slepp å tenke sitt om Bieber, kva andre et til alle måltida sine, kva dei får att på skatten eller ikkje og om Nord-Korea plutseleg finn på at no skal ting skje............ Ein slik dag avlar berre gode tankar. Eg vil tru det gjeld dei fleste. Sola brukar å ha den verknaden på oss menneske. Spesielt etter mørketida, sjølv om den ikkje blei så mørk denne sesongen.

Matt fløy seks kilometer med ballonger. Kult.... Det må også vere ei vitamininnsprøytning av dei store. Tenk kor fri ein føler seg høgt oppe i lufta. Det einaste som held deg oppe er ballongar.
Ikkje kvardagskost det at ein må sette sin lit til nokre ballongar, men nett den spenninga er jo med på å gje det lille ekstra adrenalinkicket og den ekstra vitamininnsprøytninga.........
Befriande.
Ikkje fritt for at denne knetta blir reint misunneleg. Kanskje ikkje så misunneleg at ho er galen nok til å gjere det same, men heller ikkje utenkeleg.

Use it or loose it. Eg trur eg skal la vere å kommentere kva det gjeld.
Eit lite hint kan vere at den er stila til menn!! (Og som regel veit VG kva dei pratar om, så ver på vakt!)

Behandler du skoene dine riktig? Tenk om den ansatte kunne spurt meg om det neste gong eg skal kjøpe nye sko. Då får eg meg ein god latter og med tanke på at ein god latter forlenger livet.........
Behandler du skoene dine........ Hahahaha..... Tja, eg behandler dei såpass bra at dei får besøk av tærne mine, sure eller ikkje, når eg har behov for det!
That´s it, liksom...... Det stoppar med det.
Med mindre at det tell positivt inn at dei står kvar for seg i ei skohylle...... :=)

Nei, det er laurdag og jomfru Knutsen skal entre sofaen om få strakser. Der skal ho ligge strak ut og ikkje gjere ein skit! Ikkje ein muskel skal få køyrt seg, med mindre det er leskende innhold som treng å bli inntatt.
Augene skal kvile på ein skjerm med forhåpentlegvis ein god film på. Etter ein slik dag er det vel ikkje mogleg at vår herre ikkje følger opp det han starta dagen med. Kan jo ikkje starte med eit smil og avslutte med å skape grinebiter.
Ha ein fortreffeleg fortsettelse på kvelden!!

Hasta mañana!

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar