tirsdag 8. november 2011

Tysdag:=)

Så var tysdagen over for denne uka. Eg hadde planar om ei litt anna avslutning på kvelden, men det er ikkje alltid ein bør gjere berre det ein sjølv ønsker, og difor valgte eg å gjere noko anna enn det eg eigentleg ville. Det går heilt greit det også.... Ei god gjerning er vel ikkje å forakte.

Av ymse årsaker, går eg rundt i mi eiga lille lykkeverd for tida. Det er jo hyggeleg det........... Hahaha, hyggeleg. Fint ord! Hyggeleg.......hmm. Det er vel alt anna enn hygeleg. Ikkje motsatt, men betre.
Uffdå....det her blir jo berre tull. Eg trur eg avsluttar det før eg rotar meg heilt bort (i skrivinga). Jaja...

Fra støvsugerselger til styrtrik statsminister. Det kallar eg progresjon! Skandalens mann.... Vel, det er ikkje akkurat det eg tenker på når eg les overskrifta "Fra støvsugerselger........". Han har overlevd en rekke sex-skandaler og anklager om maktmisbruk. Men til slutt falt han for markedets mistillit til hans evne i å få Italia ut av et økonomisk uføre. Han kan vel ikkje for at han er ein grabukk?? Hehehe....
Folks evne til å tilgje er større enn kva ein trur. (Så lenge det ikkje går ut over dei direkte). Han er sikkert ein angrande syndar. Synd for han.....hans problem.

«Silvio Berlusconi. Smak på navnet: Er han en italiensk TV-sjarmør og smørsanger eller en klassisk latinsk forfører? En slu fotballboss, kanskje, eller en milanesisk multimilliardær, en omstridt mediemagnat og en skandalebefengt politiker? Svaret er ja.» Sjølv etter denne artikkelen blei han valgt til statsminister på nytt. Det viser at folk eigentleg ikkje bryr seg så mykje om kven han hamnar til sengs med. Nok om det.

Dommer ga spiller gult kort - ble banket opp.  Hmm...Det var ikkje snilt gjort. Ja, bankinga, altså. Det gule kortet veit eg ingenting om. Sjølvsgat måtte det vere i Italia. Da kampens dommer ga en Chooka-spiller gult kort, svarte medspillere, trenere og supportere med å dytte dommeren, ta det gule kortet og kaste det etter ham, før han ble slått og snublet i bakken. Trenere også? Dei må verkeleg ha vore ueinige...... Trengs det nokre kommentarar her??

Sånn eigentleg kunne eg ha sete her i det uendelege i kveld. Eg skal vere flink å la vere. Eg har hatt eit halv auge på Greys medan eg har skrive, og eg må innrømme at eg ikkje likar at seriar endar slik som det gjorde i kveld. Det betyr at eg er nødt å sjå neste episode. (Eg som eigentleg ikkje bryr meg så mykje om den der hersens tv'n.). Jaja......

Eg skal slutte av og (ikkje) gjere litt meir fornuftige ting. Så difor seier eg berre ha ei fin natt og sov godt.

Hasta luego:=)

I meant it when I said visit.....

MYSMMTYNGIDGN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar