mandag 8. april 2013

Galskap??

Fastsatte reglar og uskrivne reglar. No er det eingong slik at vi lev i eit samfunn som er proppa full av reglar, både på godt og vondt. Mange av reglane er heilt greie og nødvendige, medan andre att er reglar som skaper full debatt. reglar der enkelte stiller seg eitt hundre prosent bak regelen samtidig som andre raser over at regelen i det heile tatt fins.
Slik er det og slik kjem det alltid til å vere.

Som personar er vi svært ulike og kva vi interesserer oss for er nok med på å forme oss som menneske.
Likevel, sjølv om vi ikkje alltid har dei same meiningane og dei same interessene, er det viktig at ein viser respekt for andre. At ein ikkje berre overkøyrer andre med det ein sjølv vil og gjer katta i kva følgjene for andre blir.

At det fins trafikkreglar, er det neppe nokon som seier noko på. Ei heller på at det er straffbart å ta livet av andre. At det fins reglar for korleis eit valg skal gjennomførast for at det skal vere mest mogleg demokrati, sjølv om det berre er indirekte.

Det er ei årsak til at vi har eit levedyktig samfunn. For at vi skal ha eit levedyktig samfunn, treng vi eit bærekraftig samfunn og då må vi ha reglar som til ein viss grad kan vere med på å styre dette. Vi må ha reglar slik at vi kan bli beskytta mot ytre fiendar. Vi treng politi og rettsvesen.

Dette er logisk for dei fleste. Det er ikkje vanskeleg å skjønne at det treng å vere slik.
MEN, så kjem eg til sakas kjerne. For som eg skreiv i første setning.......Reglar og uskrivne reglar.
Det er desse uskrivne reglane som ofte ikkje blir fulgt opp. Enkelte av di dei ikkje bryr seg og andre att rett og slett av di dei er uvitande til at det dei gjer faktisk ikkje er bra.

Eg kunne ramse opp ei heil side med slike saker! Likevel, eg har kun tenkt å nemne EI!
Ei sak som faktisk er regulert av reglar, men som skaper stor harme blant dei som har det som interesse og ikkje er einig i reglane som gjeld.
Saka gjeld scooterkøyring.
Det er faktisk slik at det ikkje er lov til å køyre snøscooter overalt. Det fins reglar, også uskrivne.
Likevel er det mange av dei som likar å køyre scooter som ikkje bryr seg om kva andre måtte meine eller om det fins reglar for det. Har dei lyst å køyre, så køyrer dei.
Noko som har skapt eindel diskusjonar og direkte kranglar. Kranglar som har sett både venskap og naboskap på prøve.

Det speler inga rolle om ein er ueinig i ein regel. Er regelen der, er det berre å innfinne seg i det. Dei same personane som bryt scooterreglane, er gjerne dei som ropar høgast i andre saker der dei faktisk er eininge i dei reglane som gjeld.
Det er berre at moralen møter seg sjølv i døra. For kven er det som kan bestemme kva saker som skal gjere seg gjeldande når det kjem til reglar? Arrogansen lenge leve.

I helga har eg vore to gonger på ski i fjellet. Her er mykje natur rundt oss, men på denne sida er det faktisk slik at det ikkje er så mange områder som egner seg til å legge ut på ski i. Det er på ein måte traseet opp mot skihytta og vidare oppover som gjer seg gjeldande.

No skal ikkje eg påberope meg det at eg veit med sikkerheit kva scooterreglane i det området er. Då tenker eg ikkje på scooterbruken til idrettslaget, for det er meint som ei hjelp til oss turgåarar. Dei køyrer opp løyper til oss i organisert form.
Det er den private bruken eg tenker på! Folk som køyrer som galne og øydelegger for oss som ønsker å bruke naturområdet til blant anna å stå på ski.

I løpet av helga og no etter helga også, er det komen mange reaksjoner på at det er køyrt med scooter, blant anna innerst i huken på Storbotnvannet og oppover fjellsida der.
Det er rett og slett nokon som har leika tulling med scooter der. Det ser ikkje ut. Farleg er det også, med tanke på ras (sjølv om det akkurat no ikkje er for mykje snø der inne).
Eg tok ikkje bilete av det, men det skulle eg gjort, så kunne eg lagt det ut her så folk fatisk får sjå galskapen.

No veit ikkje eg kva regelen seier om dette, men eg er ganske sikker på at det fins ein uskriven regel som seier at dette gjer ein ikkje.
Storbotnvannet er drikkevannet vårt! Kva om det oppstår ein lekkasje på scooteren og det kjem olje eller liknande og legg seg på snøen som etterkvart smeltar.

Det er sikkert fleire som syns at det er heilt greit at nokon leiker seg tulling på scooter der oppe, at dei ikkje heilt ser problemet. Eg tvilar at dei som faktisk brukar naturen syns det same. Dei fleste er vel berre rysta.
I alle fall er det nett det inntrykket eg sit att med etter å ha prata med andre turfolk som har observert det same som eg.

Ei typisk sak som vil skape diskusjonar.
Kven skal ein ta mest hensyn til? Stakkaren som har scooter og sjølvsagt må få lov til å få ut litt adrenalin ved å leike seg i turområdet til andre, eller tutgåaraene som er i høgste grad i fleirtall i forhold til scooterkøyrarar her?? That's the question.

Nei, eg måtta ha visst kven det er som viser så lite hensyn............ For vekommande burde verkeleg få beskjed.
Uskrivne reglar.............. Eg lurar no mest berre på om det ikkje faktisk fins ein regel for denne køyringa med tanke på at det er drikkevannet vårt!

1 kommentar:

  1. Thanks for sharing, nice post! Post really provice useful information!

    FadoExpress là một trong những top công ty chuyển phát nhanh quốc tế hàng đầu chuyên vận chuyển, chuyển phát nhanh siêu tốc đi khắp thế giới, nổi bật là dịch vụ gửi hàng đi nhậtgửi hàng đi pháp và dịch vụ chuyển phát nhanh đi hàn quốc uy tín, giá rẻ

    SvarSlett