fredag 19. april 2013

Dårleg humør!  Som regel er denne knetta i godt humør, men akkurat i dag har eg vore rimeleg arg. Arg på eit system som ikkje virker.

Av og til kan det hende at ein ønsker å kalle andre for idioter, men lar vere av di vanleg normal høflegheit tilseier at det gjer ein ikkje. Noko dei fleste burde ha lært.......
Likevel, det skjer ein sjeldan gong at ein faktisk har lyst til å rope høgt. Kalle enkelte for inkompetente....osv.

Så var det dette med systemet då. Systemet som ein føler at ikkje er i nærleiken av å virke.
Når ein er offentleg ansatt, er det liksom om å vere forsiktig med å kritisere arbeidsgjevaren sin. Då blir ein berre skulda for å dolke i ryggen.
Problemet er berre at når det gjeld det offentlege, som ein kommune berre for å ta eit døme, så er det snakk om veldig mange ansatte.
Skal då ein kommuneadministrasjon kunne "ture" på akkurat som den vil og så skal alle dei ansatte vere knebla?

Eg jobber ved ein skule. Viss eg som mor til ein elev går hardt ut imot kommuneleiinga, risikerer eg at eg blir skulda for å dolke i ryggen, sjølv om eg ytrar det som mor. For eg er jo framleis ansatt i den bedrifta.
Eller om eg hadde jobba ved sjukeheimen og hatt ein foresatt der og gått hardt ut imot kommunen av di den det gjeld ikkje får det han/ho har krav på ............. Snakke høyt om det.......Gå til av avisene med det......osv i det langtekkelege.
Er ikkje det litt urettmessig handsaming av menneske? Eg spør berre.

No er ikkje eg blitt skulda for noko som helst, men om eg offentleg hadde gått ut med alt som gjer meg arg i dag.....Ja, då hadde eg kanskje blitt det. Eg veit ikkje.........
For sanninga er at det er nett det eg vil, men lar vere av hensyn til arbeidsgjevar. Sjølv om eg er burde ha nett dei same rettigheitene som alle andre som ikkje er offentleg tilsatt i ein kommune.

At eg bringer det med å dolke i ryggen på bana, er av di eg veit at eit anna menneske, tidlegare eit år, blei skulda for det. Ergo er det lett å tenke at "Javel, då skjer vel det same med meg om eg snakkar høgt."
Ergo lar eg vere å bruke ord som idiot eller inkompetent. Berre for høflegheita si skuld.

Viss eg vil sette det litt på spissen, kan eg jo lage meg ei fiktiv sak. Rett og slett lage meg ei tenkt problemstilling, sånn berre for å få statuert eit poeng..........

La meg late som om eg er trønder og ansatt ved ein skule i Trøndelag (noko alle veit at jomfru Knutsen ikkje er).
Akkurat i den trønderkommunen finn dei ut at dei skal legge ned ei vaktmeisterstilling. For det er vel ikkje nødvendig at ein skule treng ein vaktmeister? (Det skjønner vel alle....)
Ein vaktmeister har sikkert ikkje så mange oppgåver at det gjer noko, så difor finn denne trønderkommunen ut at den tekniske avdelinga ved kommunen kan serve skulen også (med dei som allereie jobbar der).

Så går tida. Det er vinter. Metervise istappar heng ned langs taket langs over halvparten av skuleveggane. Eit halvt skuleområde må stengast av sikkerheit til borna. Kva om eit born DØYR av di ein tre meter lang istapp detter ned og plasserer seg midt i knollen på eit born???
Eg ser for meg VG si framside. "Dødsfall ved trønderskule. Kommunen ansvarleg."

Kanskje kan ein nekte skuleborna å gå bak skulen? Det er berre enkelt å passe på at ikkje ein eller anna gut (eller jente) ikkje snik seg dit det ikkje er lov når utevakta ser bort.
I tillegg går det an å låse alle dører som vender ut mot disse istappene. Ergo er det naturlig å si at denne skulen vel å gjere nett det. Sjølv om det er rømningsveg ved brann. (For det blir sikker ikkje brann, eller....?)

Ved denne trønderskulen er det også eit ventilasjonanlegg. La oss anta at det ikkje er nokon av dei denne kommunen brukar til å serve skulen som kan med dette anlegget. Då kan heller ingen av dei hjelpe til når klasseromma blir så varme at borna får konsentrasjonsproblemar, vondt i hovudet (som kanskje fører til auka hovudtablett-bruk). Akkurat dette skjer no. Skulen får dette problemet og ingen er der og hjelper.
Lærerne fortviler sjølvsagt av di dei må jobbe i denne varmen, dei veit ikkje kva dei skal gjere for å hjelpe borna mot dette.
Det einaste dei kan gjere er å opne vindaugene i håp om at det skal hjelpe, men er lite heldig med det.

Ved akkurat denne trønderskulen som "eg" jobbar for, er det eit eiga lærerbygg. I over ein månad ventar dei på å få normal luft å puste i når dei sit og planlegg skuledagane. For det er inga ventilasjonsanlegg i drift......... Arbeidsmiljølova seier sikkert noko om dette.

Trønderne er gode svømmarar. Nettopp av di dei har svømmebasseng i drift. Det gjeld sjølvsagt denne skulen også.
Så spørs det kor lenge dei kan ha dette bassenget opent. For kven er det som kan med styringa av bassenget? Kor mykje klor skal tilsettast? Kva skal ein eigentleg gjere i forhold til bassenget?
Kor lang tid vil det ta før HMS stenger bassenget av di ingen kan med det?
Då er det lett å sjå for seg at svømmeundervisninga vil utgå etterkvart og borna blir mindre svømmedyktige. (Sa eg at denne trønderskulen låg ganske nært havet?)

Ein dag har det snødd og mange vaksne og born går til skulen. Plutseleg ser eg ein mann som ligg der og kavar. Lenger bort nokre born.
Take it easy....... Det gjer vel ikkje noko? Det er jo berre litt snø oppå isen. Litt glatt, men det er berre å trø forsiktig, så går det meste bra. For vaktmeistaren dei brukte før, han tok seg av slikt, men kven er det no som har tid til det, liksom??

Når ein først prøver å lage ein "fiktiv" historie, så kan ein jo smøre på litt meir. Sånn berre for ordens skuld.
Læraren som må bruke ein halv time på å justere pultar i lasserommet. Elevane veks så fort.... Jaja, ein umbrakonøkkel eller anna nødvendig utstyr og innsikt ligg vel i arbeidsinnstruksen, eller?

Denne skulen har sjølvsagt papirdunkar. Ikkje berre ein (noko som seier seg sjølv - det er jo ein skule!!!), men veldig mange plassert utover på ulike stader.
I denne trønderkommunen meiner dei at å køyre ut desse dunkane som er fulle av papir, ja DET må vel lærarane kunne gjere. Det tar jo ikkje akkurat sååååå lang tid å ta dei ut. Ein lærar kan jo ta dei to som står her, ein annan dei to som står der, ein tredje kan ta dei som står i neste etasje osv.....osv...... Det er berre å følgje med på tømmekalendaren og vips så er det problemet løyst.
For ein lærarinnstruks kan sikkert endrast på etterkvart.

Dei som jobbar ved skulen kan ta ansvaret for å låse alt av dører rundt heile bygget, for det er ikkje så langt rundt. Berre litt i underkant av ein kilometer med bygg. Ikkje så mykje......... Og alle lærarane hugsar heile tida på å lukke alt av vindauge som har stått oppe pga av varmen.

Her eg sit ved dataen no, tenker eg at det er eit par, tre, fire, fem............saker til eg kunne tenke meg å plusse på. Eg gidd ikkje av di eg heller vil stappe i meg ein god biff enn å lage ei lengre liste her.

Det flotte med denne trønderkommunen er at dei har skjønna at denne skulen ikkje treng noko vaktmeister. Nesjda..... Pengar er viktigare enn både LIV, arbeidsmiljø, helse, osv, osv........

Veit du kva?? Tenk kor glad eg er for at denne historien er fiktiv. Tenk kor glad eg er for at eg ikkje jobbar ved denne skulen og i ein kommune som prioriterer slik. For her er dei berre ansvarsfulle! Eg kan vere trygg på at sonen min har dei beste arbeidsforholda rundt seg.
At han har klaga litt på hovudverk og slikt, kjem sikkert av at han er litt for mykje ute i frisk luft og leikar på ettermiddagen.

Så spørs det kven eg var arg på som eg skreiv i byrjinga...... Eg tenker eg lar vere å avsløre det.
Om det er kommunen eg arbeider for, så lar eg i alle fall vere å seie kva det gjeld, for eg vil då vel ikkje dolke nokon i ryggen . Hverken som MOR eller ansatt.

1 kommentar:

  1. Kjenner jeg blir sint av å lese dette, for det er jo slik og det er dårlig at lærerne skal lesses på med den ene oppgaven etter den andre. Deres tid er liksom ikke verdt noe, for de kan jo bare ta igjen på "fritida" det de ikke rakk på jobb fordi de måtte tømme søplet, sjekke dører, ta ned is, eller skifte lyspærer i tillegg til det instruksen deres sier. Jeg lurer på om dette også skjer på kommunehuset? Må de ansatte der tømme søplet, og gjøre jobben som vaktmesteren skal gjøre for å kvitte seg med den stillinga? Jeg tenker også fra et annet hold. Vi har en del folk som har utdannelse som passer akkurat for en vaktmester. Det er bra å ha folk i jobb og ha arbeidsplasser i en kommune. Det skaper verdier fordi da har flere råd til å bo på stedet og må ikke flytte, og alle tjener på det. Det er snakk om store summer pr.hode. Hvorfor er står det så dårlig til i dette landet at vi må avsette så mange som mulig? Det burde heller vært som under depresjonen:det handla om å få folk i arbeid, for da gikk forbruksspiralen oppover og alt blei bedre. En kan bli bekymra fordi utviklinga ikke går framover, tross velstand i landet. Og hvem kan en skylde på? For det er vel de høyest oppe i systemet som til syvende og sist sitter med alt ansvar for elendigheta? Jeg er lei for at du føler sånn frustrasjon for dette og jeg er lei for alle andre som føler frustrasjon. Kan vi bare få en endring!!! Ha en flott lørdag, klem fra HB ;)

    SvarSlett