tirsdag 15. november 2011

Tysdag 15.nov.

Han er Norges mest sexy mann. Jaha? Kva er det alle andre ser som ikkje eg ser?? Kanskje eg er blenda av andre ting?! Hehe..... Odd-Magnus Williamson er komiker i "Torsdag kveld fra Nydalen". Han var eigentleg imot "Mest sexy-kåringa" og så slår han til med å trone lista. Han poserer tydlegvis i bar overkropp i desemberutgåva av ELLE. Kanskje ein må investere i bladet så ein får sjå kva det er snakk om?! Sixpack, eller.....??
Noregs mest sexy? Tvilsamt.......

Vil forby fotballspillere å gamble. Tidligere toppspiller og trener Arne Erlandsen (52) mener at spillegalskapen blant fotballspillere er så utbredt at han anbefaler forbud mot spill i kontraktene. Tja, fotballspelarar er vel berre menneske dei som alle andre. Det er vel ikkje meir unaturleg at ein fotballspelar er speleavhengig enn at andre er det?! Å ha slike ting med i kontraktane, vil eg påstå er å gå litt langt. Det blir litt for mykje deltaljstyring av privatlivet. Då er det fleire andre yrkesgrupper som burde gjere det same. Berre den yrkessgruppa eg sjølv er i, for å nemne noko, ville ha vore sentral då.
Eg skjønner trenere/klubbeigarar er redde for at spelarane ikkje skal halde rett fokus under kampane om dei slit med spelegjeld. Fotball er ikkje lenger ein hobby. Det er blitt reine pengeindustrien........... Så sånn sett er det lett å forstå kvifor dei innfører det. Likevel, det kan vel ikkje vere lovleg å gardere seg mot slikt i ein kontrakt? Kven avgjer i såfall om det er spelegalskap eller ikkje? Betyr det at dei ikkje kan levere tipping osv? Kor går eigentleg grensa? Jaja, det blir uansett ikkje mitt problem. Ikkje kjenner eg nokre spelegalne fotballspelarar og ikkje er eg spelegal sjølv. Ergo blir det ikkje ei problemstilling eg på ta stilling til.
'
Vil forby unge menn å ha passasjerer. Unge mannlige sjåfører bør ha alkolås, fartssperre og forbud mot å kjøre med passasjerer. Det mener stortingsrepresentant i transportkomiteen, Susanne Bratli (Ap). Joda, eg skjønner at dei leitar etter måtar for å redusere ulykker osv osv...., men å slå alle unge gutar under ein og same kam? Det er vel ikkje rettferdig? Nei, no leites det på feile områder.
- Det vil si at man med det samme man får førerkortet ikke får kjøre med passasjerer, og heller ikke får kjøre når det er mørkt. Det er jo den type tiltak som eksperter og forskere mener vil fungere, sier hun. Hahahahaha.......Tenk på alle menna som heile tida seier "Kvinnfolk bak rattet!!" med ein sakastisk undertone. I denne saka er visst jentene det minste problemet! Thihi.....Gjett om eg skal gni det inn hos enkelte:=)

Courtney Love strippet på scena. Ja, då fekk vel publikum meir enn dei hadde betalt for?!! Det var sikkert ingen som klaga på det......Spesielt ikkje menna. Plutselig var den skandaleomsuste rockestjerna toppløs på scenen. Med brystene på utstilling fortsatte hun opptredenen. Eg trur ikkje eg er så interessert i å sjå brystene hennar at det gjer noko. Då er det heller ein annans kropp eg meir ville sett naken:=)

Det er tysdag og midt i november. Det nærmer seg advent og eg har ikkje så mykje som ofra årets adventkalender ein tanke......Ikkje før no. Kor har mine tankar vore, tru?? Jaja, det tar vel ikkje lange tida å ordne 24 pakkar?? Gjer det vel? Er det ikkje slik at ein arbeider best under press?? Ikkje det at det blir noko stress. Det er trass alt enno to uker att å få kontroll på det. :=)

No skal eg slappe litt av før eg skal bruke kvelden på øving. Ein fin tysdagskveld med andre ord. Ha ein fin kveld!!

Hasta pronto:=)

Hopelessly devoted to you.........















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar